Hard lunsj med Black Debbath

Black Debbath fekk heile Georg Sverdrups hus til å svinga, då dei for første gong introduserte black metal på Lunsj med kultur på Blindern.

HARD VOKALIST: Lars Lønning er vokalist i black metal-bandet Black Debbath, men også seniorkonsulent på Det humanistiske fakultetet.

Black metal-bandet Black Debbath slo til med rå metall-rock, då det gav ein halv time lang konsert på Lunsj med kultur i Georg Sverdrups hus i formiddag. Heile foajeen såg ut som eit fuglefjell med folk, og truleg er det berre pianisten Lars Ove Andsnes og fiolinisten Arve Tellefsen som har trekt fleire folk til Lunsj med kultur på Blindern.  Repertoaret spent frå ein song om skulpturparken i Ekebergskogen til ei nidvise om FAFO.

Bandmedlemane Lars Lønning, Egil Hegerberg, Aslag Guttormsgaard og Ole Petter Andreassen såg ut til å ha det gøy saman med eit litt yngre publikum enn dei som til vanleg brukar å gå på arrangementet.

 

Og det kan bli meir av same musikken, lova koordinator Gjøril Songvoll:

- Ja, om det er nokre som veit om andre liknande band som vil opptre her, må dei berre ta kontakt med meg.

 

Emneord: Kultur Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 9. nov. 2012 14:50 - Sist endra 9. nov. 2012 15:26

Og hvilken dekning har artikkelforfatteren for å påstå at Black Debbath serverte oss svartmetall sist fredag? Fin konsert; flau dekning fra Uniforums side. 

arnsteio@uio.no - 12. nov. 2012 14:57

Ikke helt kontroll på sjangrene nei. Black Debbath er et Doom metal band. Forskjellen er egentlig ganske stor.

Erland Nettum - 13. nov. 2012 09:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere