Vitnemålsbank skal stansa falske papir

Ein vitnemålsbank med alle vitnemål og eksamensresultat frå norske utdanningsinstitusjonar kan bli ein realitet om to år. Det førebelse utkastet er laga av USIT ved UiO.

TIL NYTTE: – I hovudsak blir vitnemålsbanken til nytte for arbeidsgjevarar når nokon søkjer jobb hos dei, og for utdanningsinstitusjonar når nokon søkjer om å koma inn på eit høgare studium, seier prosjektleiar Geir Magne Vangen på USIT ved UiO.

Foto: Ola Sæther

– Det vil gjera det lettare å avsløra personar som med falske papir prøver å få seg jobb eller koma inn på eit høgare studium, seier prosjektleiar Geir Magne Vangen ved USIT på UiO.

Både arbeidsgjevarar og utdanningsinstitusjonar har opplevd at personar prøver å få seg jobb eller koma inn på eit studium ved å forfalska vitnemål og karakterutskrifter. Masse arbeid er difor blitt brukt på å kontrollera om søknadspapira stemmer. Også innhenting av dokumentasjon av fullført norsk utdanning er det blitt brukt mykje ressursar på.

For å gjera dette arbeidet meir effektivt og gjera det lettare å kontrollera utdanningssøkjarar og arbeidssøkjarar, gav Kunnskapsdepartementet for eitt år sidan Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) ved UiO oppdraget med å utarbeida ein plan og kravspesifikasjonar for ein nasjonal vitnemålsbank. Om to veker skal rapporten frå prosjektet leverast til Kunnskapsdepartementet.

Heile karrieren tilgjengeleg

– I hovudsak blir vitnemålsbanken til nytte for arbeidsgjevarar når nokon søkjer jobb hos dei, og for utdanningsinstitusjonar når nokon søkjer om å koma  inn på eit høgare studium. Vitnemålsbanken skal henta inn informasjon om søkjaren både frå den vidaregåande skulen, fagskulane og dei høgare utdanningsinstitusjonane der vedkomande har studert. Og dei som vil, kan også kopla inn informasjon om arbeidsprøvar og fagprøvar som dei har samla i ePortfolio til vitnemålsbanken, fortel prosjektleiar Geir Magne Vangen ved USIT til Uniforum.

– Men kan ikkje dette gå ut over personvernet til kvar enkelt søkjar?

– Nei, på ingen måte, for det er søkjaren sjølv som på spørsmål frå arbeidsgjevar eller utdanningsinstitusjon kan gå inn i vitnemålsbanken og syta for at vitnemåla og karakterutskriftene blir sende til arbeidsgjevaren eller utdanningsinstitusjonen. Difor er arbeidssøkjaren eller utdanningssøkjaren eigar til sine eigne vitnemål og eksamensresultat, understrekar Vangen.

Sparer tid og pengar

Etter hans meining vil vitnemålsbanken kunna spara utdanningsinstitusjonane og arbeidsgjevaren både for mykje tid og mykje pengar. – Det er heilt klart, for når vitnemålsbanken blir tatt i bruk, treng ikkje arbeidsgjevar ringja kvar enkelt utdanningsinstitusjon for å få stadfesta om papira til ein arbeidssøkjar er ekte. Dei vil få dei direkte frå vitnemålsbanken på førespurnad hos søkjaren, fortel Vangen. Han peikar også på ein annan stor fordel.

– Når ein utdanningssøkjar har søkt seg inn på eit bestemt studium innanfor ein bestemt søknadsfrist blir alle seinare eksamensresultat lagde inn i vitnemålsbanken og supplerer automatisk dei andre opplysningane utdanningsinstitusjonen har om deg, seier Vangen. 

Alt på ein stad

Når ein arbeidssøkjar loggar seg inn i vitnemålsbanken, vil dei viktigaste eksamensresultata dukka opp, og ho eller han kan då velja å dela alt med den moglege framtidige arbeidsgjevaren sin. Arbeidsgjevaren får både informasjon om søkjaren og om dei faga søkjaren har tatt.

– Hovudprinsippet er at den som opplysningane gjeld, eig resultata. Difor må arbeidssøkjaren eller utdanningssøkjaren alltid gå med på å dela opplysningane med dei som ber om dei, understrekar Vangen.

I Noreg har det vore fleire avsløringar av at folk ikkje har den utdanninga dei har oppgitt då dei fekk jobben. Det mest kjende tilfellet er truleg saka om den tidlegare administrasjonssjefen for Statens autorisasjonskontor for helsepersonell, som måtte ta sin hatt og gå, etter at det i 2010 blei avslørt at vedkomande hadde brukt falske vitnemål frå norske og britiske utdanningsinstitusjonar for å dokumentera utdanninga si.

– Målet med vitnemålsbanken er å laga ei teneste som bedrifter og offentlege etatar kan stola på og der arbeidssøkjaren eller utdanningssøkjaren på ein enkel måte kan visa fram resultata sine til bedrifter og offentlege etatar og utdanningsinstitusjonar, seier Vangen.

- Kan bli felles europeisk standard

– Korleis vil vitnemålsbanken bli utvikla vidare?

– Det er opp til Kunnskapsdepartementet å bestemma det. Me tilrår at me samarbeider vidare om ein felles standard for vitnemålsbank med dei andre nordiske landa og at denne standarden kan bli ein felles europeisk standard. Noreg er faktisk ganske godt verna mot tilfelle av falske vitnemål samanlikna med mange andre land. I USA, der falske vitnemål er eit langt større problem, blir det no gjort forsøk med å leggja inn vassmerke i PDF-filer av vitnemål. Om berre eitt teikn blir forandra, vil strukturen i vassmerket bli endra, og ein enkel kontroll vil visa at dokumentet er blitt endra. Om dette blir innført, vil det bli mogleg å senda vitnemål elektronisk over heile verda og kunna garantera at dei er ekte, konstaterer han.

Den norske vitnemålsbanken blir truleg tatt i bruk i løpet av eit par år. Kunnskapsdepartementet tar den endelege avgjerda i saka.

 

 

 

 

Emneord: Studentsaker, Undervisning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. nov. 2012 23:27 - Sist endret 8. nov. 2012 09:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere