UiO seier opp kontrakten med G4S

UiO avsluttar kontrakten med verdas største vaktselskap, G4S. Det stadfestar rektor Ole Petter Ottersen overfor Uniforum. Kontrakten vil dermed gå ut frå og med 1. juli 2013.

På tysdag demonstrerte Palestinakomiteen utanfor Lucy Smiths hus i protest mot av UiO kjøper vakttenester frå verdas største vaktselskap G4S. Tidlegare har også Studentparlamentet kravd at UiO seier opp avtalen med selskapet. Grunngjevinga er at selskapet mellom anna leverer utstyr og tenester til det israelske forsvaret og dermed bidrar til okkupasjonen av palestinske område på Vestbreidda.

I dag stadfestar rektor Ole Petter Ottersen at UiO vil seia opp avtalen med det dansk-britiske selskapet som, altså er verdas største vaktselskap og har ei omsetning på 60 milliardar kroner i året.

– Forhandla fram avslutning av avtalen

– Me har forhandla fram ei avslutning av avtalen med G4S. Avtalen gjekk opphaveleg fram til 1. mars 2013 og med høve til forlenging med eitt år til. Men no har me altså forhandla fram ei avslutning på avtalen fram til 1. juli 2013. Tida fram til då treng me for å utlysa konkurranse og inngå ein ny avtale for desse tenestene. UiO kan sjølvsagt ikkje vera utan vakttenester, seier UiO-rektoren.  

«Etiske krav i oversenstemmelse med menneskerettighetene»

Ole Petter Ottersen viser også til dei etiske retningslinjene som UiO ynskjer at dei selskapa universitetet inngår kontrakt med skal halda seg til. Der heiter det at "UiO ønsker på ingen måte å støtte selskaper som opererer i en etisk gråsone, og vi stiller selvfølgelig etiske krav til bedrifter og organisasjoner vi samhandler med. De etiske kravene er i overenstemmelse med menneskerettighetene. En slik vurdering skal reflektere UiOs verdigrunnlag. Vi er opptatt av vårt globale ansvar, og tar dette på alvor», står det.

Nye retningslinjer for innkjøp på høyring

Ottersen understrekar at denne haldninga skal reflektera alle avtalar som universitetet gjer.

– Dette vil seia at når me forhandlar fram avtalar, er miljømessige og etiske vurderingar ein del av prosessen. Denne typen vurderingar vil også vera viktige når avtalen med G4S går ut i mars 2013, og me skal gjennomføre ein ny konkurranse om vektartenester ved universitetet, seier Ole Petter Ottersen. Han peikar på at universitetsleiinga arbeider med å få desse etiske retningslinjene på plass.

– Universitetsdirektøren sender om kort tid forslag til nye retningslinjer for innkjøp ut på høyring. I dette dokumentet inngår krav om samfunnsansvar hos leverandørar som UiO nyttar, opplyser Ottersen.

Trekkjer seg ut frå Vestbreidda i 2015

– Det stemmer at me leverer og driftar tenester til ein politistasjon og eit fengsel på Vestbreidda. Dessutan leverer me og driftar tenester på nokre få kontrollpostar langs muren mellom Israel og Vestbreidda, seier Adam Mynott, som er direktør for mediekontakt i hovudkvarteret til G4S i Storbritannia. Han peikar på at selskapet etter ein gjennomgang av verksemda i Israel  i 2011, fann ut at dei ikkje ville halda fram med desse aktivitetane.

- Me bestemte oss for at desse kontraktane ikkje var i samsvar med våre etiske prinsipp, og me avgjorde difor at me skulle trekkja oss ut så fort som mogleg. Selskapet vil difor ha trekt seg heilt ut av av dei omtalte kontraktane i løpet av 2015, opplyser Mynott til Uniforum.  

(Oppdatert kl. 15.33)

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Etikk Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2012 10:21 - Sist endra 6. des. 2012 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere