Rasar mot lønnskrav frå ny teknisk direktør

NTL-leiar Ellen Dalen rasar mot at nytilsett teknisk direktør Per Erik Syvertsen  (67) krev ei lønn på 923 800 kroner for å jobba i ei 80 prosent stilling. – Det er eit dårleg signal til andre UiO-tilsette.

KRITISERER LØNNSKRAV: - Det er heller ikkje særleg motiverande for dei tilsette i Teknisk avdeling å få ein direktør som tener tre gonger meir enn ein driftsteknikar når dei sjølve ofte arbeider ekstra berre for knappar og glansbilete, seier NTL-leiar Ellen Dalen. Ho reagerer på at nytilsett teknisk direktør Per Erik Syvertsen får 923 800 kroner i året for å arbeida i 80 prosent stilling.

Foto: Ola Sæther

Torsdag formiddag fekk NTL-leiar Ellen Dalen og dei andre hovudtillitsvalde ved UiO ei melding om at dei måtte delta på eit  ekstraordinært drøftingsmøte hos universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Det einaste punktet på sakslista var lønnskravet til nytilsett teknisk direktør Per Erik Syvertsen.  Etter det Uniforum kjenner til, hadde han kome med eit lønnsultimatum, som gjekk ut på at dersom han ikkje fekk tilbod om ei lønn på 923 800 kroner for å arbeida i ei 80 prosent stilling, ville han takka nei til stillinga.

Kravet inneber at han vil få lønnssteg 98 + eit kronetillegg, som er langt over det dei andre fagdirektørane ved UiO tener. Om han hadde blitt tilsett i 100 prosent stilling, ville årslønna ha lege på 1,2 millionar kroner. På drøftingsmøtet skreiv både Forskarforbundet, Akademikarane og Parat under på protokollen om at dei godtok kravet, medan NTL nekta å gjera det. Dermed får nytilsett teknisk direktør Per Erik Syvertsen oppfylt lønnskravet sitt.

– Heilt feil signal

– Me meiner at dette er eit heilt feil signal å gi til alle dei andre tilsette ved UiO. Det er heller ikkje særleg motiverande for dei tilsette i Teknisk avdeling å få ein direktør som tener tre gonger meir enn ein driftsteknikar når dei sjølve ofte arbeider ekstra berre for knappar og glansbilete, seier Ellen Dalen.

Ho er viss på kva signaleffekten blir:

– Om han no truleg får rundt 923 800 kroner i året, vil han tena 100 000 kroner meir enn dei fagdirektørane som arbeider fulltid. Eg er viss på at dei vil koma til å krevja liknande lønnsvilkår,seier NTL-leiar Ellen Dalen til Uniforum.  

Etter hennar meining kan ikkje dei som har jobba med å rekruttera ny direktør til Teknisk avdeling ha gjort ein god nok jobb.

– No har me tilsett ein person som berre kan jobba i tre år fram til han fyller 70 år. Då må UiO tilsetja ein ny person i den stillinga. Etter vår meining høyrer det ikkje heime å tilby den nytilsette tekniske direktøren ei lønn som går utover tariffavtalen, samtidig som alle dei andre tilsette i Sentraladministrasjonen må ta kostnadene  med  å spara inn 10 millionar kroner i året, seier ho oppgitt.   

– Skriv ikkje under

Sjølv om NTL deltar i desse drøftingsmøta, føler ho ikkje at synspunkta deira har noko å seia. 

– NTL skriv ikkje under på denne typen forhandlingar. Me deltar alltid i forhandlingane, men ser at meiningane våre aldri blir fylgde opp, og me ser difor ikkje at premisset som likeverdige partar er oppfylt.

– Pest eller kolera

Parat-leiar Ole Martin Nodenes står fast på at det var eit rett avgjerd å skriva under og godta lønnskravet frå den nytilsette direktøren for Teknisk avdeling.

– Stillinga som teknisk direktør har stått ledig sidan Frode Meinich slutta den 3. september i fjor. Med alle dei store utfordringane som Teknisk avdeling no har, er det viktig at ein ny teknisk direktør er på plass.

– Er det ikkje litt dårleg gjort av den nye tekniske direktøren å presentera eit lønnsultimatum etter at han var blitt tilsett?

– Det var eit val mellom pest eller kolera, og saman med Forskarforbundet og Akademikarane valde me altså å skriva under på protokollen, seier Ole Martin Nodenes.

Universitetsdirektøren forsvarar avgjerda

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe forsvarar via ein e-post at UiO har godtatt lønnskravet frå nytilsett teknisk direktør Per Erik Syvertsen, sjølv om det ligg langt over tariff for denne typen stillingar.

– Det har vore svært vanskeleg å finna ein kvalifisert person til stillinga. Per Erik Syvertsen er svært kvalifisert og det var viktig for oss å tilsetja ein teknisk direktør no - dette er bakgrunnen for at me har godtatt dette kravet.

– Risikerer ikkje UiO at dei andre fagdirektørane vil krevja å koma opp på same lønnstrinn, altså lønnstrinn 98?

– Me reknar ikkje med at dette skal vera lønnsdrivande.

– Sentraladministrasjonen skal gjennom Internt handlingsrom spara inn 10 millionar kroner i året dei neste fem åra. Er ikkje det eit dårleg signal å gi den nytilsette direktøren ei lønn som ligg langt over dei andre fagdirektørane, og tre gonger over det ein driftsteknikar tener i Teknisk avdeling?

– Det er riktig at me skal spara og arbeida meir effektivt, nettopp derfor er det viktig å få tilsett ein velkvalifisert teknisk direktør.

– Blir det ikkje vanskeleg å oppfordra UiO-tilsette til å visa moderasjon når dei skal inn i lokale lønnsforhandlingar?

– Me trur ikkje at dette kjem til å få noko å seia for dei lokale lønnsforhandlingane.

– Ville det ikkje vera mogleg å få ein ny teknisk direktør, som ville akseptera ei vanleg tarifflønn for fagdirektørar?

– Me har hatt ein søknadsrunde der me ikkje har klart det.

– Kva synest du om at NTL ikkje ville skriva under på protokollen fordi dei ikkje vil akseptera lønnskravet?

NTL sitt standpunkt tar eg til etterretning.

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2012 17:52 - Sist endra 4. mai 2012 12:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere