Universitetsbiblioteket APPdaterer seg

Informatikkstudentar er i gang med å utvikla prototypar på mobile applikasjonar for Universitetsbiblioteket. Det er først og fremst Realfagsbiblioteket som får nytte av den første mobile applikasjonen som informatikkstudentane utviklar for UB.

PÅ APP: Fredrik Juel,  Line Nybakk Akerholt og Andrea Gasparini ser fram til å få UB på APP.

Foto: Ola Sæther

– Der vil det bli mogleg å leita fram eit kart over kvar ulike fysikkbøker er å finna i biblioteket, men det blir også tilgang til søketenesta BIBSYS og ein lokal variant av finnrom-tenesta, fortel førstekonsulent Fredrik Juell ved HumSam-biblioteket. Han er leiar for UB si prosjektgruppe for brukardriven innovasjon. Seniorrådgjevar Andrea Gasparini i Digitale tenester ved UB meiner at dette viser at biblioteket omstiller seg til nye tider. – Det er eit godt døme på at me tener på å lata studentane finna ut kva tenester dei ynskjer frå eit bibliotek, synest han.

– Har endra karakter

– Nettopp på grunn av digitaliseringa har biblioteket endra karakter, og det er ikkje så synleg for studentane som før. Men for at studentane skal kunna få best mogleg resultat på studia, må dei bruka dei ressursane som biblioteket kan tilby. For oss er det difor svært viktig å få studentane til å bruka biblioteket, seier Andrea Gasparini.

I kurset Interaksjonsdesign har tre prosjektgrupper vald biblioteket som case:
•    Bookworms: Bibliotek-app for søk og attfinning. (Jeongyun Choi, Lena Drevsjø, Mohammed Imitaz, Hilde Bakken Reistad, Therese Slang)
•    BibApp: App for å finna pensum raskt. (Jan Gustavsen, Jorun Børsting, Ingrid Arnesen, Julie Holmøy Martin Myhrstuen)
•    Minesweeper: Reservasjonssystem for grupperom med sosial funksjon. (Andreas Sætre, Evy Litovchenco, Martin Braaten Grina, Rebekka Castro, Siripong Jongsathitsathian)

I kurset Utvikling av mobile informasjonssystem har to prosjektgrupper vald biblioteket som case:
•    Biblioteket i lomma: Mobilitet og brukarvennlegheit - brukarundersøking. (Julie Holmøy, Agnethe Stensrud Heggelund, Rebekka Bjørneberg Castro, Rita Johnsen og Lena Lome Risvik)
•    Biblioteket ut av biblioteket: Bibliotek-app med bruk av NFC/RFID. (Espen Johnsson, Kristoffer Wang, Martin Braaten Grina)

– Svaret blei dermed å få informatikkstudentane til å finna ut kva tenester studentane ville ha frå biblioteket, seier prosjektleiar Fredrik Juell.

– Fem studentgrupper valde UB

UB har tidlegare samarbeidd med Alma Culén og Jo Herstad ved Institutt for Informatikk.

– Gjennom dei fekk me i gang eit samarbeid med kursa Interaksjonsdesign og Utvikling av mobile informasjonssystem, fortel Gasparini. Studentane vart presenterte for moglege prosjekt frå ulike verksemder, og fem av gruppene valde å jobba med biblioteket.

På eit halvt semester har dei kome ganske langt i å utvikla gode prototypar av mobile applikasjonar for Universitetsbiblioteket.

– Med litt vidareutvikling kan dei også koma til nytte for andre fagbibliotek, seier hovudbibliotekar Line Nybakk Akerholt. Juell trur også studentane synest dette er interessant.

– Når prosjekta er ferdige, kan dei bli engasjerte i å vidareutvikla dei appane dei har utvikla. Då kan dei tena litt ekstra pengar på det, seier Juell. UB har også søkt Nasjonalbiblioteket om pengar til å utvikla desse prosjekta vidare.  Akerholt synest dette er  viktige prosjekt.

– No vil me koma studentane litt meir under huda. For oss er det kjempebra å få vita meir om kva studentane ynskjer frå oss, seier ho.
 

– Målet er at den første mobil-appen skal vera klar i løpet av våren 2013, seier Gasparini og Juell.

Ei av gruppene, Bookworms, vann 26. november pris for det mest innovative og beste studentprosjektet av alle gruppene på kurset INF2260/INF4060 hausten 2012.
 

 

 

Emneord: Universitetsbiblioteket, Informatikk Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2012 16:11 - Sist endra 11. des. 2012 16:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere