Damer med stemmerett

Med ein stor festkonsert i Aulaen 5. januar markerte UiO 100 år med røysterett for kvinner. Både verbalt vidd, musikalske meisterstykke og stemmebruk sende stemninga i taket.

HISTORISK TILBAKEBLIKK: Kari Slaatsveen med det som skal vera eit foto av den fyrste kvinna som nytta røysteretten.

Foto: Alv Reidar Dale

ALLSONG FOR VÅR TIDS PIONERAR: Det blei ikkje berre ’på grensen til allsang’, men allsong av full hals.

Ingrid Bjørnov, Kari Slaatsveen og KORK, dirigert av Christian Eggen, gjorde konserten til ein sann svir for ein fullsett Aula. Dei to damene kan å underhalda, også om høgst seriøse saker – som stemmerett for kvinner, på ein passeleg morosam og meiningsfull måte, slagferdige og treffande i replikken. Denne gongen i eit så å seia saumlaust samspel med Kringkastingsorkesteret.

Fabelaktig

Den halvannan time lange festkonserten for tilsette ved UiO og familiar var krydra med historiske godbitar frå kampen for kvinners røysterett, og skjelmske skråblikk på både raudstrømper og meir blå føregangskvinner i kamp for likestilling og likeverd. Det heile framført med ein musikalitet og snert som var kvinneleg stemmerett verdig.

Og publikum gav tydeleg uttrykk for begeistring, dei klappa fram ekstranummer, og eit par stykke omtala konserten som fabelaktig og fantastisk.

HEIMESTRIKKA OG -HEKLA: Kvinner og menn kunne skrida inn og gå ut på ein raud løpar som kvinner landet rundt hadde laga kvar si bot av.

 

GAV ALT: Rett nok var Ingrid Bjørnov noko skral i songstemma, forkjøla som ho var, men ho gav alt.

 

 

Av Alv Reidar Dale
Publisert 7. jan. 2013 13:11 - Sist endra 7. jan. 2013 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere