Ber Noreg protestera mot drap i Guatemala

Oljefondet og Norad-støtta NorFund har eigarinteresser i selskap som står bak menneskerettsbrot i Guatemala. – Dei bør trekkja seg ut for å visa at Noreg ikkje støttar selskap som bryt menneskerettane, seier forskar Mariel Aguilar-Støen ved Senter for utvikling og miljø (SUM).

RETTFERD: – I denne saka er det viktig å kjempa for rettferd for dei som me er blitt kjende med gjennom feltarbeidet vårt, meiner Mariel Aguilar-Støen, som har tatt initiativ til eit opprop med kritikk av menneskeretts-situasjonen i Guatemala.

Foto: Ola Sæther

Den 4. oktober blei åtte personar drepne av politiet og hæren i byen Totonicapán i Guatemala etter at dei hadde protestert mot mellom anna reformer i grunnlova som vil redusera makta til urfolka i landet. Åtte soldatar er arresterte for drapa. Tidlegare i haust blei 32 personar, mellom dei sju kvinner, arresterte etter at dei hadde protestert mot gullgruveutvinninga til det kanadiske selskapet Goldcorp i byen San Rafael Las Flores. Dei blei fengsla, og fleire av kvinnene har fortalt at dei blei seksuelt misbrukte av hæren og politiet. I dette området gjorde forskar Mariel Aguilar-Støen frå Senter for utvikling og miljø (SUM) ved UiO feltarbeidet sitt frå 2009 til 2011.

Eit opprop til regjeringa

Etter nedslaktinga av fredelege demonstrantar fekk ho nok av å føla seg som ein makteslaus tilskodar.

– Eg tok difor initiativ til eit opprop om den valdelege situasjonen som har utvikla seg i Guatemala og den aukande militariseringa av landet. Me oppfordrar den norske regjeringa til å pressa den guatemalanske regjeringa til å straffa dei skuldige bak drapa på demonstrantane og valdtektene av dei fengsla kvinnene, fortel Aguilar-Støen.

Etter kvart fann ho ut at både det kanadiske gruveselskapet Goldcorp og det spanskeigde kraftselskapet Hidro Santa Cruz hadde sterke norske interesser i ryggen. I Goldcorp hadde Statens pensjonsfond utland (Oljefondet)  0,50 % av aksjane, til ein verdi av 1,069 milliardar kroner i 2012, medan NorFund hadde ein aksjepost på 9,3 % i det panamanske selskapet (CIFI) som finansierer det spanskeigde kraftselskapet Hidro Santa Cruz som står bak kraftutbygginga i Santa Cruz Barrillas, eit av dei områda der konflikten mellom urfolka og selskapet har forverra seg.

– På den måten har norske styresmakter endå større pressmiddel enn andre land for å få den guatemalanske regjeringa til å respektera menneskerettane og hindra at desse selskapa tar seg til rette ved å ikkje ta omsyn til rettane til urfolka som bur i dei aktuelle områda, fortel Aguilar-Støen.

24 forskarar har skrive under

Ho har sendt oppropet til alle Guatemala-forskarar og andre akademikarar i Noreg som jobbar eller har jobba i landet. Så langt har 24 forskarar skrive under på oppropet.

– I mange land i Latin-Amerika og i USA er det heilt vanleg at forskarar også er aktivistar i politiske spørsmål, men det er kanskje mindre tradisjon for det her i Noreg. I denne saka er det viktig å kjempa for rettferd for dei som me er blitt kjende med gjennom feltarbeidet vårt. Når dei blir utsette for overgrep, kan me ikkje sitja stille utan å gjera noko. Me må reagera og gjera drapa på fredelege demonstrantar og valdtektene av dei fengsla kvinnene kjende i resten av verda. På den måten kan me hjelpa til med å betra situasjonen, trur Aguilar-Støen.

Bad Noreg om å trekkja støtta til urfolksorganisasjonar

– Kva kan Noreg gjera med situasjonen i Guatemala?

– Noreg har stor makt gjennom Oljefondet og NorFund til å pressa dei aktuelle selskapa til å respektera urfolksrettane og menneskerettane. Difor har eg også vore i kontakt med Etikkutvalet til Oljefondet for å høyra om dei vil gjera noko. Om ingenting anna hjelper, kan dei i alle fall truga med å selja seg ut av dei aktuelle selskapa. Noreg har også vore ein viktig støttespelar i konsultasjonsprosessen mellom regjeringa og urfolksorganisasjonane. For det har Noreg fått mykje kritikk frå overklassen i Guatemala. På eit møte i Næringsdepartementet i november i fjor kravde forretningsfolk frå Guatemala at Noreg skulle slutta å gi pengar til urfolksorganisasjonar og menneskerettsorganisasjonar i landet. Det provoserte meg svært, for dette er pengar som NORAD gir gjennom mellom andre Norsk Folkehjelp og Kirkens Nødhjelp. I eit fjernsynsprogram i januar blei det hevda at norske og svenske bistandsarbeidarar støtta terroristar fordi dei støtta urfolk, seier ho.

Etterlyser meir debatt om Oljefondet

Aguilar-Støen saknar meir debatt i Noreg om rolla som Oljefondet spelar i multinasjonale selskap.

– Om folk i Noreg visste meir om konsekvensane av dei investeringane Oljefondet har gjort i utanlandske selskap, ville det ha vore langt meir debatt om dette. Menneskeliv blir sterkt påverka av investeringar som blir gjorde av Oljefondet, til dømes i det kanadiske gruveselskapet Goldcorp. Det står bak ei svært rå gruveutbygging i Guatemala, ikkje berre i San Rafael Las Flores, men også i San Marcos og San José del Golfo. Til saman er norske interesser involverte i fire av utbyggingskonfliktane i Guatemala, konstaterer Mariel Aguilar-Støen.

Med oppropet håpar ho å oppnå to ting:

– Folk i Guatemala skal vita at me føler solidaritet med dei og dei som blei drepne. Og det skaper meir merksemd i Noreg om menneskerettssituasjonen i Guatemala og resten av Mellom-Amerika. Det er ikkje nok å ha val for å kalla eit land for eit demokrati, så lenge dei mest grunnleggjande menneskerettane ikkje blir respekterte, understrekar ho.

 

(Kjelder: NorFund, Statens pensjonsfond utland, Latin-Amerikagruppene i Noreg, FIVAS og Mariel Aguilar-Støen)

Emneord: Menneskerettar, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 9. nov. 2012 14:04 - Sist endret 9. nov. 2012 15:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere