Norsk Ordbok-tilsette vonbrotne over kansellerte flytteplanar

Dei tilsette i Norsk Ordbok hadde fått lovnad om å flytta inn i 3. og 4. etasje i Niels Henrik Abels hus før nyttår. For ti dagar sidan fekk dei kontrabeskjed. No blir dei haldne på pinebenken i Veglaboratoriet nokre månader til.

MÅ UT UTAN ALTERATIVE LOKALE: Norsk Ordbok må flytta ut av Veglaboratoriet før nyttår. Ikkje noko  nytt lokale står klart.  - Helst vil me bli verande i Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25 fram til prosjektet skal vera avslutta, meiner prosjektdirektør Åse Wetås.

Foto: Ola Sæther

For rundt eitt år sidan fekk dei 30 tilsette i Norsk Ordbok 2014 beskjed om at dei måtte flytta ut av lokala sine i Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25 på grunn av planane om å byggja eit senter for livsvitskap på området. Dei fekk frist til 1. januar 2013 med å finna nye lokale.

Flytteplanar blei godkjende

Eit eige flytteutval blei sett ned og Teknisk avdeling starta arbeidet med å finna nye lokale. I september kunne flytteutvalet opplysa om at dei hadde fått lovnad på dei enno ikkje ferdigrenoverte lokala i 3. og 4. etasje i Niels Henrik Abels hus på Blindern. Både prosjektdirektør Åse Wetås og dei andre tilsette i Norsk Ordbok tykte at det var eit godt tilbod og takka ja overfor Helga Sagsveen og Teknisk avdeling. Lokala ville gi god plass til samlingane til Norsk Ordbok. Innflyttingsplanen var også godkjend av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Kontramelding

I førre veke kom kontrabeskjeden. Norsk Ordbok 2014 kunne likevel ikkje flytta inn i lokala dei var lova. Grunnen var at universitetsleiinga hadde bestemt at dei skulle brukast til Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling og Senteret for framifrå undervisning ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Den meldinga skapte stor frustrasjon mellom dei tilsette i Norsk Ordbok 2014.,

 – Det er både forståeleg og heilt naturleg. Når me først får melding om at flytteplanane våre er godkjende og så i siste liten får kontrabeskjed, er det svært nedslåande for oss. Mange av dei tilsette føler nok at dei viktige forskingsoppgåvene våre ikkje blir høgt nok verdsette av Universitetet i Oslo, fortel prosjektdirektør Åse Wetås.

– Kan få problem med å halda planen

Prosjektet Norsk Ordbok 2014 skal som namnet seier vera avslutta i 2014, og er eit av fleire prosjekt som skal vera i hamn til grunnlovsjubileet i 2014. Kulturdepartementet betaler lønn til forskarane, medan UiO har forplikta seg til å stilla til disposisjon lokale og driftsmidlar. Forskarane samlar ord og uttrykk frå norske dialektar og nynorsk og viser opphavet til orda.

– Me har ein ganske krevjande månadleg produksjonsplan, og om me i tillegg får eit avbrot i arbeidet, slik ein flytteprosess automatisk vil føra til, vil me få problem med å halda planen.  Helst vil me bli verande i Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25 fram til prosjektet skal vera avslutta, meiner prosjektdirektør Åse Wetås. Ho viser til at det er berre 3 månader igjen før alle dei tilsette i Norsk Ordbok etter planen skal vera ute av Veglaboratoriet. – Me sjølve har difor ikkje noko akutt behov for å flytta på oss, understrekar ho.

Håpar å kunna bli verande

Norsk Ordbok 2014 fylgjer til punkt og prikke produksjonsplanen som prosjektet har sett opp i nært samarbeid med Kulturdepartementet. – Det er klart at dette kan bli svært vanskeleg, viss flytteprosessen må skje raskt og me ikkje får planlagt den så godt at den tek minst mogleg tid vekk frå produksjonen, seier ein svært engasjert Åse Wetås. Ho ser likevel eit lite håp om at flyttinga ikkje treng bli ei hastesak likevel. – Ettersom regjeringa no ikkje foreslår å  løyva pengar til å byggja eit senter for livsvitskap i Gaustadbekkdalen, kan me jo håpa at det vil vera mogleg for oss å kunna halda fram med forskinga vår i Veglaboratoriet, meiner ho.

Førebels har Norsk Ordbok 2014 ikkje fått tilbod om andre lokale.

– No er me på staden kvil, akkurat der me var i fjor før me starta arbeidet med å finna nye lokale, konstaterer Åse Wetås. Universitetet i Oslo har sagt opp leigekontrakten med Statsbygg, som eig Veglaboratoriet. Etter 1. januar 2013 vil ikkje UiO lenger ha ein avtale om å leiga Gaustadalleen 25.

- Fekk lovnad om Niels Henrik Abels hus i 2007

I dag er Institutt for lærarutdanning og skuleforsking delt på to av bygningane til Universitetet i Oslo. Ein del av instituttet er i ZEB-bygningen medan ein annan del held til i Fysikkbygningen. Samtidig blir forelesingane haldne i Helga Engs hus. Kontorsjef Kjersti Annette Ektvedt understrekar difor at instituttet lenge har vore på bana for å få nye lokale og at det ikkje noko dei nyleg har fått vita at dei kunne overta.

Ho viser til at  instituttet ho administrerer fekk lovnad om at dei kunne få overta både 3. , 4. og 5. etasje i Niels Henrik Abels hus allereie i 2007

- Institutt for lærerutdanning og skuleforsing (ILS) er lova lokala i Niels Henrik Abels hus, jmf Masterplanen (2007) med innflytting i løpet av 2013. Planane for flytting blei litt overraskande flytta fram til 2015/2016 i samband med at Norsk Ordbok måtte ut av sine lokale.

- ILS har sete i mellombelse lokale sidan 1995 og flytteplanane er blitt utsette fleire gonger i denne perioden. Vår kapasitet er sprengt og me har i tillegg fått Senter for framifrå undervisning og Eining for psykometri. Me set svært stor pris på at universitetsleiinga med grunnlag i våre ulike satsingar har gitt instituttet prioritet til å overta 3., 4. og 5. etasje i Niels Henrik Abels hus i samsvar med dei opphavlege planane, seier Kjersti Annette Ektvedt til Uniforum.

- Ein vanskeleg kabal

Teknisk direktør Per Erik Syvertsen vedgår at det ikkje er lett å finna ei løysing på romsituasjonen for Norsk Ordbok. Han ser at det er store arealbehov på universitetet.

- Det er ofte ein vanskeleg kabal å få dette til å passa med tid og stad for alle til ei kvar  tid. Ordboka held  til i Veglaboratoriet, som skal rivast for å gi plass til ny veg til nytt livsvitskapssenter. Av den grunn må ordboka få andre lokale, understrekar han.  Syvertsen gir Institutt for lærartutdanning og skuleforsking rett i at dei også har fått lovnad om å få flytta inn i Niels Henrik Abels hus når einingane ved Det humanistiske fakultetet har flytta ut og lokala er rehabilitert.

- Teknisk avdeling har sett på moglegheiter  for at begge kunne ha disponert lokala i Niels Henrik Abels hus, men då med ei utsetjing for innflytting av Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS). ILS og Senter for framifrå undervisning (SFU) har likevel arealbehov som må løysast først, slik at ei slik løysing ikkje er aktuell, slår han fast.

- Ser på fleire alternativ

Teknisk avdelling ser likevel på andre måtar det skal lata seg gjera å finna lokale for Norsk Ordbok.

- Teknisk avdleling  jobbar for tida med to alternative moglegheiter for  Norsk Ordbok, eitt alternativ er å søkja eksterne leigelokale, det andre er at dei kan bli i Veglaboratoriet, og at bygging av ny veg blir utsett i tid, utan at dette får noko å seia for framdrifta av livsvitskapssenteret, understrekar han.

Kan utsetja flyttedatoen

Overfor Uniforum viser teknisk direktør Per Erik Syvertsen til at dei held fram med å finna ei løysing for dei tilsette i Norsk Ordbok:

- Me er i dialog med Statsbygg om ei løysing for Veglaboratoriet, men me kan ikkje seia  konkret kva deira endelege svar vil bli. Me reknar derimot med at fristen på 31.12.12 kan flyttast på, seier Per Erik Syvertsen.
 


 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2012 16:33 - Sist endra 9. okt. 2012 09:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere