– Viktig at teieplikta blir broten

– Teieplikta skal sjølvsagt respekterast, men når prinsipielle ting står på spel, er det viktig at den blir broten. Det såg me i Behring Breivik-saka, seier jussprofessor Ståle Eskeland til Uniforum.

VIKTIG Å BRYTA: – Det er vel og bra med teieplikta, men samtidig er det ved enkelte høve svært viktig at den også blir broten, meiner jussprofessor Ståle Eskeland.  

Foto: Ola Sæther

Jussprofessor Ståle Eskeland har i mange år kritisert den makta og påverknaden dei sakkunnige, anten dei er rettsmedisinarar, legar eller psykiatrar, har over domstolane. Difor tykkjer han at prosessen rundt og dommen i saka mot terroristen Anders Behring Breivik har gitt han medhald i denne kritikken.

– Tenk om ingen hadde leke innhaldet i den første psykiatrirapporten til media. Då hadde det ikkje blitt utnemnt nye psykiatriske sakkyndige, og då ville kan henda Anders Behring Breivik blitt kjent utilrekneleg på sviktande grunnlag. Det er vel og bra med teieplikta, men samtidig er det ved enkelte høve svært viktig at den også blir broten, meiner Eskeland. Han er difor nøgd med dommen.

– Det er ein grundig dom som både er basert på god jus og god bevisvurdering. Behring Breivik-saka var ein augeopnar, slår han fast.

– Ingen sjølvkritikk frå påtalemakta

Eskeland er derimot ikkje like imponert over måten riksadvokat Tor Aksel Busch og aktoratet har handtert denne saka på.

– Riksadvokaten og aktoratet gjekk tidleg ut og forsvarte den første rapporten. Dei tok ikkje eingong sjølvkritikk i løpet av dei ti vekene saka gjekk føre seg i retten. Ein kollega av meg sa det slik: «Det er svært vanskeleg å vedgå feil, ikkje minst eigne feil», humrar Eskeland. Sjølv meiner han at dette handlar om prestisje. – Påtalemakta er redd for å mista respekt som ein viktig samfunnsinstitusjon, dersom dei vedgår at dei har tatt feil, trur Eskeland.

Som døme viser han til ei anna mordsak.

– I Skøyen-saka fekk me dette tydeleg demonstrert. Politiet arresterte ein mann som dei meinte stod bak drapet i parkeringshuset på Skøyen. Beviset var spor etter ein bestemt kjøkkenkniv i kroppen til den døde, hevda statsadvokaten. Dermed brukte statsadvokaten masse ressursar på å henta ein bestemt sakkunnig frå Tyskland som kunne stadfesta at det berre var kjøkkenkniven som tilhøyrde den tiltalte, som kunne laga slike skader. Dette er totalt meiningslaust, synest Eskeland. Det høyrer med til historia at mannen som blei skulda for drapet, blei frikjend i retten.

– Både i Liland-saka og i Fritz Moen-saka festa domstolen lit til galne vitnemål frå dei sakkunnige og dømde dei som seinare viste seg å vera uskuldige til lange fengselsstraffer.  I Torgersen-saka tvilheld Gjenopptakingskommisjonen på at den fellande livstidsdommen frå 1958 er rett, endå det er tvillaust i dag at dei sakkunnige den gongen tok grovt feil, meiner Eskeland.

Forskarar klarte ikkje å påverka domstolane

Jussprofessoren har sett seg lei på at dommarar og statsadvokatar festar lit til sakkunnige som uttalar seg utan fagleg dekning for konklusjonane. – Ikkje eingong eit brev frå  270 naturvitskaplege forskarar til justisministeren i 2008, der dei uttrykte djup uro over den måten domstolane og Gjenopptakingskommisjonen handsamar naturvitskaplege bevis ser ut til å ha hatt nokon verknad, har han notert seg.

Etter Eskeland si meining bør både påtalemakta og dommarane bli meir audmjuke og oppdatera seg betre på dei siste vitskaplege oppdateringane innanfor rettsmedisinen og naturvitskapen.

– DNA-prøvar viser jo i dag at mange blei dømde på feil grunnlag i går. I USA har difor dei såkalla Innocence Projects dei siste 20 åra fått omgjort fellande dommar i sakene mot om lag  300 fangar, fleira av dei var dømde til døden for grove brotsverk dei ikkje var skuldige i.  Grunnlaget for frifinninga var oftast seinare DNA-prøvar. I Noreg meiner mellom anna Gjenopptakingskommisjonen at desse resultata ikkje har relevans for norsk forhold. Det er utan tvil feil, meiner Eskeland.

– Bidrog til justismord

Han synest likevel ikkje det er heilsvart i Noreg.

– Dei siste 15–20 åra har om lag 30 norske saker som gjeld dom for seksuelle overgrep mot småbarn, blitt tekne oppatt, og dei dømde er blitt frifunne. I mange av sakene var konklusjonane til barnelegar om teikn til rift i underlivet eller raudfarge i underlivet til småjenter nok til å overtyda retten om at eit overgrep hadde skjedd. Dei sakkunnige hadde ikkje undersøkt korleis jenter som ikkje er blitt utsette for overgrep ser ut i underlivet. Det hadde amerikanske forskarar gjort. Då viste det seg at det var like store ulikskapar mellom jentene sitt underliv som det var mellom ansikta deira. Det skremmande er at norske sakkunnige bidrog til så mange justismord utan å ha slike elementære kontrolldata, peikar Eskeland på.

– Det er trist at rettssystemet så langt ikkje har vore i stand til å trekkja allmenne lærdommar av desse sakene, verken dei amerikanske eller dei norske, legg han til. Eskeland er også fortørna over at Stridbeck-utvalet, som var leidd av jussprofessor Ulf Stridbeck, nyleg konkluderte si vurdering av arbeidet til Gjenopptakingskommisjonen med at den stort sett gjer ein god jobb. – Utvalet kom til den konklusjonen utan å vurdera konkrete saker. Det er sjølvsagt ikkje mogleg, slår han fast.

– Dersom Behring Breivik-saka kan setja fart i arbeidet med å kvalitetssikra dei sakkunnige sin bodskap til domstolane og at dommarane kan bli sette i betre stand til på sjølvstendig grunnlag å vurdera kvaliteten på kva sakkunnige fortel i retten, har det i alle fall kome noko positivt ut av Behring Breivik-saka, synest jussprofessor Ståle Eskeland.

Innfører «Rettslig bevisteori»

Uniforum har tatt kontakt med jussprofessor Ulf Stridbeck for å høyra korleis han vil svara på påstandane frå Ståle Eskeland mot Stridbeck-utvalet, men han har ikkje svart oss. Prodekan Kåre Lilleholt på Det juridiske fakultetet opplyser at det skal undervisast i bevisføring ved jusstudiet i Oslo. Det er vedteke å opprette eit valemne "Rettslig bevisteori" med verknad frå hausten 2013. I tillegg kjem sjølvsagt det som inngår om bevis i dei obligatoriske prosessfaga, skriv Lilleholt i ein e-post til Uniforum.

 

 

 

 

Emneord: Jus Av Martin Toft
Publisert 13. sep. 2012 16:37 - Sist endra 13. sep. 2012 16:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere