Demonstrerte mot verdas største vaktselskap

UiO må seia opp kontrakten med vaktselskapet G4S fordi det bidrar til okkupasjonen av Palestina. Det krev Palestinakomiteen som i går demonstrerte i kulden utanfor Lucy Smiths hus på Blindern.

UT AV UIO: Palestinakomiteen demonstrerer for kravet om at UiO må bryta kontrakten med vaktselskapet G4S og få det ut av UiO. Aktivistane meiner selskapet bidrar til okkupasjonen av Palestina.

Foto: Martin Toft

I ein løpeseddel som Palestinakomiteen delte ut utanfor Lucy Smiths hus i går, står det at vaktselskapet G4S leverer utstyr og tenester til israelske militære kontrollpostar, separasjonsmuren og ulovlege busetjingar på okkupert palestinsk område. Organisasjonen viser også til at selskapet leverer utstyr til israelske fengsel der palestinske fangar frå Vestbreidda, mellom dei barn, blir fengsla i strid med Geneve-konvensjonane. Israelske menneskerettsorganisasjonar hevdar dessutan at tortur ofte finn stad i desse fengsla.  

Må bli leiande i etikk

Aktivistane peikar på at i forskinga blir det stilt strenge krav til etikk for å vera viss på at ein ikkje råkar svake og vanskelegstilte grupper. Dei meiner at for at forskinga skal stå planta i god, etisk jord, må også rammene rundt forskinga kunna leva opp til ein god etisk standard. Palestinakomiteen krev difor at kontrakten med G4S måseiast opp og at det saman med andre selskap som bidrar til okkupasjonen av Palestina, blir stengde ute frå tilbodskonkurransar ved Universitetet i Oslo.

Dette er selskapet G4S:

Verdas største globale vaktselskap og er aktivt i 125 land

Selskapet er eit resultat av fusjonen mellom Securicor plc og Group 4 Falck A/S og blei etablert i juli 2004

Konsernet har ei omsetning på 65 milliardar kroner, medan den norske verksemda omset for 1,2 milliardar kroner i året.

650 000 medarbeidarar, av dei 2500 i Noreg

Hovudkontoret ligg i Crawley i Storbritannia

På UiO leverer selskapet blant anna vakttenester og syt for at tilgang og kortlesarar fungerer som dei skal.

UiO har ein treårskontrakt med selskapet, og perioden for kontrakten blei i haust forlenga med eitt år.

 

(Kjelde: G4S sine nettsider, UiO)

 

På den måten meiner dei at UiO, ikkje berre kan leva opp til omtalen Noregs leiande universitet, men også ta leiinga i etikk. 

Verdas største vaktselskap

Tidlegare har både Studentparlamentet og fagforeininga Norsk Tenestemannslag kravd at UiO seier opp kontrakten med G4S. I dag er det verdas største vakt- og sikringsselskap. Også Universitetet i Helsingfors brukar dette selskapet. Det er også ansvarleg for vakthaldet på Oslo lufthavn Gardermoen. Ifylgje NRK fekk selskapet  i oktober ein kontrakt på 250 millionar  pund, eller rundt 2,3 milliardar kroner for å ta seg av tryggleiken på Oslo Lufthavn Gardermoen (OSL) dei komande seks åra. Der har G4S hatt ansvaret for vakthaldet sidan 2008. Selskapet blei sterkt kritisert under Sommar-OL i London fordi det ikkje klarte å skaffa nok vakter til idrettsarrangementa.

Uniforum vil fylgja opp denne saka med kommentarar frå universitetsleiinga og selskapet G4S.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Studentforhold, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2012 13:20 - Sist endret 5. des. 2012 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere