– Det syriske folket vil vinna til slutt

– Det kan ta månader og år, men eg er overtydd om at folket i Syria vil vinna over diktaturet til Bashar al-Assad, seier professor Salwa Ismail til Uniforum. Ho har fleire forskingsopphald bak seg i Syria.

VIL FJERNA ASSAD: – Eg trur det syriske folket vil halda på med demonstrasjonar og opprør heilt til president Bashar al-Assad er fjerna frå makta, seier Syria-ekspert Salwa Ismail.

– Truleg har over ti millionar syrarar deltatt i demonstrasjonar over heile landet. Og dei held fram trass i at minst 10 000 har mista livet i åtaka frå den syriske hæren og spesialstyrkane til president Assad. Det viser at dei er fast bestemte på å kvitta seg med diktatoren, seier Salwa Ismail, som er fødd i Egypt og som no er professor ved School of African and Oriental Studies (SOAS) i London.

Denne veka er ho på Oslobesøk for å delta i paneldebattar om Midtausten i Litteraturhuset og på UiO og på «Arabiske filmdagar». I eit eksklusivt intervju med Uniforum på Grand Hotel vedgår ho at det finst parallellar mellom det velta regimet til Hosni Mubarak i Egypt og Bashir al-Assads diktatur i Syria.

– Hæren spelar ulike roller

– Den største likskapen mellom dei er at begge regima er svært autoritære. Både Mubarak og Assad brukte og brukar vald mot sitt eige folk. Den største skilnaden er likevel kven det er som utøver valden. I Egypt var det politiet som blei brukt frå alt til å dela ut bøter, mishandla folk og til å slå ned demonstrasjonar med hard hand. På den måten var også opprøret i Egypt ein reaksjon mot politibrutaliteten. Den egyptiske hæren hadde berre blitt brukt til å slå ned demontrantar ein einaste gong tidlegare. Det var i 1975, då folk protesterte mot fjerning av subsidiar på matvarer. I Egypt ser hæren på seg sjølv som forsvarar av sine eigne interesser, ikkje som forsvarar av til dømes Mubaraks regime, understrekar Salwa Ismail.

– Kva rolle spelar då hæren i Syria?

– Spesialstyrkane og hæren er nærare knytte til regimet. Spesielt den fjerde divisjonen, som blir leidd av presidenten sin bror, Maher al-Assad. Ikkje alle soldatane er alawittar, den shiamuslimske minoritetsgruppa som presidenten tilhøyrer, men over 90 prosent av offiserskorpset er det. Fleirtalet av syrarane er sunnimuslimar, og det er truleg også grunnen til at Saudi-Arabia støttar opprøret, medan Iran støttar Assad og regimet, ikkje så mykje av religiøse årsaker, men heller av realpolitiske grunnar, meiner ho.

– Vil aldri gi seg

– På mange måtar fungerer dei væpna styrkane i Syria som ein buffer mellom styresmaktene og folket. Og når regimet er truga, nøler dei ikkje med å bruka vald mot sitt

Syria:

President: Bashar al-Assad

Innbyggjarar: 22,5 millionar

Hovudstad: Damaskus

Aktuelt: Fredelege demonstrasjonar mot regimet er blitt møtt med vald. Fleire av motstandarane til regimet har gitt opp trua på ikkje-vald og danna Den frie syriske hæren

 

eige folk. Trass i det er eg viss på at folket ikkje vil gi seg før regimet til Bashar al-Assad har falle. Dei har vist både for seg sjølve og for resten av verda at dei ikkje vil at han skal styra Syria. Det syriske folket har allereie ofra 10 000 liv, og 10 millionar av dei har protestert i gatene, medvitne om kva konsekvensar det kan få for dei. Difor trur eg dei vil halda på heilt til Assad er fjerna frå makta, seier Ismail.  

Imot utanlandsk intervensjon

Medan NATO gjekk til åtak på Gadaffi-regimet i Libya etter at opprørarane bad om det, vil ikkje det vera ei god løysing for Syria etter Salwa Ismails meining. – Dessverre ser det ut til at det utviklar seg noko som liknar ein borgarkrig i Syria, med Den frie, syriske hæren på den eine sida og regimet sine soldatar på den andre. Eg har inga tru på at ein utanlandsk væpna intervensjon vil gjera situasjonen betre for det syriske folket. Då måtte det i tilfelle vera noko som kunne kallast ein humanitær intervensjon, dersom borgarkrigen skulle føra til svære lidingar, seier ho. Etter hennar meining har ikkje det syriske folket ekte venner, verken i Midtausten, i Europa eller i USA.

– For USA er det viktigaste å sikra Israel trygge grenser, for Saudi-Arabia er det viktigare å senda islamske ekstremistar til land utanfor Saudi-Arabia, for Iran er det viktig med ein strategisk allianse med Syria, og for Russland er det viktig å halda på flåtebasen i Syria. Så lenge Syria ikkje trugar grensene til nabolanda sine, er det eigentleg ingen som bryr seg om det syriske folket. Trass alt har Syria vore eit beinhardt diktatur i over 40 år utan at nokon har brydd seg om undertrykkinga, konstaterer ho.

– Optimist

Egypt:

Regime: Militærråd leidd av Mohamed Hussein Tantawi

Innbyggjarar: 81 millionar

Hovudstad: Kairo

Aktuelt: Demonstrasjonar velta det 30 år lange regimet til Hosni Mubarak i fjor vinter.

 

I heimlandet hennar, Egypt, har den muslimske brorskapen og dei ytterleggåande muslimske salafistane reint fleirtal i parlamentet etter det siste valet. – Folk vågar å kritisera salafistane openlyst også, og folket ser at røysta deira tel. Og om den muslimske brorskapen og salafistane ikkje fører ein god politikk, kan dei stemma dei ut av parlamentet i neste omgang. Eg er difor optimist når det gjeld den politiske utviklinga i Egypt.  

– Når Syria vil få eit nytt regime, er det ikkje då fare for at det kan gå frå eit sekulært diktatur til eit islamsk diktatur, som i Iran?

– Nei, det trur eg ikkje. Då eit religiøst opprør blei slått ned med hard hand av faren til dagens president i Hama i 1982, og mellom 10 000 og 25 000 personar blei drepne, var det mange som meinte at Den muslimske brorskapen stod bak opprøret. Det stemte ikkje, men fleirtalet av syrarane er av den grunn imot å gi eit islamsk parti makta, endå mange av dei er strengt religiøse. Trass alt har Syria ein langt lengre tradisjon for sekularisme enn Egypt, slår ho fast.

Salwa Ismail har ikkje noko særleg godt å seia om USAs rolle i Egypt og i Syria.

– Først så støtta dei opp om Mubaraks regime i fleire tiår, før dei deltok og støtta destabiliseringa av regimet hans. Og USA og andre land i Vesten har handla med Assad-regimet i Syria i alle dei tiåra det har vore eit beinhardt diktatur. Det tyder på at det er realpolitikk som styrer politikken og ikkje omsut for folket i desse landa, konstaterer ho.

 

 

 

 

Emneord: Syria, Egypt Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2012 12:58 - Sist endra 18. apr. 2012 13:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere