Den serbiske noregsvennen Ljubisa Rajic er død

Den serbiske norskprofessoren Ljubisa Rajic er død, 65 år gammal, melder den  norsk-serbiske vennskapsforeininga i dag. Under Kosovo-krigen i 1999, skreiv Rajic rapportar for fleire norske aviser, mellom dei Uniforum.

DØD: Den serbiske norskprofessoren Ljubisa Rajic er død, 65 år gammal.

Foto: Internett

Ljubisa Rajic reiste jamleg mellom Jugoslavia og Noreg, og hadde også hovudfag i norsk frå Universitetet i Oslo. Han omsette fleire serbiske forfattar til norsk. Rajic var professor i nordiske språk og litteratur ved Universitetet i Beograd fram til han i går døydde etter eit sjukeleie på nokre månader. Ljubisa Rajic blei altså for alvor kjent i Noreg, då han kunne rapportera om dagleglivet i Beograd under bombeåtaka frå NATO- under Kosovo-krigen. I 2007 fekk han og kollegaen Janet Garton Fritt Ords Fritt Ords Honnør for sine framifrå bidrag til undervisninga i norsk språk og litteratur ved universitet i utlandet, melder ntb.

I 2009 ble han utnemnt til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenstordenen for å ha fremja norsk-serbisk samband, melder ntb. Ljubisa Rajic var også heidersmedlem i Noregs Mållag.

Les også dette intervjuet med Ljubisa Rajic i Uniforum:

Ljubisa Rajic - røysta frå Beograd  

Ein reporasje frå Universitetet i Beograd:

Universitetet reiser seg  

 

Emneord: Serbia, Nordisk Av Martin Toft
Publisert 5. juni 2012 16:47 - Sist endra 6. juni 2012 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere