Frå opplysning til kommunikasjon

I 50 år har Universitetet i Oslo drive med profesjonell formidling av aktivitetane sine. Det som begynte som Kontoret for opplysningsarbeid i 1962, er i dag blitt Kommunikasjonsavdelinga.  

FØRST UTE: Konsulent Unni B. Bjørge (t.h.) var den første medarbeidaren som blei tilsett av Brikt Jensen, då han blei utnemnt til sjef for Kontoret for opplysningsarbeid ved UiO i 1962. Til venstre sit konsulent Halldis S. Sandsdalen og røykjer på kontoret. (Fotohistorisk arkiv, MUV, UiO)

Foto: Fotohistorisk arkiv, MUV, UiO

Den aller første som blei sett til å leia Kontoret for opplysningsarbeid i 1962, var Brikt Jensen, seinare markert forlagsdirektør for Gyldendal. Han hadde bruk for ein medarbeidar og tilsette Unni B. Bjørge som sin kollega i Urbygningen i Oslo sentrum.  

– Eg var med som ein slags sekretær, seier Unni B. Bjørge, som var tilsett ved Universitetet i Oslo fram til 2005. Då hadde ho jobba der i 43 år. Og oppgåvene til Kontoret for opplysningsarbeid var å gjera resultata frå forskinga kjend for ålmenta. Internt gjekk informasjonen til dei tilsette gjennom publikasjonen ”Nytt frå Universitetet i Oslo”.

– Sende universitetslærarar ut i distrikta

– Den første hausten kom me ut med to utgåver, og seinare kom me ut med eitt nummer kvar fjortande dag. Eg hugsar at ei av dei andre hovudoppgåvene mine var å arrangera pedagogiske seminar i distrikta. Ansvaret mitt var å samla saman universitetslærarar og senda dei ut i distrikta, i samarbeid med Folkeuniversitetet og Folkeakademia. Dei blei sende mellom anna til Notodden, Bodø, Horten og Fredrikstad, hugsar ho. I 25 år på rad gav dei også ut UiOs årsmelding.

Årsbudsjett: 30 000

I 1964 stod den nye Administrasjonsbygningen ferdig på Blindern.

– Då flytta Brikt Jensen og eg inn i 8. etasje, og me fekk eit årsbudsjett på 30 000 kroner frå Kollegiet ved universitetsdirektør Olav M. Trovik, fortel Unni B. Bjørge. Eitt år seinare slutta Brikt Jensen for å bli forlagsdirektør for Gyldendal. I mellomtida hadde Unni Bjørge gjort ei oppgåve som ikkje lenger høyrer til kjerneoppgåvene ved ei kommunikasjonsavdeling.

– Ja, det var eg som reinskreiv doktoravhandlinga for Brikt Jensen på ei manuell skrivemaskin, avslører ho.

I den tida var også avisene interesserte i det som gjekk føre seg på Universitetet i Oslo.

 – Universitetet hadde ei fast spalte i Aftenposten. Den hadde namnet «Hva skjer ved UiO?» Då hadde eg nær kontakt med Aftenposten-journalisten Jenny Lippestad. – Det var ei svært morosam tid å vera i avdelinga då, synest Bjørge.

Dramatisk under studentdemonstrasjonane

Men den var slett ikkje utan dramatikk.

– Under studentdemonstrasjonane på Blindern i 1972 opplevde ein journalist i avdelinga å bli fråtatt kameraet sitt, medan filmen blei riven ut. Det skjedde då han var oppe i 10. etasje for å sjå korleis det gjekk med okkupasjonen av rektor sitt kontor. Då kom det ei studentvakt bort til han og  bad han bryskt om å slutta å fotografera, samtidig som han tok filmen ut av kameraet. Han fekk aldri filmen tilbake, hugsar ho.

Etter kvart blei fleire og fleire medarbeidarar tilsette i avdelinga, med oppgåver innanfor journalistikk og vaksenpedagogiske kurs og utgjeving av publikasjonar. I det nye fjernsynsmediet blei forskarane Otto Øgrim og Helmut Ormestad mediestjerner i programmet ”Fysikk frå roterommet”.

I 43 år jobba Unni Bjørge med informasjon ved UiO. – Eg begynte som ei ung kvinne på 23 år og slutta som ei 67-årig godt, vaksen dame. Det kom eit par fristande tilbod om andre jobbar undervegs, men eg valde sjølvsagt å halda fram i Avdeling for opplysningsvirksomhet som det heitte ei tid. Det eg likte best, var at det var mykje allsidig jobbing. Då eg begynte, blei eg først kalla for sekretær og seinare blei eg konsulent, seier ho.

Då ho takka for seg i 2005, hadde ho vore fast korrekturlesar for publikasjonane Apollon og Uniforum frå 1990 og 1986, men også for alle andre trykksaker frå Informasjonsavdelinga og nokre for universitetsleiinga. – Og så hadde eg ansvaret for å senda ut pressemeldingar om disputasar. Dei blei den gongen sende ut som vanleg post, legg ho til.

Frå papir til web

I dag er det seniorrådgjevar Margareth Bentsen som er veteranen i Kommunikasjonsavdelinga. Ho kom til avdelinga i 1989, og er dermed den einaste som er igjen av dei som begynte før tusenårsskiftet. – Den gongen eg begynte, blei det lagt stor vekt på redaksjonelt arbeid. Difor var eg med på å skriva artiklar til Uniforum og til Akademisk kvartal, som snart blei omdøypt til Apollon. For andre universitetstilsette som venta at me skulle hjelpa dei med å formidla informasjon ut til media, må me ha verka svært innoverretta, meiner ho.

Den store overgangen i arbeidet i den dåverande Informasjonsavdelinga, meiner ho skjedde på midten av 1990-talet, då utviklinga av UiO-weben starta.

– UiO var mellom dei første til å ta i bruk det mediet. Det er blitt fleire tilsette i Kommunikasjonsavdelinga som berre jobbar med weben og med sosiale medium. Det er svært viktig for Kommunikasjonsavdelinga, for det gjer det langt lettare enn før å koma i kontakt med omverda og med nærare 30 000 studentar og 7000 tilsette. For henne var det også ein viktig milestolpe i historia til avdelinga, då Helge Kjøllesdal overtok som informasjonsdirektør etter Hanne Dirdal i 1998. – Fram til då hadde ikkje avdelingsleiaren vår  vore ein del av leiargruppa til Universitetet i Oslo. Då Helge Kjøllesdal kom, fekk han straks same status som dei andre fagdirektørane. Dermed blei dette eit gjennomslag for arbeidet til Informasjonsavdelinga. Han arbeidde også for og fekk gjennomslag for å innføra Redaktørplakaten for Uniforum og Apollon.

Bentsen synest også arbeidet tidlegare kommunikasjonsdirektør Siv Nordrum starta med å satsa på samfunnskontakt og skilja Uniforum og Apollon ut som eigne einingar, har vore rett. – Det har heller aldri før vore så stor interesse for UiO i media som i dag. På ein enkelt dag kan eg telja 44 avisoppslag om universitetet.

Ynskjer betre internkommunikasjon

Det er likevel ikkje alt ho er nøgd med.

– Det er krevjande å formidla strategisk informasjon til dei tilsette og studentane og å koma i dialog med dei. I dei seinare åra har Kommunikasjonsavdelinga profesjonalisert den utoverretta kommunikasjonen. No er tida komen til internkommunikasjonen, synest Bentsen.

Arbeider med kommunikasjonsstrategiar

Sidan i fjor har Marina Tofting vore kommunikasjonsdirektør. Etter hennar meining skal  Kommunikasjonsavdelinga (KA) laga betre infrastruktur for forskingsformidling på UiO i tett samarbeid med kommunikasjonsmedarbeidarar på fakulteta.

– For oss er det viktig å sjå rektor Ole Petter Ottersen gjera det så bra som han gjer i media. KA arbeider meir og meir med å laga kommunikasjonsstrategiar for universitetsleiinga for å sikra at me arbeider for å oppfylla strategisk plan, understrekar ho. For tida er dei også opptekne av å få sett UiOs største framtidige byggjeprosjekt på dagsordenen. – No er me i ferd med å laga ein kommunikasjonsstrategi for det planlagde livsvitskapssenteret. Det er det største prosjektet for UiO og KA dei næraste åra. For rektoratet er det viktig at UiO er synleg, og det trur eg me klarer å få til, seier Tofting.

Rektor Ole Petter Ottersen nikkar og er hjartans einig. – Mange av dei oppgåvene som UiO har, krev den tilrettelegginga som Kommunikasjonsavdelinga kan gi oss. Det er ei viktig støtte for arbeidet til rektoratet. Og etter kvart som utdanningsnivået aukar i samfunnet, vil etterspurnaden etter forskingsresultat auka, og då vil det bli endå viktigare enn i dag å ha ei kommunikasjonsavdeling som kan leggja til rette for at det faglege blir formidla til samfunnet, konstaterer Ottersen.

 

SYNLEGGJER UiO: UiO-rektor Ole Petter Ottersen og kommunikasjonsdirektør Marina Tofting arbeider begge for å gjera UiO synleg i media. – 50-årsjublilanten Kommunikasjonsavdelinga gjer ein viktig jobb som tilretteleggjar for rektoratet, synest Ole Petter Ottersen. (Foto: Ola Sæther)

Tofting kvitterer for godorda frå UiO-rektoren med ei hyggeleg skildring av samarbeidet på toppen. – Det er morosamt å jobba med dette rektoratet, Det er fart og spenning heile tida, og eg har ikkje opplevd ein einaste keisam augneblink.

– Skal vera nærast mogleg forskinga

Rolla til Kommunikasjonsavdelinga har endra seg. – Me er opptatt av at kommunikasjonsmedarbeidarane er nærast mogleg forskinga. Universitetsstyret har gjennom prosjektet Internt handlingsrom (IHR) vedtatt nærleiksprinsippet for organiseringa av UiO. Og me ser heldigvis at fleire fakultet har tilsett eigne kommunikasjonsmedarbeidarar. Mange av dei er også svært flinke til å få mediemerksemd. Det er nok å trekkja fram Realfagsbiblioteket, som i fjor hadde fleire forelesingar i serien Global Citizen i nært samarbeid med Studieavdelinga og Kommunikasjonsavdelinga. Saman klarte me å trekkja masse folk til Blindern, seier Tofting. Ottersen har stor sans for slike arrangement.

– Under 200-årsjubileet hadde me idéfestivalar, og i fjor hadde me ein UiO-festival, og det skal me ha i år også. Dei har alle vore ein stor suksess, takka vere både informasjonsarbeidet og innsatsen til andre UiO-tilsette. Kommunikasjonsavdelinga spelar dessutan ei viktig rolle på eit heilt anna område.

 – Når det gjeld beredskapen på UiO, er me sterkt inne, for å bidra til godt kommunikasjonsarbeid i ein alvorleg situasjon,fortel Tofting. Også ho legg stor vekt på arbeidet med UiOs nettsider.

– UiO.no er vår viktigaste kanal, og det er blant anna gjennom nettet UiO får rekruttert nye studentar, og difor må me vera best mogleg der, slik at studentane søkjer seg til oss. Elles er eg særs nøgd med dei tilsette. Dei gjer ein svært god jobb.

 

– Kva vil du prioritera i tida framover?

– Mars-møtet i Universitetsstyret blir viktig for heile Sentraladministrasjonen. Då blir retninga staka ut for dei næraste åra. Elles ser eg at me har mange område som er svake, mellom anna internkommunikasjon, seier Tofting.

 

Sjefar i Kommunikasjonsavdelinga:

1962–65: Brikt Jensen

1965–82: Inger Lise Udjus

1982–85: Lise Houm

1986–1992/1994–1995: Tove Nilsen

1992–1994/1995–98: Hanne Dirdal

1998–2006: Helge Kjøllesdal

2006–2011: Siv Nordrum

2012–  : Marina Tofting

 

 

 

 

 

 

Emneord: Informasjonsavdelinga, IHR Av Martin Toft
Publisert 24. jan. 2013 16:23 - Sist endret 22. mars 2013 12:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere