- VIktig med nye studieplassar

- Det er viktig og riktig at Kunnskapsdepartementet fylgjer opp veksten i søkinga til høgare utdanning med nye studieplassar, synest UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

VIKTIG OG RIKTIG: Rektor Ole Petter Ottersen støttar kunnskapsminister Kristin Halvorsens forslag om å oppretta 1000 nye studieplassar frå hausten. - Me veit enno ikkje kor mange UiO får, seier han.

I går formiddag gjorde regjeringa det klart at den foreslår ei løyving på 50,7 millionar kroner i Revidert nasjonalbudsjett for å oppretta 1000 nye studieplassar frå hausten 2012. 

- Me veit enno ikkje kor mange plassar  UiO kjem til å få og me veit heller ikkje innanfor kva område dei kjem, seier rektor Ole Petter Ottersen ved Universitetet i Oslo.

- Det vil alltid vera ei utfordring å få plassar som skal "omsettast" allerede til hausten. Det vil seia at plassane har visse avgrensingar og må brukast på
allereie eksisterande program, peikar han på. Ottersen ser lat det er nokre fag som er spesielt nemnde.

- Realfag, teknologi, helsefag  og lærarutdanninga er trekt fram, men UiO vil også ynskja  å få høve til å styrkja område som me sjølve har prioritert og som er spesielt forskingssterke, seier Ottersen.
 

Emneord: Universitetspolitikk, Studentforhold, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2012 23:56 - Sist endra 16. mai 2012 00:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere