Spesialistutdanningane for tannlegar får meir pengar

Spesialistutdanningane for tannlegar får auka tilskotet med 8 millionar kroner i 2013. UiO vil dermed få like mykje utbetalt for kvar kandidat som Universitetet i Bergen, lovar Helse- og omsorgsdepartementet i eit brev til rektor Ole Petter Ottersen.

GLAD: – Dette er me svært nøgde med, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen etter at det er klart at UiO får utbetalt same sats for odontologikandidatar som UiB.

Foto: Ola Sæther

– Me er svært nøgde med at Helse- og omsorgsdepartementet vil utjamna skilnaden i satsane for støtte til kandidatane på odontologistudia i 2013. I år har dei vore 20 prosent høgare for kandidatar ved Universitetet i Bergen enn for kandidatar ved Universitetet i Oslo utan at det har lege føre eit grunnlag for at satsane var blitt utrekna på denne måten, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Han viser til at satsane for kandidatar på dei to odontologistudia i Oslo og Bergen har vore like tidlegare.

Truga med å leggja ned

Det var i februar 2011 rektorane Ole Petter Ottersen og Sigmund Grønmo ved universiteta i Oslo og Bergen truga med å leggja ned spesialistutdanningane i odontologi om ikkje Helse- og omsorgsdepartementet ville betra dei økonomiske rammevilkåra. Dei viste til at etter den siste auken i overføringane i 2011, ville kvar kandidat få eit tilskot på 240 000 kroner i året, medan dei reelle årlege utgiftene for kvar kandidat låg på mellom 840 000 og 910 000 kroner.

Aukar tilskotet i 2013

I det siste svarbrevet frå Helse- og omsorgsdepartementet går det fram at i 2012 fekk Universitetet i Oslo auka tilskotet til 450 000 kroner for kvar kandidat. Det er ein auke på 115 prosent i høve til 2009, då det årlege tilskotet var på 210 000 kroner per kandidat. I brevet understrekar ekspedisjonssjef  Peter Øgard at dette viser at det har vore ein kraftig auke i satsane dei siste åra. Han trekkjer fram at Universitetet i Oslo fekk eit tilskot på 16,8 millionar kroner til spesialistutdanninga av tannlegar i 2012. Ved å auka det totale tilskotet til spesialistutdanningane med 8 millionar kroner i 2013, vil det både auka tilskotet for kvar kandidat, men det vil også dekkja auka kostnader på grunn av at fleire kandidatar tar forkorta dobbelkompetanseutdanning og lønnstilskot til kandidatar under spesialistutdanning i pedodonti, altså tannlegebehandling av barn frå 0 til 18 år. Desse pengane kjem i tillegg til ei samla prisjustering på 3,2 prosent, understrekar ekspedisjonssjef  Peter Øgard i Helse- og omsorgsdepartementet.

«Ulogiske og uryddige»

Bakgrunnen for svaret er eit brev frå Universitetet i Oslo i september i år. Der står det svart på kvitt at UiO oppfattar tilskotsbreva frå Helsedirektoratet for 2012 om spesialistutdanninga for tannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen som «ulogiske, uryddige og bidrar til uforutsigbarhet, samt at de representerer en forvaltningspraksis som ikke er gjennomsiktig» Kritikken blir fylgd opp av eit krav om at Helse- og omsorgsdepartementet må syta for ein meir føreseieleg tilskotspraksis for komande år ved å skilja mellom løyvingar til ulike formål og gjera tilskotsnivået avhengig av ei felles forståing av kostnadsnivået. I tillegg blir det kravd at spesialistutdanninga blir gitt eit tilskot på same nivå, uavhengig av kva institusjon tilskotet blir gitt til. Heilt til sist krev UiO at forvaltinga blir opnare, slik at UiO som part i saka får innsyn i grunnlagsdokumenta for tildelinga.

Vil ha felles utrekning av kostnadene

Helse- og omsorgsdepartementet avviser kontant det siste kravet og viser til at dokument som ligg til grunn for budsjettforslag og politiske prioriteringar i budsjettsamanheng, skal sjåast på som interne regjeringsdokument, og difor ikkje er offentlege. Når det gjeld dei andre krava, kjem departementet UiO langt på veg i møte. Det inviterer no Universitetet i Oslo til å koma med forslag til endringar i regelverket for tilskot til spesialistutdanningane. I brevet går det dessutan fram at i løpet av 2013 skal Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, i samarbeid med universiteta, koma fram til ei felles utrekning av dei samla kostnadene til spesialistutdanninga av tannlegar.

Det blir på nytt peika på at Kunnskapsdepartementet held fram med løyvingane til grunnutdanningane i odontologi, og ikkje vil redusera desse pengeoverføringane i takt med auken i tilskot frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Utjamnar skilnaden i tilskot mellom UiO og UiB

Pengane frå Helse- og omsorgsdepartementet til spesialistutdanningane skal difor sjåast på som ekstratilskot til universiteta, men dei skal også utjamna skilnadene i tilskot for kvar kandidat ved høvesvis UiO og UiB. Dette er i hovudsak løyvingar som skal bidra til utdanning av fleire tannlegar med forskarkompetanse og med spesialistkompetanse. Samtidig skal dette syta for at det vil vera nok søkjarar til vitskaplege stillingar ved odontologiutdanningane når stillingar blir ledige, går det fram av brevet.

Les også:

Spesialistutdanninga i odontologi kan bli lagt ned

Vil prioritera spesialistutdanninga for tannlegar

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Odontologi, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. des. 2012 16:19 - Sist endra 4. des. 2012 16:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere