– Universiteta må forska på universiteta

– Det er behov for nye og normative modellar for kva eit universitet er. Difor må me forska meir på universitetssystemet, slår Uppsala-professor Kerstin Sahlin fast.

INDIVIDUELT INITIATIV: – Det var altså eit individuelt initiativ frå professor Liu ved Jiao Tong-universitetet i Shanghai som førte til inflasjonen i rankinglister, fortalde Uppsala-professoren Kerstin Sahlin, som også sit i Universitetsstyret ved UiO.

 

Foto: Ola Sæther

– Universiteta var seint ute med å tilpassa seg til den nye offentlege styringsmodellen (New Public Management) samanlikna med andre offentlege sektorar. Me var meir opptatt av å sjå på utviklinga i andre delar av samfunnslivet enn å sjå på vår eigen universitetsorganisasjon, konstaterte økonomiprofessor Kerstin Sahlin i eit foredrag ho heldt på Universitetet i Oslo nyleg. Sjølv er ho ekstern representant i styret for UiO, samtidig som ho for inntil kort tid sidan var prorektor ved Uppsala universitet.

Sahlin peika på at universiteta i Skandinavia ofte har kome i skvis mellom to ulike universitetsmodellar.

– Den eine modellen er ein rein forretningsmodell der du forventar å få igjen det du har investert i form av gode resultat og gode kandidatar. Leiarane er ofte profesjonelle administratorar og styret har eit fleirtal av eksterne medlemar. Den andre modellen er kollegiemodellen der forskarane sjølve sit i dei viktigaste posisjonane som rektor, dekanar og instituttleiarar. Rektor blir som regel vald og fleirtalet av styremedlemane er interne. Men me  har ofte svært vanskeleg for å forklara kva som gjer at den eine modellen er betre enn den andre, meinte Sahlin.

Ho meinte utviklinga mot ein profesjonell organisasjon og forretningsmodell på universiteta hadde skote fart etter introduksjonen av rankingane på midten av 2000-talet. – Det førte til at både OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling), EUA (European University Association og EU blei svært ivrige etter å sjå kva plassering dei ymse universiteta hadde på dei ulike verdsrankingane. Og universiteta prøvde også å tilpassa seg dei kriteria som var viktige i rankingane, meinte Sahlin.

– Individuelt initiativ bak rankingane

Uppsala-professoren viste til at rankingsystemet først tok til ved at amerikanske massemedia presenterte lister over dei beste juridiske fakulteta og dei beste handelshøgskulane. I 1999 kom Financial Times på bana og lanserte ei verdsranking over verdas beste handelshøgskular.

– Det tok først skikkeleg av i 2003 då professor Liu ved Jiao Tong University of Shanghai starta the Academic Ranking of World Universities. Professor Liu hadde bakgrunn som professor i ingeniørfag ved eit kanadisk universitet, før han kom tilbake til Kina. Der ville politikarane gjerne gjera universiteta endå betre. Då trengte dei eit verktøy som kunna samanlikna dei ulike universiteta. Det verktøyet gav professor Liu dei. Seinare utvida han rankinglista si til å gjelda dei aller fleste universiteta i heile verda. Eitt år seinare kom Times Higher Education Supplement ut med si første verdsomfemnande rankingliste av dei beste universiteta. For dei som står bak rankinglista til Jiao Tong-universitetet, har det vore viktig for legitimiteten å stå fast på dei same kriteria frå år til år. Difor tel talet på Nobelprisar, Fieldsmedaljar og ein del andre prisar 50 prosent av totalsummen. Dei klarte også å finna fram til eit system for å vurdera forskingsprestasjonar innanfor samfunnsfaga. Men dei gav opp å finna noko liknande for humaniora, har professor Liu vedgått, fortalde Sahlin.

– For dei ansvarlege for rankinglista til Times Higher Education Supplement har det tvert imot vore viktig for legitimiteten å kunna endra kriteria litt frå år til år. Seinare har det balla på seg med ranking av ulike fagområde til det også er blitt utvikla ei eiga rankingliste over dei beste rankinglistene. Det var altså eit individuelt initiativ som førte til inflasjonen i rankinglister, fortalde Kerstin Sahlin med eit smil.

Rankinglistene blir tatt alvorleg

Etter hennar meining har altså både internasjonale organisasjonar og nasjonale regjeringar tatt desse rankinglistene svært alvorleg.

– I Sverige har det ført til press på universiteta om at dei må omstilla seg og tilpassa seg nye tider. Uppsala universitet sette i gang ei eiga evaluering av eiga verksemd og har allereie repetert det ein gong. På den måten vil universitetet visa at det tar alvorleg ansvaret for å sjekka kvaliteten på forsking og undervisning, og slik kjem det regjeringa i forkjøpet. Det interessante er at det er høgskulane og dei små universiteta som pressar på i den svenske versjonen av NOKUT for at fag og forskingsinstitusjonar skal bli evaluerte. Sjølv om me på universiteta ser på oss som noko unikt innanfor statleg forvalting, så gjer ikkje politikarane det. Dei meiner at universiteta og høgskulane må gå gjennom den same organisasjonsutviklinga som resten av offentleg sektor. Eit teikn på det er at nyvalde eller nytilsette universitetsrektorar i Sverige blir sende på dei same kursa som andre offentlege leiarar, og ikkje på spesielle kurs for universitetsrektorar, peika Sahlin på.  

Historia gjentar seg

Professor Peter Maassen ved Pedagogisk forskingsinstitutt meinte at det same kravet om at universiteta må levera, er den same no, som rett etter Den andre verdskrigen og fram til midten av 1960-talet.

– Då ville dei nasjonale regjeringane i Europa at universiteta skulle delta i samfunnsbygginga, viste Peter Maasen til.

– Uansett så er det svært viktig at me forskar meir på universiteta og universitetssystemet. På den måten kan me kanskje koma fram til ein slags felles idé om kva eit universitet er, trudde Kerstin Sahlin.

 

Emneord: Rangering, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2012 22:32 - Sist endra 19. apr. 2012 23:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere