– UiO burde aldri godkjent Fjordmans masteroppgåve

– Masteroppgåva til Fjordman, Peder Are Nøstvold Jensen, burde ikkje blitt godkjent av Universitetet i Oslo. Eg føler meg brydd, seier medieprofessor Tore Slaatta.

UNDRA MEG: – Eg undra meg over at ein som ikkje ville eller kunne bruka sakleg argumentasjon i den offentlege samtalen, hadde tatt ein mastergrad i samfunnsvitskap ved UiO, seier medieprofessor Tore Slaata, som har gått gjennom masteroppgåva til Peder Are Nøstvold Jensen, alias Fjordman.

Foto: Ola Sæther

I haust kom boka «22. juli. Forstå-forklare-forebygge» ut på Abstrakt forlag. Professor Tore Slaatta ved Institutt for medium og kommunikasjon var ein av dei som redaktør Svein Østerud hadde invitert til å skriva ein tekst. Resultatet blei artikkelen «Øyeblikk i skriftens historie».

Der kjem Tore Slaatta også inn på masteroppgåva til Fjordman, eller Peder Nøstvold Jensen, mannen mange hevdar er ideologen til massemordaren Ander Behring Breivik. Faktum er at Behring Breivik brukte mange av tekstane til Fjordman i den teksten han sjølv la ut på nettet etter bombeaksjonen mot Regjeringskvartalet og massedrapa på AUFs sommarleir på Utøya.  

Slaatta  arbeider mellom anna med digitalisering av bokmediet og utviklingstrekk innanfor forlagsbransjen, og han har brukt Pierre Bordieus teoriar om symbolmakt for å analysera mediemakt. Han synest Nøstvolds masteroppgåve ved UiO viser at danning er noko anna enn utdanning og at me burde stilla nokre enkle, grunnleggjande krav til dei som tek ei masteroppgåve ved UiO.

– Eg undra meg over at ein som ikkje ville eller kunne bruka sakleg argumentasjon i den offentlege samtalen, hadde tatt ein mastergrad i samfunnsvitskap ved Universitetet i Oslo. Difor har eg fått tak i mastergraden hans frå 2004 og gått gjennom den. Den handlar om blogging, noko som er interessant også fordi han er ein kjend bloggar i Europa mellom anna gjennom den ekstremistiske nettsida Gates of Vienna. Han er ein del av ei gruppe menneske som hevdar dei forsvarar den europeiske sivilisasjonen mot å bli fleirkulturelle samfunn, forklarar Slaatta. Nøstvold Jensen står fram som det intellektuelle alibiet.

– Og kva fann du ut?

– Oppgåva heiter «Blogging Iran – A case study of Iranian English Language Weblogs» og er levert inn ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur på UiO. Han ville skriva om iranske bloggarar og aktivitetane deira. Han siterer ein annan bloggar som hevdar det fanst over 60 000 bloggarar i Iran på den tida. Men, som han seier, det er ikkje mogleg å gjera så mykje på seks månader, og sidan han vedgår at han ikkje kan lesa persisk, hadde han tatt utgangspunkt i 20 bloggarar som skreiv på engelsk, halvparten av dei iranarar busette utanfor Iran. Det som er litt spesielt, er at det er via ein av desse bloggarane at han får tak i alt han treng for å skriva oppgåva. Det finst heller ingen metode, inga forståing av kva eit vitskapleg arbeid skal innehalda. Og det er ein såkalla European Master, der det er mogleg å bli ferdig med ein mastergrad på eitt år, fortel han. Krava til ei slik masteroppgåve er 60 sider over seks månader, som gir 30 studiepoeng, medan ei vanleg masteroppgåve er på 100 sider, gir 60 studiepoeng og tar eitt år.

– Men kva er det i oppgåva du reagerer på?

 – Kort sagt vil eg seia at han ikkje har fått med seg nokon akademiske verdiar og kunnskapar i masteroppgåva si. Han har ikkje formulert noka problemstilling eller presentert nokon teori eller metode for oppgåva. Det er berre omtale av noko, på eit enkelt og overflatisk vis, og den manglar fullstendig både truverd og verdi i oppbygging og metode. Som skriftmetode er det mykje «klipp og lim», og det har vore mogleg å skriva oppgåva utan å forlata stolen framfor PC-en. Etter mi meining viser oppgåva at det finst både snarvegar og omvegar i danningsprosjektet ved Universitetet i Oslo.  

– Kven må ta ansvaret for det?

– Eg er ikkje ute etter å klandra enkeltpersonar. Sjølv kan eg ha vore med på å godkjenna oppgåver som ikkje toler nærlesing i ettertid. Slikt skjer når krava ein skal stilla, ikkje er klare. Det er difor sjølve opplegget med ein avkorta master eg trur er feil, spesielt innanfor fagfelt som skal vera tverrfaglege, der det kanskje ikkje er heilt klart kva ein ynskjer studentane skal gjera, når dei er ferdige. I dette tilfellet trur eg både Bologna-avtalen og UiO i fellesskap må ta ansvaret.

– For å fremja studentutvekslinga i Europa, blei det sett minstekrav til ei masteroppgåve som braut med norske tradisjonar og krav. Det førte til at UiO, om det ville samarbeida med andre universitet, måtte stilla svakare krav enn det tidlegare hadde gjort. Berre på den måten kunne UiOs studietilbod koma med i ein European Master.  Kravet var at studentane måtte studera i minst to land, men mange av dei ynskte berre å gjera ferdig studiet på kortast mogleg tid, på eitt år. Heller ikkje opptakskrava var særleg klare i starten, verka det som, seier Slaata. Det norske studiet blei administrert av Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) ved SV-fakultetet, og det finst framleis.

– Oppgåva hans blei truleg også godkjend fordi det var ein av dei første gongene nokon hadde høyrt om blogging. Mange forelesarar visste knapt kva det gjekk ut på den gongen. Han fekk rett nok ein dyktig rettleiar, men studenten dukka aldri opp. Masteroppgåva hans blei levert  utan at rettleiaren hans hadde lese den. Sensorane har neppe visst dette, og heller fått vita at dei ikkje skulle vurdera oppgåva så strengt som ei vanleg masteroppgåve. 

– Kva konsekvensar bør UiO trekkja av det?

– Ein av lærdomane må vera at ingen studentar normalt burde få godkjent ei masteroppgåve utan at dei har møtt til rettleiing eller deltatt aktivt i undervisninga.

– Trur du at det finst masteroppgåver med sympatiar for venstresida som er like dårlege?

– Ja, det gjer det heilt sikkert. Det handlar ikkje om hans politiske standpunkt. Mange har nok kome altfor lett gjennom sensuren. Tenk gjennom kva situasjonen hadde vore, om UiO ikkje hadde gitt oppgåva til Fjordman eller Nøstvold Jensen bestått? Me er sjølve med på å undergrava respekten for det me held på med, konstaterer Tore Slaatta.

– Ikkje noko tidlaust meisterverk

Uniforum har konfrontert Peder Are Nøstvold Jensen alias Fjordman med den drepande kritikken medieprofessoren gir masteroppgåva hans.

– Tore Slaatta diskvalifiserer seg sjølv frå diskusjonen når han utan sakleg argumentasjon omtalar Gates of Vienna som ei "ekstremistisk nettside". Kvifor er det ekstremistisk å motsetja seg spreiing av sharialover i Europa? Slaatta avslører at han driv med politikk, ikkje vitskap, svarar Nøstvold Jensen i ein epost.

– Mi masteroppgåve er sikkert ikkje noko tidlaust meisterverk, noko eg heller aldri har hevda, men det er jo dei fleste slike oppgåver ikkje. Eg hadde i byrjinga noko langt meir omfattande i tankane, om internett og ein mogleg islamsk reformasjon, men skjønte etter kvart at materialet blei altfor omfattande, difor enda eg opp med ein litt amputert plan B som oppgåve. Eg planlegg å skriva om det opphavlege temaet i bokform i løpet av 2013. Det er betre enn ei akademisk oppgåve som støvar ned ein stad der nesten ingen les den, likevel, skriv Nøstvold Jensen. 

Han fekk forslag om kven som burde vera rettleiaren hans.

– Professor Thomas Hylland Eriksen blei nemnt som ein mogleg rettleiar på oppgåva mi, men eg ville ikkje ha han. Om professor Slaatta uroar seg for folk som undergrev respekten for universiteta, så treng han ikkje sjå lenger enn til personar som Hylland Eriksen, Kari Vogt, Bjørn Olav Utvik eller Henrik Thune. Dei og andre har spreidd rein svada i ei årrekkje og kalla dette for forsking, meiner Peder Are Nøstvold Jensen.

Uniforum har ikkje lykkast i koma i kontakt med TIK-senteret for at dei skal svara på  kritikken frå Tore Slaatta.

 

 

 

 

Emneord: Media, Forskning, Studentforhold, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2012 15:55 - Sist endret 12. des. 2012 16:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere