– Universiteta må ta miljøansvar

I juni blir 20-årsjubileet for verdas første miljøtoppmøte markert med Rio +20. Universitetet i Oslo har skrive under på ein akademisk Rio-avtale. – Det er viktig at universiteta viser miljøansvar, seier rektor Ole Petter Ottersen.

MILJØANSVAR: – UiO må visa miljøansvar ved å rydda opp i eige hus, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen. I september 2009 opna han og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe den første stasjonen for utleige av el-bilen Think på Blindern. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Sæther

Denne sommaren valfartar verdas miljøelite til Rio for å markera 20-årsjubileet for Brundtland-kommisjonen sitt miljøtoppmøte «Vår felles framtid» i 1992. Universitet og høgskular over heile verda har skrive under på ein eigen akademisk Rio +20-avtale.

– Det skal vera ein berekraftig praksis på dei akademiske institusjonane. UiO vil vera eit internasjonalt orientert universitet. Difor må me også ta eit internasjonalt ansvar for det me gjer, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Han meiner det er rett å sjå både utover og innover når det gjeld klima- og miljøspørsmål.

– Må halda orden i eige hus

– Sjølvsagt må me sjå på alle dei store, globale utfordringane på område som klima og energi. For at me skal kunna satsa vidare på klima- og energiforsking, er det absolutt naudsynt at me held orden i eige hus. Om ikkje me klarer det med legitimitet, vil det vera vanskeleg å engasjera seg i slike spørsmål, tykkjer UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Han trekkjer fram prosjektet «Grønt universitet» som eit godt døme på at UiO tar dette alvorleg både lokalt og internasjonalt.

– Det fører til at alle dei tilsette og studentane får eit medvite forhold til klima- og miljøtiltak på eit lokalt plan. På den måten har det også ein læringseffekt, understrekar Ottersen. Slik han ser det, er også kommisjonen han leier om global styring (Global Governance for Health), eit godt døme på kor viktig det er å sjå arbeidet for betre miljø og klima i samanheng med arbeidet for å betra helsetilbodet til folk flest på jorda.

– Mindre forureining fører til færre sjukdommar, konstaterer han. Og i Rio vil deltakarlanda mellom anna bli oppfordra til å skriva under på ein avtale om at alle har rett til lik tilgang til sosiale tenester og globale helsetenester.

– Korleis vil dei tilsette og studentane på UiO merka at de har skrive under på den akademiske Rio-avtalen?

– Me er allereie i gang med eit prosjekt som handlar om energibruk. Det skal me vedta ei finansiering av på neste møte i Universitetsstyret. Det vil gi luft under vengene på dei tiltaka som me har sett i verk internt. Og me vil halda fram med dei forskingsprosjekta me har støtta gjennom forskingssatsinga MILEN. Me ynskjer også å knyta spennande tverrfaglege utdanningstilbod opp til vår tverrfaglege energisatsing.

– Renessanse for breiddeuniversiteta

– Men er ikkje det politikarane sin jobb å driva ein klima- og miljøpolitikk? Har dei abdisert og gitt opp håpet om å få dette til?

 – Det trur eg ikkje. Då eg var på møtet i Den europeiske universitetsorganisasjonen (EAU) i Palermo i 2011, bad likevel mange politikarar oss om å engasjera oss i klimaspørsmålet fordi dei hadde konkludert med at dei einaste svara på desse utfordringane er det berre forsking på tvers av faggrensene som kan gi. Derfor blir breiddeuniversiteta viktigare og viktigare, ja eg vil seia at energi- og klimautfordringane gir dei ein renessanse, konstaterer UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Avtalen som UiO-rektoren har skrive under på, går mellom anna ut på at universitetet skal undervisa i berekraftige tiltak og sikra at dei er ein del av kjernepensumet i alle fagdisiplinar. Universitetet forpliktar seg også til forsking på berekraftige utviklingstema, for å betra vitskapleg forståing gjennom utveksling av vitskapleg og teknologisk kunnskap. Lokalt handlar det om bruk av berekraftig energi, vatn og materialar.

Rio +20 opnar i Rio de Janeiro den 20. juni og vil halda fram til og med 22. juni.

Les meir: http://www.uncsd2012.org/rio20/index.html

 

 

 

 

Emneord: Miljøforskning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 29. mai 2012 09:31 - Sist endra 29. mai 2012 09:46

Vi i Grønt UiO har skrevet en kort bloggpost om dette, og vil komme tilbake med mer på bloggen vår etterhvert: http://grontuio.wordpress.com/2012/05/03/rio-declaration/

borgerou@uio.no - 29. mai 2012 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere