UiO får fire nye forskarskular

Universitetet i Oslo får fire nye nasjonale forskarskular innanfor farmasi, hjarteforsking, allmennmedisin og freds- og konfliktforsking. Det er klart etter at Forskingsrådet har løyvd 218 millionar kroner til ti nye forskarskular.

PROFESJONSUTDANNING: Farmasiutdanninga og medisinutdanninga har fått tre av dei fire nye nasjonale forskarskulane på Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Forskingsrådet tok imot 29 søknader om støtte innan søknadsfristen gjekk ut 30. mai. Til saman søkte forskingsmiljøa  om 740 millionar  kroner. Den endelege utsilinga viser at ti nye nasjonale forskarskular kan starta opp for perioden 2013–2020, med ei samla løyving frå Forskingsrådet på 218 millionar kroner.

Ifylgje Forskingsrådet har hovudformålet med utlysinga vore å få i gang fleire nasjonale forskarskular for å styrkja kvaliteten i forskarutdanninga. Denne gongen blei også profesjonsfaga oppmoda til å søkja. For UiO sin del viser det seg gjennom at farmasiutdanninga og medisinutdanninga har fått tre av dei fire nye forskarskulane. Etter Forskingsrådets oppfatning held alle søknadene eit svært høgt nivå, og alle dei planlagde skulane er utarbeidde i eit nettverk med andre institusjonar både nasjonalt og internasjonalt, heilt i samsvar med krava i utlysinga.

Skal granska ritual og kronisk utmattingssyndrom

I dag blei det også klart at UiO får løyving til to forskingsprosjekt frå forskingsprogrammet Samfunnsutviklinga sine kulturelle føresetnader (SAMKUL). Det første er teologiprofessor Jone Salomonsens forskingsprosjekt Reassembling Democracy: Ritual as Cultural Resource. Prosjektet sin hypotese er at ritual kan vera eit viktig bidrag til ein demokratisk prosess som omformar samfunnet og legg grunnlaget for å takla lokale og globale kriser.

Det andre prosjektet er det postdoktor Kristine Lillestøl som står bak. Det har tittelen Trajectories of neurasthenia: negotiating nature and culture within medical practices. Prosjektet skal ta utgangspunkt i debatten om tilstanden ME (kronisk utmattingssyndrom) er ei liding som kan forklarast somatisk eller psykologisk. Gjennom studiar av neurastheni, eller nerveveikskap, som var ein svært utbreidd diagnose i Vesten rundt år 1900, vil prosjektet gi ny kunnskap om dei historiske føresetnadene for auken i tilstandar som medisinen har problem med å forklara. Til saman gir Forskingsrådet 100 millionar kroner til 15 ulike prosjekt.

Dette er dei fire nye forskarskulane ved Universitetet i Oslo:

Den norske forskarskulen i allmennmedisin for ph.d.studentar (The Norwegian Research School in General Practice)

Den norske forskarskulen for ph.d.-studentar ved dei fem farmasiutdanningane i Noreg.

(Research School for the PhD students at the five Pharmaceutical education institutions in Norway)

Den norske ph.d-skulen i hjarteforsking (The Norwegian PhD School of Heart Research)

Forskarskule i freds- og konfliktforsking (Research School in Peace and Conflict)

Dette er dei to prosjekta som får pengar frå SAMKUL:

Reassembling Democracy: Ritual as Cultural Resource ved Jone Salomonsen, Det teologiske fakultetet

Trajectories of neurasthenia: negotiating nature and culture within medical practices ved postdoktor Kristine Lillestøl, Det medisinske fakultetet

 

Emneord: Forskningspolitikk, Medisin, Realfag, Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 27. nov. 2012 13:32 - Sist endret 28. nov. 2012 13:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere