Ber norske forskarar kjempa om friske EU-milliardar

Mellom 70 og 80 milliardar kroner står no på ein EU-konto og ventar på at forskarar frå Noreg og andre land i Europa skal konkurrera om å få bruka pengane på sine banebrytande forskingsprosjekt.- Søk! oppfordrar Per Ivar Høvring i Forskingsrådet.

FRIE OG FRISKE PENGAR: EU lyser ut den siste potten i det sjuande rammeprogrammet til sommaren. – Dette er midlar som forskarane kan disponera akkurat slik dei vil innanfor det temaet dei har valt å forska på, seier seniorrådgjevar Per Ivar Høvring i Forskingsrådet.  

Foto: Ola Sæther

– Ein inngangsbillett på 1,6 milliardar kroner er lite for å få tilgang til ein så stor sum med friske pengar, meiner internasjonal direktør Simen Ensby i Forskingsrådet. Han håpar at endå fleire forskarar i Noreg enn tidlegare vil delta i kampen om å få tildelt pengar frå denne aller siste potten frå EUs 7. rammeprogram til forskingsprosjekta sine.

– Hovudprioriteringane til EU er dei same som Noregs forskingsråd har. Det er fagområde som helse, marin forsking, samfunnstryggleik og energi og miljø. Stort sett har det vist seg at forskarar frå Noreg lykkast betre enn gjennomsnittet for alle landa i å få tildelt pengar frå denne potten. Om dei deltar no, vil dei koma i ein endå betre posisjon før utlysinga av det neste store forskingsprogrammet i EUs regi, Horizon 2020, understrekar Ensby.

I dag deltar om lag 4000 forskarar i Noreg i 1060 ulike forskingsprosjekt i regi av EU. Dei samarbeider med forskarar i 111 andre land.

Den aller største pengesummen er lagd inn i dei store forskingsstipenda til Det europeiske forskingsrådet (ERC), altså ERC Advanced Grant og ERC Starting Grant. Seniorrådgjevar Per Ivar Høvring i Forskingsrådet er ganske nøgd med korleis forskarar i Noreg har gjort det innanfor programmet for godt røynde forskarar, altså ERC Advanced Grant.

– Noreg kjem godt ut

– Noreg har stort sett kome svært godt ut av tildelingane frå dette store programmet. Spesielt innanfor livsvitskapane har Noreg gjort det bra i ERC Advanced Grant, seier Høvring. Når det gjeld stipenda for yngre og lovande forskarar, ERC Starting Grant er biletet heilt annleis.

– Der gjer Noreg det betre innanfor naturvitskap, teknologi, samfunnsvitskap og humaniora, seier Høvring.

For Starting Grant var utteljinga heller dårleg dei første åra. No ser utviklinga ut til å gå rette vegen også på det området.

– Under den siste tildelinga var det dobbelt så mange som fekk tilslaget som dei tre føregåande åra til saman. Utfordringa for søkjarane til Starting Grant-stipenda er at det er yngre forskarar som gjerne vil demonstrera at dei er i ferd med å bli sjølvstendige forskarar og har frigjort seg frå dei gamle rettleiarane sine. Her slit me også litt på området internasjonal mobilitet, vedgår Høvring.

Norske forskarar vil ikkje ut

– Forskingsrådet har gode ordningar for eigne stipendiatar som det er viktig at dei i større grad gjer seg nytte av, samstundes som dei også bør nytta andre internasjonale mobilitetsordningar, som Marie Curie. Røynsla vår er at det dessverre er lettare å få utanlandske forskarar til Noreg enn å få norske forskarar til å dra ut, konstaterer Per Ivar Høvring.

– Trur du ikkje mange gir opp før dei har begynt når dei ser kor vanskeleg det er å få tildelt pengar frå Forskingsrådets forskingsprogram?

– Det må dei ikkje, for om dei har sendt inn ein god søknad til Forskingsrådet, er det endå lettare å få til ein god søknad til Det europeiske forskingsrådet (ERC). Dei er også langt dristigare enn det me er, til å gi støtte til banebrytande prosjekt. «High risk, high gain» er deira motto. Målet er at forskingsprosjekta som får støtte, skal ta eit sjumilssteg framover innanfor sitt fagområde. Og dette er midlar som forskarane kan disponera akkurat slik han eller ho vil innanfor det temaet dei har valt å forska på, peikar Høvring på.

– Nokre fekk pengar etter tredje forsøk

For dei som ikkje når opp i første omgang, men likevel oppnår den aller beste karakteren, har Forskingsrådet ei ekstra gulrot.

– Ja, dei som har gått vidare til andre runde og blitt vurderte til å ha like høg kvalitet på prosjekta sine som dei som til slutt fekk tilslaget, vil få finansiert opptil 75 prosent av forskingsprosjektet sitt av Forskingsrådet, fortel Høvring.

Milliardar i potten

I den siste potten i EUs 7. rammeprogram er 1,7 milliardar euro (12,4 mrd. kroner) øyremerkte til ERC. I det neste forskingsprogrammet til EU, Horizon 2020, er det foreslått å løyva 13,2 milliardar euro (99,69 milliardar kroner) til ERC. Det er ein auke på om lag 75 prosent i høve til potten i EUs 7. rammeprogram.

Og dei som ikkje når opp første gong dei søkjer, bør absolutt ikkje gi opp.

– Nei, me har forskarar som fekk pengar først etter at dei hadde søkt for tredje gong, minnest han.

Dei fleste søknadene kjem frå universiteta, men også forskarar frå høgskular og institutt kan søkja om å få tildelt desse pengane.

– Det er svært prestisjefylt og opnar for å danna nye internasjonale forskarnettverk og samarbeid over landegrensene. Samstundes kan forskarane tenkja strategisk framover mot Horizon 2020. I den siste budsjetthandsaminga av EUs nye forskingssatsing var ERC den store vinnaren og fekk nesten dobla budsjettet sitt. Difor er det viktig at norske forskarar også ser på den europeiske forskingsarenaen som eit naturleg område å henta inn finansiering frå, understrekar Høvring.

Informasjonsturné

I Oslo vil det bli eit stort informasjonsmøte om den siste potten i EUs 7. rammeprogram i Felix konferansesenter torsdag 26. april. Det blir også halde kurs i søknadsskriving til ERC Starting Grant både i Bergen, Oslo og Trondheim i juni, i god tid før utlysinga blir offentleggjort i juli. Den 23. august blir det eit eige søkjarkurs for ERC Advanced Grant i Oslo. Tidsfristen for å søkja om pengar frå ERC Advanced Grant blir truleg ein gong i november.

 

Emneord: Forskningspolitikk, Økonomi, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2012 14:50 - Sist endra 24. apr. 2012 16:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere