Kjønnspoeng skal få menn inn på psykologi

To ekstra kjønnspoeng skal sikra at fleire menn tar profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Oslo. – Det er svært viktig at også menn blir psykologar, seier instituttleiar Kjetil Sundet til Uniforum.

INGEN MANN: Det er berre jenter som fyller opp kaffibaren ved Psykologisk institutt.

Foto: Ola Sæther

Både fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet og instituttstyret ved Psykologisk institutt har godkjent at det blir innført ei prøveordning med å tildela to ekstra kjønnspoeng til menn som søkjer seg inn på profesjonsstudiet i psykologi. Om også Universitetsstyret vedtar forslaget, kan tiltaket setjast i verk for dei mennene som vil søkja seg inn på profesjonsstudiet i 2013. I 2011 var heile 80 prosent av alle som kom inn på profesjonsstudiet, kvinner.

– Det er ei utvikling som har skjedd over fleire år. Også studentkulla har tatt dette opp med oss, fordi det ikkje er bra verken for studentmiljøet eller for samfunnet at berre to av ti psykologar er  menn, seier instituttleiar Kjetil Sundet.

– Viktig at folk kan gå til mannlege psykologar

Sjølv om det ikkje finst nokon grunn til å tru at ikkje kvinnelege psykologar kan gjera ein like bra jobb med menn som med kvinner, meiner han likevel det er viktig at både menn og kvinner har høve til å gå til mannlege psykologar.

– Det er ein rett å kunna velja om ein vil gå til ein mann eller ei kvinne for å fortelja om psykiske problem. Me trur at det i mange situasjonar er lettare for menn å gå til psykolog om psykologen er ein mann, meiner Sundet.  

Sjølv er han overraska over at studentrepresentanten i instituttstyret stemte imot å innføra ei ordning med ekstra poeng for mannlege søkjarar.

– Studentane har også vore opptatt av dette og ynskte at noko måtte gjerast med den skeive kjønnsbalansen på profesjonsstudiet, konstaterer han.

I fagmiljøet har det ikkje vore nokon stor motstand mot tiltaket. – Nei, dei ser alle behovet for at noko må gjerast, seier han.

I fjor sette Universitetet i Oslo ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på om det var mogleg å innføra tilleggspoeng for det underrepresenterte kjønnet ved opptak til medisin, odontologi og profesjonsstudiet i psykologi. Gruppa blei leidd av førsteamanuensis Anne Kari Torgalsbøen frå Psykologisk institutt, og då rapporten blei lagd fram i fjor haust, rådde gruppa til at det blei innført to ekstra kjønnspoeng for mannlege studentar.

Ifylgje eit oppslag på nettsidene til Psykologisk institutt konkluderer rapporten med at det vil skapa ein 40/60-balanse mellom menn og kvinner. Etter det Kjetil Sundet kjenner til innførte Noregs veterinærhøgskule tilleggspoeng for mannlege søkjarar i 2004.  Det førte til at det kom fleire menn inn på veterinærstudiet.

– Kvinner har best karakterar

– Dei siste åra har det vore like vanskeleg å koma inn på profesjonsstudiet i psykologi som på medisin og odontologi. Og det er kvinnene som har dei aller beste karakterane frå den vidaregåande skulen, og 40 prosent av dei som kjem inn på profesjonsstudiet, kjem derifrå. Og det er menn som søkjer seg direkte frå den vidaregåande skulen, som i første omgang vil få to tilleggspoeng. Då vil dei gå forbi nokre av dei kvinnelege søkjarane, men dei må likevel ha svært gode karakterar og vera godt kvalifiserte for studiet, understrekar Sundet.

Meir enn halvparten av dei som kjem inn på profesjonsstudiet, har skaffa seg tilleggspoeng gjennom alder, praksis og andre relevante fag, opplyser Sundet.

Profesjonsstudiet utdannar psykologar som i stor grad får seg jobb i helse- og sosialvesenet.

– For oss er det difor viktig at det blir ei bra fordeling av menn og kvinner, slik at folk kan få eit reelt val om dei vil ha ein mannleg eller kvinneleg psykolog. Dei vil ofte behandla folk i grupper på poliklinikkar eller sjukehus. Eit døme kan vera ein familie med rusproblem. Då er det viktig at familiemedlemar av begge kjønn har nokon av same kjønn å snakka med, poengterer han.

Gjeld ikkje for bachelor- og masterstudentar

Dei to ekstra tilleggspoenga vil ikkje gjelda for studentar som søkjer seg inn på bachelor- og masterstudiet i psykologi. – Desse søkjarane vil koma inn på heilt vanlege vilkår, peikar han på.

Før innføringa av Kvalitetsreforma kom mange inn på profesjonsstudiet på grunnlag av ein bestemt karakter frå psykologi grunnfag. – Eg vil ikkje tilbake til den ordninga. Det førte til at mange tok eksamen om igjen fleire gonger heilt til dei fekk den karakteren som blei kravd, seier Sundet.

No håpar han at prøveordninga får halda på ei stund. – Den må vara i minimum to år for å sjå om den har nokon effekt. Om effekten blir at tre av ti studentar i framtida vil vera menn, så er det uansett betre enn to av ti, meiner han.

Studentrepresentant Berit Serina F. Sikveland stemte imot innføring av tilleggspoeng då saka var oppe i instituttstyret på psykologi.

– For å gjera det klart med ein gong: både eg og andre tillitsvalde ved Psykologisk institutt er einige i at det er ynskjeleg med ein jamnare kjønnsbalanse på profesjonsprogrammet. Me stiller oss derimot kritiske til at tilleggspoeng er den einaste og beste løysinga på denne problemstillinga, skriv Berit Serina F. Sikveland i eit lesarinnlegg i dette nummeret av Uniforum.

Også Det odontologiske fakultetet går inn for å innføra kjønnspoeng for mannlege søkjarar frå 2013, stadfestar fakultetsdirektør Leif Erling Jensen.

– Fakultetet si leiargruppe er positiv til at det blir innført tilleggspoeng for menn som vil inn på odontologistudiet, men dette tiltaket må verka saman med andre tiltak. Det er ikkje berre ei oppgåve for universitetet, men ei nasjonal oppgåve å få fleire menn inn i høgare utdanning, synest han.

Les også debattinnlegg på side 13.

 

 

Emneord: Studentforhold, Likestilling, Psykologi, SV-fakultetet Av Martin Toft
Publisert 15. mars 2012 08:49 - Sist endra 15. mars 2012 09:36

I Klassekampen den 10.6.2010 har jeg en artikkel som berører dette. Den svenske regjeringen har forbudt slike ordninger fordi de diskriminerer kvinner. Artikkelen ligger i A-tekst under tittelen "Svekket likestillingsvern". Her står det:

"I Sverige vet vi at det har gått motsatt: menn er i stor grad blitt favorisert ved opptak til studier, for eksempel medisin, psykologi og veterinærstudiet. En rettssak i 2009 har slått ned på dette: 44 kvinner som ble forbigått av menn (med dårligere karakterer) ved opptak på veterinærutdanningen gikk til gruppesøksmål mot staten. Staten ble felt for ulovlig kjønnsdiskriminering og kvinnene fikk erstatning. Beregninger som organisasjonen Centrum för rättvisa (som bisto kvinnene) har gjort på materiale fra utdanningsmyndigheten, viser at det bare i 2009 forekom over 5 000 lignende tilfeller av kjønnsdiskriminering i universitets- og høyskolesystemet – og i 95 prosent av tilfellene var det kvinner som ble rammet. Som følge av dette har den svenske regjeringen bestemt at det fra 1. august i år ikke lenger skal benyttes kjønnskvotering ved opptak til høyere utdanning i Sverige."

Hilsen Anne Robberstad

 

annero@uio.no - 22. mars 2012 10:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere