– Biblioteka må overføra pengar til forskingsmiljøa

– Pengar som biblioteka har brukt til abonnement på vitskaplege tidsskrift, må overførast til forskingsmiljøa. Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth meiner det må bli konsekvensen av auka bruk av ope tilgjengelege tidsskrift.

OMFORDELING: Biologiprofessor og preses i Vitskapsakademiet, Nils Chr. Stenseth vil at biblioteka skal overføra publiseringspengar til forskingsmiljøa. Grunngjevinga hans er den auka bruken av publisering i opne kanalar. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Denne veka kom det tal som viser at 17 prosent av alle forskingsresultat i verda blir publiserte i ope tilgjengelege kanalar. I Storbritannia blir heile 52 prosent av alle forskingsresultat no publiserte i fritt tilgjengelege tidsskrift.

Samtidig vil EU krevja at funn frå forskinga for 80 milliardar euro finansiert av forskingsprogrammet Horizon 2020, skal publiserast i opne kanalar.

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth, som også er preses for Vitskapsakademiet, er positiv til at mest mogleg av forskinga skal publiserast i fritt tilgjengelege tidsskrift.

– Meir publiseringspengar til forskingsmiljøa

– Det må likevel få noko å seia for fordelinga av forskingspengane. Pengar som biblioteka har brukt til å betala for abonnement på vitskaplege tidsskrift må overførast til forskingsmiljøa. Det er dei som må betala for kvalitetssikringa før ein artikkel blir publisert i ope tilgjengelege tidsskrift, understrekar Stenseth.

– Til beste for forskinga

Sjølv er han tilhengjar av at forskingsfunn blir gjort tilgjengelege for alle.

– Open Access er eg generelt sett svært positiv til. Å gjera forskingsresultat ope tilgjengelege for alle, er til beste for forskinga, synest han. I hovudsak ser Stenseth berre fordelar ved å auka bruken av opne kanalar til å publisera forskingsresultat.

– Tener svært mykje pengar

– Det er ein klar fordel at forskingsresultat blir tilgjengelege for alle gjennom Open Access. Men slik Open Access fungerer, må midlar knytte til publisering og publikasjonar omfordelast. Tidlegare var det dei store forskingsbiblioteka våre som fekk offentlege midlar for å kjøpa bøker og tidsskrift; pengane gjekk til forlaga for å kunna oppfylla kravet om kvalitetskontroll før arbeid blei publiserte, – men også for at forlaga skulle tena pengar på forskingsformidling – ofte svært mykje pengar, konstaterer han. Difor krev Stenseth at desse pengane no blir overførte til forskingsmiljøa.

– Dei kan bruka dei til finansiering av kvalitetskontroll før ein artikkel blir publisert i ein open kanal, foreslår Stenseth, som åtvarar mot å senka kravet til kvalitetskontroll av forsking.

– Anten det er Open Access eller ikkje, er kvalitetskontroll gjennom fagfellevurderinga før vitskaplege resultat blir offentliggjorde, alltid svært viktig. Dette er ikkje minst viktig under Open Access, der me no ser en heil skog av tidsskrift dukka opp – mange av svært variabel kvalitet. Publisering av fagleg svake, vitskaplege arbeid forsøplar litteraturen, som igjen kan forstyrra den internasjonale fagdebatten, peikar Stenseth på.

– Må tenkja gjennom skadelege biverknader

Professor emeritus Nils Roll-Hansen ved Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk støttar også prinsippet om fri publisering av forskingsresultat.

– Fri tilgang til alle vitskaplege publikasjonar både for det allmenne publikum og for forskarar på alle fagområde, er eit tradisjonelt ideal som er nært knytt til vitskapleg fridom. Det er viktig å motarbeida den undergravinga av idealet som har skjedd med sterk vekst og auka kommersialisering av publikasjonssystemet dei siste tiåra. Slik sett er "Open Access" ei viktig sak å kjempa for. Problemet er verkemidla som blir valde. Det er avgjerande å tenkja gjennom moglege skadelege biverknader før ein set i gang med det, formanar Roll-Hansen.

Utviklinga i Storbritannia er ikkje berre positiv, etter hans meining.

– Å lata forskarane eller institusjonane deira betala for publiseringa, er eit verkemiddel som fleire av dei store forlaga allereie har tatt i bruk. Det er i England dette er utvikla lengst. APC (article processing charges) blir ordninga kalla. Det er snakk om å ta ein pris på 10 000 kroner for ein artikkel, har Roll-Hansen registrert. Difor er han uroa over kva dette kan føra til for forskarar innanfor dei humanistiske fagområda.

Kan risikera å betala av eiga lomme

– Ikkje minst i humanistiske fagmiljø er ein uroa over at APC kan koma til å gjera det vanskelegare for mange forskarar å få publisert resultata sine. Dei som ikkje har faste forskarstillingar, må søkja om støtte frå private eller offentlege institusjonar, eller betala av eiga lomme. Og sjølv for dei som har faste forskarstillingar, er det neppe sjølvsagt at institusjonen vil betala i alle tilfelle. På denne måten kan det oppstå mekanismar som avgrensar forskarane sin fridom til å velja tema og få forskingsresultata og argumenta sine offentleggjorde, fryktar Roll Hansen. Han viser til eit ope brev som presidenten i det britiske Royal Historical Society, Colin Jones nyleg skreiv om Finch-rapporten sine forslag til auka bruk av Open Access. Der peika han på desse problema.

«Perversely, a scheme introducing freedom for consumers of research could have the unlooked-for effect of diminishing the flow of research, weakening the principles of peer review, and reducing the freedom to publish among all scholars wherever they are found and at whatever stage of their careers,” (Colin Jones: Letter from the President: “Open Access publishing and the Finch Report”, October 2012).

Finst ikkje gode nok opne kanalar for humaniora

Det er først og fremst konsekvensane for dei humanistiske og dei samfunnsvitskaplege faga han fryktar. Jones viser til at det enno ikkje finst gode nok opne kanalar for humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking, som ofte blir publisert gjennom monografiar eller i redigerte artikkelsamlingar. Difor oppfordrar han alle forskarar innanfor humaniora til å delta i høyringa om forslaga til den britiske Finch-rapporten om publisering i opne kanalar.

Førstkomande fredag kl. 9.30 blir det heildagsseminar om publisering i opne kanalar på Universitetet i Oslo. På konferansen «Slipp forskerne fri» kjem kunnskapsminister Kristin Halvorsen, adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet og Open Access-guru Cameron Neylon frå Storbritannia til Realfagsbiblioteket for å diskutera dette spørsmålet. Arrangementet er ope for alle.

Les brevet frå Colin Jones, leiar for Royal Historical Society: http://www.royalhistoricalsociety.org/RHSPresidentE-letterOctober2012.pdf

 

Emneord: Forskningsformidling, Forskning, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 24. okt. 2012 14:54 - Sist endra 25. okt. 2012 00:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere