Forskingsrådet vil satsa meir på unge forskartalent

Dei største forskartalenta skal reddast for forskinga. Forskingsrådet foreslår difor å auka satsinga på unge forskarar med 50 millionar kroner i 2014.

1 MILLIARD MEIR TIL FORSKING: – I dag kostar det mykje pengar å byggja ut den naudsynte infrastrukturen for forsking. Difor er det både nyttig og viktig for europeiske land å samarbeida om å byggja ut toppmoderne utstyr og laboratorium, understrekar adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet. Rådet foreslår 1 milliard meir til forsking i 2014. 

Foto: Ola Sæther

Mange postdoktorar og ferdige doktorar gir opp forskinga når dei ikkje får finansiering i perioden mellom postdoktor og fast vitskapleg stilling. Regjeringa bør difor auka satsinga på på forskartalenta med 50 millionar kroner samanlikna med 2013-budsjettet, foreslår Forskingsrådet.

– Hard konkurranse om forskartalenta

– Det er sikkert ikkje nok til å løysa alle problema med at unge forskarar gir opp forskinga, seier administrerande direktør Arvid Hallén. Han viser til at det framleis er store utfordringar ved å halda på dei yngre forskartalenta. – Det er hard konkurranse om dei flinkaste og største forskartalenta på universiteta. Ikkje minst er næringslivet ivrig etter å få tak i dei, helst før dei er ferdige med ein mastergrad. Det er sjølvsagt positivt, men me vil gjerne at dei held fram også etter rekrutteringsfasen, slik at dei kan delta aktivt i forsking. Det er svært viktig for forskingsinstitusjonane, og vil på lang sikt også vera positivt for næringslivet og offentleg forvalting, understrekar Arvid Hallén.

– Kolossalt viktig med Horizon 2020

Oversynet av dei overordna satsingane til Forskingsrådet viser at dei no vil at Noreg skal investera mykje pengar i å stimulera norske forskarar til å delta meir i EUs nye rammeprogram for forsking, Horizon 2020. For budsjettåret 2014 ber difor Forskingsrådet regjeringa om 68 friske millionar kroner, øyremerkte til å styrkja deltaking frå norske forskarar.  – Dette er kolossalt viktig. EUs forskingssatsing er større enn nokon gong, og norske forskarar bør og må vera med i konkurransen om desse pengane. For universiteta vil dette seia at me vil auka sjansane for at dei norske fagmiljøa skal lykkast.

– Kan ikkje ei så stor satsing på EU-forskinga gå ut over samarbeidet med land utanfor EU?

– Nei, det vil det ikkje gjera. Dessutan vil forskingsprosjekt finansierte av EU-pengar ofte omfatta land utanfor EU/EØS-avtalen, som til dømes Japan, Kina, USA og

Fakta om Forskingsrådets budsjettframlegg:

Forskingsrådet foreslår ein samla auke på 1 milliard kroner i budsjettframlegget for 2014:

Dette er forskingsområda Forskingsrådet vil bruka ekstra pengar på i 2014. Foreslått vekst i parentes:
Fleire aktive og sunne år (75 mill. kroner)
Klimaendringar og klimaomstilling (50 mill. kroner)
Norske bioressursar frå hav og land (40 mill. kroner)
Fornybar energi og petroleum (55 mill. kroner)


Forskingsrådet vil styrkja forskingssamarbeid og forskingskvalitet:

Internasjonalisering (68 mill. kroner)
Eit meir forskingsorientert og nyskapande næringsliv (80 mill. kroner)
Unge forskartalent (50 mill. kroner)
Felleseuropeisk infrastruktur for forsking (50 mill. kroner)

 

Russland, presiserer Hallén.

Deltar i europeisk infrastruktursamarbeid

Eit tredje område som Forskingsrådet meiner treng meir pengar i 2014, er utbygginga av og samarbeidet om infrastruktur i Europa. Det blir foreslått å auka denne budsjettposten med 50 millionar kroner.

– I dag kostar det mykje pengar å byggja ut den naudsynte infrastrukturen for forsking. Difor er det både nyttig og viktig for europeiske land å samarbeida om å byggja ut toppmoderne utstyr og laboratorium. Det er grunnen til at me satsar meir pengar på det enn tidlegare. I 2012 er det sett av ein post på 315 millionar kroner til å finansiera infrastrukturar innanfor forsking, seier Hallén.

I 2014 vil hovudsatsinga i dette samarbeidet liggja på oppfylginga av ESFRI Roadmap. Det vil kunna gi norsk forsking tilgang til infrastrukturar i verdsklasse, som Noreg ikkje vil kunna klara å verkeleggjera på eiga hand. Veksten på dette området bør vera på 50 millionar kroner foreslår Forskingsrådet, medan andre prioriteringar er på

30 millionar kroner. Dei er sikta inn mot nasjonale investeringar i forskingsinfrastruktur og investeringar i naudsynt eInfrastruktur, ein samla vekst på 80 millionar kroner. Det er Kunnskapsdepartementet som blir bede om å få denne veksten inn på sitt budsjettforslag.

Svalbard sentral i Arktisforskinga

Arvid Hallén peikar på materialvitskapslaboratoriet European Spallation Source, som eitt av fleire døme på eit slikt felles europeisk laboratorium. Eit anna er Arktis-forskinga på Svalbard.

– Der sit Noreg i førarsetet, og me er no i ferd med å etablera Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS), som skal koordinera alle forskingsdata som blir samla på Svalbard. Forskinga på Svalbard er unik nettopp fordi Svalbard ligg der det ligg. Grunnen til at det var mogleg å fylgja orkanen Sandy i Karibia og USA time for time, då den stod på, var nettopp satellittdata frå Svalbard, seier Arvid Hallén. Denne veka tar han turen til Svalbard for å læra endå meir om Arktis-forskinga på Noregs utpost i nord.

Les også UiO-rektor Ole Petter Ottersens kommentar til budsjettforslaget frå Forskingsrådet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Forskingspolitikk, Internasjonalisering, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 27. nov. 2012 16:00 - Sist endra 27. nov. 2012 16:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere