Er internasjonale domstolar utanfor demokratisk kontroll?

Etter at Berlinmuren fall, har talet på internasjonale domstolar eksplodert. UiO-forskarane Andreas Føllesdal og Geir Ulfstein skal finna ut kvifor dei har oppstått, kva funksjon dei har, kva dei har oppnådd og kva legitimitet dei har. Prosjektet er eitt av fire som er blitt senter for framifrå forsking ved UiO.

INGEN DOMSTOLAR FOR KRIG OG FRED: – Me ynskjer å finna ut kvifor til dømes internasjonal rett på område som krig, fred og miljø ikkje har nokon eigen domstol som kan koma med dom mot statar, fortel forskarane Geir Ulfstein og Andreas Føllesdal som leier Pluricourts, eitt av dei fire nye sentra for framifrå forsking ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Forløparen for Den internasjonale domstolen i Haag, Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie, blei etablert i 1920 på ruinane av Europa etter Den første verdskrigen. Det var verdas aller første internasjonale domstol. Seinare kom også Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg og Den interamerikanske menneskerettsdomstolen. Så lenge Den kalde krigen varte, var det ikkje klima for å ha mange fleire internasjonale domstolar.

Pluricourts: The Legitimate Roles of the Judiciary in the Global Order

*
senteret vil få 17,5 millionar kroner i året frå Forskingsrådet i ti år for å å driva forsking på internasjonale domstolar.
* blir leidd av filosofiprofessor Andreas Føllesdal og jussprofessor Geir Ulfstein
* 20 heiltids- og deltidstilsette  vil bli lønna av senteret
* skal lokaliserast på Det juridiske fakultetet når det startar opp 20. juni 2013.

– Det var først etter at Berlinmuren fall, at det kom internasjonale domstolar på løpande band. No er det eit stort mangfald av domstolar fordelt på alle kontinent. Og det kjem kanskje fleire. Nokon trur til dømes at menneskerettskonvensjonen for Søraustasia vil føra til ein domstol for området, fortel filosofiprofessor Andreas Føllesdal og jussprofessor Geir Ulfstein.

Dei har tidlegare fått tildelt 21 millionar frå Det europeiske forskingsrådet (ERC Advanced Grant) til å forska på opphavet, funksjonen, effekten og legitimiteten til dei internasjonale menneskerettsdomstolane. No vil dei integrera denne forskinga i senteret PluriCourts, som er blitt eit senter for framifrå forsking (SFF) ved Det juridiske fakultetet.

Ingen domstolar for krig, fred og miljø

– Det finst også internasjonale domstolar for handel, investeringar og strafferett, men ikkje for miljø. Me ynskjer å finna ut kvifor statar har gått med på å underordna seg internasjonale domstolar på nokre område, medan til dømes internasjonal rett på kanskje dei aller viktigaste områda i dag, krig og fred og miljø ikkje har nokon eigen domstol, som kan koma med dom mot statar, fortel Ulfstein og Føllesdal.

Dei ser det som eit problem at dei internasjonale domstolane manglar den demokratiske kontrollen og legitimiteten som dei nasjonale domstolane har.

– Om Høgsterett kjem med ein dom som politikarane er heilt ueinige i, har dei høve til å endra Grunnlova. Om Noreg er ueinig med ein dom i til dømes Menneskerettsdomstolen i Strasbourg, finst det ikkje noka liknande rutine for å endra menneskerettskonvensjonen, presiserer dei.

– Eit felt som me vil kika nærmare på, er om og korleis dei internasjonale domstolane kan bli underlagt meir demokratisk kontroll utan å tapa naudsynt sjølvstende, slik som dei nasjonale domstolane. Eller skal dei internasjonale domstolane bli rådgjevande utan makt til å påleggja statane å retta seg etter ein dom? Slike modellar for framtidig utvikling av dette internasjonale domsvesenet, håpar me å kunna svare på, seier Andreas Føllesdal og Geir Ulfstein.  

Desse tre prosjekta er også  blitt senter for framifrå forsking (SFF) ved UiO:

* Centre for Multilingualism in Society across the Lifespan, (HF)
* Centre for Earth Evolution and Dynamics (MN)
* Norwegian Centre for Mental Disorders Research (MED)

Denne månaden fekk Noreg ein dom imot seg når det galdt avgjerda om å utvisa eit syskenpar som hadde budd i Noreg sidan dei var tre og fire år gamle. Tidlegare i år tapte Noreg også tomtefestesaka.

– Mange meiner at små statar har lite dei skulle ha sagt, medan store statar har for stor makt. Nokre meiner dommarane er altfor hemningslause når dei nytolkar ein konvensjon for å koma fram til ein dom, medan andre meiner at dommarane er for forsiktige med å slå fast kva som er internasjonal lov.

Begge er opptekne av å finna ut om domstolane oppnår målsettingane statane hadde med dei, då dei blei oppretta.

– Truleg har det blitt færre menneskerettsbrot etter at menneskerettsdomstolane blei etablerte, men dei har ikkje kunna hindra at det framleis skjer overgrep. Spørsmålet er då om dei er for sterke eller for svake, og når det kanskje er betre med heilt andre ordningar, forklarar Føllesdal.

– Ubalanse mellom domstolar og lovgjevingsorgan

Forskarkollega Ulfstein synest er viktig å ta med eit anna viktig poeng:

– Det er langt større vekst i internasjonale domstolar enn vekst i internasjonale lovgjevingsorgan. Difor er det ein ubalanse på det området, konstaterer han.  Av og til kan også dei internasjonale domstolane koma i strid med kvarandre.

– Ein internasjonal dom om boikott mot eit spesielt land på grunn av brot på menneskerettane, kan kom i strid med internasjonal lov om rett til å investera kapital og etablera bedrifter der ein vil. Eit anna dilemma er patentlovgjevinga. Ein stat kan verna sin farmasøytiske industri med å gå til sak mot nokon som lagar kopimedisin av deira medisin som blir brukt i behandlinga av HIV og AIDS. Samtidig vil menneskerettane seia at alle har rett til god helse. For at den retten skal bli oppfylt, må statane få tilgang til den billegaste medisinen. Alternativet er at sjuke ikkje får behandling, seier Ulfstein.

Forskingssenteret vil knyta til seg folk frå både Det juridiske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet og fagmiljø på Det humanistiske fakultetet. Der vil dei også etablera kontakt med eit anna senter for framifrå forsking, Study of the Mind in Nature.  

– Nokre kan nok vera kritiske til at me får etablera eit senter for framifrå forsking til å forska på internasjonale domstolar. Kvifor passar ikkje dette betre for enkeltforskarar? Svaret vårt er at problemstillingane er for komplekse til at ein enkeltforskar kan svara på dei åleine. Det er grunnen til at me har sett saman ei forskargruppe frå ulike fakultet og senter, fortel dei.

Både Føllesdal og Ulfstein lovprisar arbeidet til administrasjonen ved Det juridiske fakultetet og Forskingsadministrativ avdeling ved UiO.

– Utan deira hjelp ville fakultetet aldri ha fått tilslag for eit slikt senter, synest dei.

 

 

 

Emneord: SFF - Senter for fremragende forskning, Jus, Filosofi, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 14. des. 2012 11:10 - Sist endret 14. des. 2012 11:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere