– Vikingskipa må bli på Bygdøy

Vikingskipssamlinga må bli på Bygdøy. Det er konklusjonen til eit internasjonalt ekspertutval som har vurdert risikoen av ei mogleg flytting av vikingskipa og dei andre gjenstandane i Vikingskipshuset.

VIKINGSKIPA BLIR PÅ BYGDØY:  Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil fylgja tilrådinga frå ekspertutvalet om å lata vikingskipssamlinga bli på Bygdøy.

Foto: Ola Sæther

– Diskusjonen om ei mogleg flytting av vikingskipa er no definitivt over. Det internasjonale ekspertutvalet har gitt meg klare råd om at vikingsamlinga ikkje vil tola ei flytting, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen då ho tok imot rapporten frå ekspertutvalet i Vikingskipshuset på Bygdøy i formiddag.  

No ber Kristin Halvorsen om at alt må setjast inn på å fylgja opp tilrådingane om korleis vikingskipssamlinga kan takast best mogleg vare på.

Går inn for museumskompleks på Bygdøy

Ekspertutvalet har vore leidd av konserveringsdirektør Jesper Stub-Johnsen ved Nationalmuseet i København. Eit samla utval konkluderer med at den beste løysinga for å  ta best mogleg vare på vikingsamlinga er å lata den bli verande på Bygdøy, men at det bør byggjast eit nytt museumskompleks i nærleiken. Samtidig meiner ekspertutvalet at Vikingskipshuset bør moderniserast. Dei meiner at på kort sikt er det størst risiko for skader på vikingskipa og samlinga ved å flytta dei til Bjørvika.

– På lengre sikt vil derimot den største risikoen for vikingskipssamlinga vera at ingenting blir gjort og at dei blir verande i Vikingskipshuset. Difor bør førebuinga av eit nytt museumskompleks på Bygdøy setjast i gang og fylgjast opp av ei modernisering av den eksisterande museumsbygningen, understreka utvalsleiar Jesper Stub-Johnsen. 

– Internasjonal kulturskatt

Han og dei andre ekspertane rår også til at det blir sett av nok ressursar og tid til å gjennomføra naudsynt restaureringsarbeid av gjenstandane i tilfelle dei blir skadde i ei framtidig modernisering av Vikingskipshuset.– Dette er både ein internasjonal og nasjonal kulturskatt, som fortener å bli verdsett endå høgare enn i dag, la Stub-Johnsen til.

– Sluttstrek

UiO-rektor Ole Petter Ottersen var svært letta over at ekspertutvalet kjem med ein så klar konklusjon i rapporten sin.

– Det er no sett ein sluttstrek for all framtidig diskusjon om kvar vikingskipssamlinga skal lokaliserast. No hastar det med å få gjort noko. Det er altså eit svært dårleg alternativ å venta endå lenger, konstaterte han.

– Først dei siste åra er me blitt klar over at alunkonservering har auka nedbrytinga av treet i vikingskipa og i dei andre gjenstandane i Vikingskipshuset på Bygdøy. Det var nettopp difor Universitetsstyret i fjor haust oppheva si tidlegare avgjerd om at heile vikingsamlinga skulle flyttast til Bjørvika. Det blei gjort etter at det tidlegare hadde sett av ei ekstraløyving på sju millionar kroner til forsking på kva alunkonservering gjorde med desse gjenstandane, sa Ottersen. Og han trekte fram omsynet til dei tilsette.

– No må me ta ansvar for forskarane og dei andre tilsette ved Kulturhistorisk museum i den vidare diskusjonen. Det som er sikkert er at det blir ei delt løysing når det gjeld lokaliseringa av samlingane til Kulturhistorisk museum, peika Ottersen på.  

Tidlegare har direktør Rane Willerslev ved Kulturhistorisk museum gått inn for å lata dei andre samlingane bli verande i eit restaurert Historisk museum på Tullinløkka, medan vikingsamlinga skal bli på Bygdøy.  I første omgang skal styret for Kulturhistorisk museum koma med ei tilråding om ei framtidig løysing til Universitetsstyret. Det skal handsama saka i juni, før det sender si endelege tilråding vidare til Kunnskapsdepartementet.

– Eit nasjonalt ansvar

Ekspertutvalet har hatt desse medlemane:

Jesper Stub-Johnsen, bevaringssjef, Nationalmuseet i København

May Cassar, professor i berekraftig kulturarv, University College London

Ronald Bockins, hovudkonservator og forskingsleiar ved Römisch-Germanisches Zentralmuseum, Mainz

David Saunders, konservator, British Museum, London

 

I dag kunne ikkje kunnskapsminister Kristin Halvorsen lova meir enn eit par millionar kroner til vidare utgreiing og planlegging av prosjektet.  

– Kunnskapsdepartementet forstår Universitetet i Oslo sine utfordringar knytte til sikringa av desse nasjonalskattane. Me vil difor koma tilbake til korleis dette kan handterast i samarbeid med universitetet. UiO har ansvaret for vikingskipa, men me ser at sikring og utvikling av vikingskipssamlinga også er eit nasjonalt ansvar og me er i ein god dialog med UiO for å planleggja løpet vidare. Det vil også seia at me vil bidra til finansiering av naudsynte tiltak, lova kunnskapsministeren.

EKSPERTRAPPORT: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen tar i mot rapporten frå ekspertutvalet av Jesper Stub-Johnsen. (Foto: Ola Sæther)

 

Når det gjeld framtida til resten av Kulturhistorisk museum, så var ikkje det mandatet til ekspertutvalet.

– Ei mogleg ny lokalisering av dette museet vil koma på eit seinare stadium i prosessen. Den vil byggja på at UiO først må leggja fram sine vurderingar, sa Halvorsen.

– Blir ikkje flytta ein einaste centimeter

– I originalteikningane til Arnstein Arneberg av Vikingskipshuset var det lagt inn eit nytt byggjetrinn, som ville gjera Vikingskipshuset endå større enn det er i dag. Vil det vera aktuelt å ta fram dei teikningane på nytt, og realisera heile prosjektet til Arnstein Arneberg?

– Det kan me ikkje seia noko om. Heilt sikkert er det at heile vikingskipssamlinga blir verande her, og at vikingskipa og dei andre gjenstandane ikkje kan bli flytta ein einaste centimeter før me veit om det er mogleg å få det til utan å skada gjenstandane, slo Kristin Halvorsen fast.

Også direktør Rane Willerslev ved Kulturhistorisk museum synest konklusjonen bør få konsekvensar.

– Ekspertutvalet åtvarar mot fleire utsetjingar, og no er det viktig at me intensiverer arbeidet med bevaring av vikingskipssamlinga, understrekar han i ei pressemelding.

 

 

Emneord: Vikingskipshuset, Kulturhistorisk museum, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2012 12:41 - Sist endra 3. mai 2012 13:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere