– Hammerfest og Kirkenes er portane til to verdshav

– Hammerfest og Kirkenes er ikkje lenger to byar i utkanten av verda, derimot inngangsportane til to verdshav. Det konstaterte utanriksminister Jonas Gahr Støre på eit møte om tryggingspolitikk på UiO i dag.

IKKJE NOKO TRUGSMÅL: – Då eg gjorde militærteneste, var det berre eitt land som blei rekna som eit trugsmål mot Noreg. Det landet er ikkje noko trugsmål lenger, sa utanriks-minister Jonas Gahr Støre på UiO i dag.

Foto: Ola Sæther

– Geografi er eit viktig element i tryggingspolitikken. Kort sagt er det derfor mogleg å seia at tryggingspolitikken er ei forlenging av geografien. For oss som har havområde og ein sokkel som er seks gonger større enn landområda, er det viktig å ha ein marine og eit flyvåpen som på ein truverdig måte kan dekkja desse områda. I dag er nordområda blitt eit nytt sentrum for krefter i spel. Då tenkjer eg mellom anna på klimaendringar som gjer det mogleg å opna ei ny skipslei frå USA til Asia gjennom Polhavet og på naboskapen til Russland. Slik blir Hammerfest og Kirkenes inngansportane til to verdshav, understreka utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Det var det tryggingspolitiske utvalet i Utanriksdepartementet og Universitetet i Oslo som hadde invitert utanriksministeren til å halda ein tale om tryggingspolitikken i ei brytingstid. Rundt 200 personar fann vegen til Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus.

– Kong Haakon bana vegen for dagens tryggingspolitikk

Støre minna publikum om haldningane til Noregs største motstandshelt, Gunnar «Kjakan» Sønsteby.

– Fridom og evna til å forsvara fridomen vår er ein grunnleggjande ting som alle innbyggjarar i Noreg kan stå saman om. Alt anna kan me krangla om, sa den avdøde motstandshelten Gunnar Sønsteby på eit folkemøte i Oslo i 1961. I dei 40 siste åra av livet sitt førte han norsk forsvarsdebatt ut i det offentlege rommet nesten heilt fram til han døydde 10. mai i år, sa utanriksministeren. Han viste korleis kong Haakon 7. den 10. april 1940 tok eit klart standpunkt mot tysk okkupasjon av Noreg og for støtte til Storbritannia.

– Før Den andre verdskrigen braut laus, var det mykje diskusjon i Noreg om kven ein skulle støtta i ein mogleg konflikt. Mange var skeptiske til Storbritannia. Avgjerda til kong Haakon var basert på ein knivskarp analyse. Det var også augneblinken som gav oss ei brytingstid og har staka ut kursen for dagens tryggingspolitikk, slo Støre fast, og viste til at det bana vegen mot den transatlantiske alliansen, altså NATO-medlemskapen.

– Då eg gjorde militærteneste, var det berre eitt land som blei rekna som eit trugsmål mot Noreg. Det landet er ikkje noko trugsmål lenger. Derimot fører me eit nært og godt samarbeid med landet, både politisk og økonomisk, ja me har til og med eit militært samarbeid. At me kunne inngå delelinjeavtalen i Barentshavet med Russland etter så mange år med harde forhandlingar, viser også at samarbeidet vårt med Russland kan vera eit godt føredøme for andre land, tykte Støre.

– Språkbruk frå ei anna tid

– Likevel skal me ikkje sjå bort frå at Russland framleis har ein viktig militærbase nær grensa til Noreg, og me skal heller ikkje lata vera å reagera mot brot på menneskerettar eller når landet går til åtak på Georgia. Me tykkjer også at russiske statsleiarar av og til nyttar ein språkbruk, som høyrer heilt andre tider til, meinte Støre.

– Kina krev politisk makt

Både Russland og Kina er mellom dei stormaktene som no har fått langt betre råd enn tidlegare og byggjer opp sterkare militærmakt enn før.

– Når Kina investerer mange milliardar i store prosjekt i Afrika, krev landet også politisk makt som motyting for den økonomiske hjelpa. Det me ser, er at den økonomiske veksten flyttar seg frå USA og Vest-Europa til land som India og Kina. Me kan godt seia at det er området mellom Indiahavet og Stillehavet som har dei raskast veksande økonomiane i verda i dag. Tenk på India: Landet har fleire rike enn heile Europa, men landet har også langt fleire fattige. Kina og India er blitt kraftsenter for kunnskap, understreka Støre.

– Ikkje udelte suksessar

Etter hans meining har Kina store utfordringar.

– Kina er ein eittpartistat som har problem med å respektera menneskerettane og samtidig må dei kjempa hardt mot korrupsjon. Fleire av landa i området mobiliserer også militært fordi dei er ueinige om kontrollen over omstridde havområde, peika han på.  

Jonas Gahr Støre trudde også dei militære intervensjonane i Irak og Afghanistan hadde vore ein lærepenge for mange i Vesten.

– Dei var ikkje akkurat udelte suksessar. Og dessutan lærte ein at militærmakt ikkje er formålstenleg for å løysa sosiale og politiske problem. Samtidig har det militære nærværet i Afghanistan truleg vore viktig for tryggingspolitikken i Noreg, når det gjeld faren for asymmetrisk krigføring, som til dømes terroraksjonar, var han overtydd om.

– Veit meir om Afghanistan enn andre NATO-land

Støre trudde det militære nærværet i Afghanistan hadde gått utover kjennskapen til NATO-landa.

– I dag veit dei med ti års fartstid bak seg i det norske forsvaret meir om krigføring i afghanske fjell enn om geografien i NATO-landa. Difor er det viktig at me no har fleire militærøvingar i Nord-Noreg, både med andre NATO-land og nabolanda våre Sverige og Finland, meinte Støre.

Han meinte at USAs utanriksminister Hillary Clinton er inne på noko viktig med sine tre tesar om smart makt: Diplomati, utvikling og forsvar.

– Når Noreg deltar i kommisjonen for Global styring av helse, som UiO-rektor Ole Petter Ottersen leier, og samtidig gir pengar til vaksinasjonsprogram, så er det også ein viktig del av tryggingspolitikken vår.

Les heile talen til Jonas Gahr Støre på nettsidene til Utanriksdepartementet.

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 16. mai 2012 14:54 - Sist endret 16. mai 2012 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere