90 nye streikande på UiO

I dag tok Unio og Parat ut 90 fleire UiO-tilsette i streik. Dei arbeider til dagleg ved USIT, Universitetsbiblioteket og Naturfagsenteret. Rundt 440 UiO-tilsette er no i streik.

FELLES STREIKEVAKTER: NTL og Unio samarbeider om å laga lister over streikevakter utanfor USIT-hovudkvarteret i Kristen Nygaards hus, opplyser lokalt tillitsvald Jon Nordnes i Forskarforbundet/Unio (under vesten),  Mads Lomholt frå NTL og Petter Bjørbæk frå Forskarforbundet/Unio.  

Den største kontingenten av nye streikande arbeider ved Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT). Der fekk 47 nye av dei tilsette beskjed om å gå til streik frå og med i dag tidleg. Frå før har NTL tatt ut 20 av sine medlemar på USIT i streik. Dermed har til saman nesten 70 av 260 USIT-tilsette lagt ned arbeidet.

 – Får konsekvensar for alle

Og det kan folk koma til å merka, trur lokal tillitsvald for Unio, Jon Nordnes:

– Når e-posten, det trådlause nettet og telefonen ikkje fungerer, vil  ikkje noko av dette  bli ordna, så lenge me er i streik. Etter kvart vil det få konsekvensar for alle på UiO, seier Jon Nordnes til Uniforum. Utanfor USIT står han saman med streikevakter frå eiga foreining og streikevaktene frå NTL.

Tillitsvald Mads Lomholt frå NTL synest samarbeidet mellom dei tre streikande fagforeiningane går veldig bra.

– Utanfor USIT samarbeider me om å setja opp lister over streikevakter. Det fungerer svært fint, synest han. Alle gir uttrykk for stor streikevilje.

– Manglande forhandlingsvilje frå staten

Jon Nordnes synest dei dei tre streikande organisasjonane Unio, LO Stat og YS har ei god sak og oppfordrar regjeringa til å koma tilbake til forhandlingsbordet med eit tilbod.

– Det er ein manglande vilje hos staten til å koma oss i møte. Dei går heller ut og brukar opp all retorikken i media i staden for ved forhandlingbordet. Då blir konsekvensen ei opptrapping av streiken, konstaterer han.

– Sluttar folk opp om streiken?

– Ja, det gjer dei, sjølv om dei får ein annan arbeidsgjevar og andre arbeidsoppgåver enn dei har til dagleg.

34 bibliotekarar streikar

Unio har i dag også tatt ut tilsette ved Naturfagsenteret og ved Realfagsbiblioteket i streik. Mellom dei streikande ved Realfagsbiblioteket er overbibliotekar Live Rasmussen, som tidlegare var hovudtillitsvald for Forskarforbundet. På Naturfagsenteret er dagleg leiar og tidlegare viserektor Doris Jorde mellom dei streikande. Til saman er 34 av dei tilsette ved Universitetsbiblioteket tatt ut i streik frå i dag. Streiken råkar i tillegg til Realfagsbiblioteket, også  HumSam-biblioteket i Georg Sverdrups hus og Juridisk bibliotek i sentrum.

Parat har tatt ut sju av dei USIT-tilsette i streik. Dei arbeider med Lønningssystemet SAP og med Felles studentsystem. NTL har ikkje tatt ut fleire av sine medlemar ved UiO i streik i dag.

Fleire av dei tilsette ved Det odontologiske fakultetet, Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Sentraladministrasjonen blei tatt ut i streik allereie  på den første streikedagen, torsdag 24. mai. Det har ført til at praktisk-klinisk eksamen for 3. årsstudentane blei avlyst 24. mai.

Studentar må møta opp til eksamen

Det er studentar som skal opp til eksamen ved Det odontologiske fakultetet og Det utdanningsvitskaplege fakultetet som førebels får merka dei største konsekvensane av streiken. 120 av dei tilsette ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet er i streik, og fleire av dei tilsette ved Institutt for klinisk odontologi.

Alle eksamenskandidatar skal likevel møta til eksamen til oppgitt tid og stad, så sant dei ikkje har fått nokon annan beskjed direkte frå sitt eige fakultet. Studentar kan ta kontakt med studieinfo-senteret sitt for å få meir informasjon.

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 30. mai 2012 13:59 - Sist endra 30. mai 2012 14:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere