Heller internasjonal i Arktis enn størst i Nord-Noreg

Universitetet i Tromsø har lansert seg sjølv som eit lokomotiv i nordområdesatsinga og identifiserer seg heller som eit internasjonalt universitet i Arktis-regionen enn det største i Nord-Noreg. Det har UiO-forskar Rómulo Pinheiro funne ut.

UNIVERSITETSFORSKAR: Rómulo Pinheiro har samanlikna tre ulike universitet og forholdet til regionen dei ligg i. (Foto: Ola Sæther)

Foto: Ola Sæther

Det er rektor Jarle Aarbakke og forgjengaren hans i rektorstolen, Ole Danbolt Mjøs som får ein god del av æra for det hamskiftet som har skjedd ved Universitetet i Tromsø.

– Aarbakke og Mjøs har vore svært viktige i arbeidet med å informera regionen om rolla til Universitetet i Tromsø og korleis det kunne utvikla seg frå å vera ein regional aktør i Nord-Noreg til å bli ein internasjonal aktør i Arktis- og Barents-regionen. Samtidig har Jarle Aarbakke også hatt ein sentral posisjon i utviklinga av regjeringa sin nordområdestrategi, konstaterer forskar Rómulo Pinheiro ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet på Universitetet i Oslo.

I regionen for regionen?

I doktoravhandlinga si har han samanlikna tre universitet i tre ulike land for å sjå korleis dei har utvikla seg i samspel med den regionen dei ligg i. Dei tre universiteta han valde var Universitetet i Tromsø, Universitetet i Oulo i Finland og Nelson Mandela Metropolitan University i Port Elizabeth i Sør-Afrika.

– Det sør-afrikanske universitetet er eit resultat av ei samanslåing av tre tidlegare universitet som stod på forskjellige sider under apartheidtida i Sør-Afrika. Som eit fusjonert universitet er det også ganske nytt. Det er ein modell som kan omtalast som ei blanding av eit universitet som UiO, som tilbyd undervisning i klassiske fag, og meir praktisk-orienterte studium som på dei norske høgskulane. Universitetet i Oulo plukka eg ut fordi det ligg i den mest teknologisk utvikla delen av Finland, medan Universitetet i Tromsø blei med fordi det er eitt av dei tradisjonelle universiteta i Noreg, sjølv om det i si tid var politikarane som tok initiativ til at det skulle opprettast for å sikra at det var mogleg å ta høgare utdanning i Nord-Noreg, fortel Pinheiro.

Fann store skilnader

I avhandlinga si har han sett på i kva grad universiteta deltar i den økonomiske og teknologiske utviklinga av den regionen dei ligg i. Der fann han store skilnader mellom dei tre universiteta. – Eg har mellom anna referert til ein artikkel som viser at då tilsette ved Universitetet i Oulo blei spurde om kven som var dei viktigaste samarbeidspartnarane for dei, nemnde dei eksterne aktørar, som til dømes Nokia. Dei blei samanlikna med tilsette ved Umeås universitet i Sverige, der dei nemnde andre forskarar på andre institutt og ingen eksterne aktørar. Ved Nelson Mandela Metropolitan University er samarbeidet mellom forskarar og regionale aktørar sentralisert til eit eige kontor som tar seg av alle avtalane med eksterne aktørar. For dei er det viktig at universitetet er ein institusjon som kan skapa utvikling i regionen. Dette er eit godt døme på korleis det regionale mandatet dei siste åra er blitt institusjonalisert og formalisert av sentraladministrasjonen. Universitetet i Oulo har spelt ei viktig rolle for at Oulo-regionen i dag er den regionen i Finland som ligg på landstoppen både i forsking og utvikling og i innovasjon, fortel Pinheiro.

– Internasjonalt kjent for ekspertisen på urfolk

Gjennom studiet av Universitetet i Tromsø har han oppdaga at universitetet både har klart å vera eit regionalt kraftsenter samtidig som det har utvikla fagområde som det er verdsleiande på.

– Universitetet har vore dyktig til å utvikla ekspertise innanfor samiske spørsmål. På det medisinske fakultetet har dei til dømes blitt verdsleiande på spørsmål som har å gjera med helsetilstanden til folket i landsdelen. Ikkje minst forskinga på hjartelidingar hos folk i Nord-Noreg har vore banebrytande og vist veg for forsking på andre urfolk i andre delar av verda. Og forskinga på samiske spørsmål har vore grenseoverskridande også innanfor universitetet ved at forskarar frå ulike fagområde har samarbeidd nært om desse spørsmåla. På den måten har Universitetet i Tromsø blitt kjent internasjonalt som «the sami university», har Pinheiro lagt merke til.

Sjølv om Universitetet i Tromsø reknar seg som eit av dei fire tradisjonelle universiteta i Noreg, så har ikkje grensa mellom kjerneaktivitetane forsking og undervisning og bruk av forsking til utvikling av næringslivet, vore like klar som til dømes ved Universitetet i Oslo. Ved UiO er Forskingsparken organisert i randsoneorganisasjonen UniRand. På den måten treng ikkje universitetet smussa til kjerneaktivitetane ved at dei tar på seg oppdrag for næringslivet.

–Vil tena regionen

– I Tromsø har både forsking og undervisning i stor grad eksistert for å tena regionen, og difor har det vore kort avstand mellom kjerneaktivitetane og oppdrag for regionale aktørar, konstaterer Pinheiro. I byrjinga var derimot skepsisen mellom næringslivet i regionen og dei universitetstilsette svært stor. – På 1970- og 1980-talet var næringslivet overtydd om at Universitetet i Tromsø var fullt av sekstiåttarar med arbeidarklassebakgrunn, som ikkje var interesserte i å delta i utviklinga av regionen. Samtidig rådde det ein del skepsis blant forskarane mot å skitna til hendene sine med å samarbeida for nært med næringslivet. Derfor er det viktig at universitetsrektorane forklarar den akademiske rolla universiteta har til dei eksterne aktørane. Det er nøkkelen til eit godt samarbeid, trur Pinheiro.

Etter å ha analysert både interne styringsdokument og intervjua 83 personar knytte til både dei tre universiteta og dei eksterne aktørane, har han kome fram til eit fellestrekk i forholdet mellom universiteta og regionen dei ligg i.

– Får eigen vitskaps- og marknadsprofil

– Det er blitt ei endå klarare utvikling i retning av å integrera regionale problemstillingar i kjerneaktivitetane forsking og undervisning og å knyta dei til randsona. Grunnen er truleg at dei er blitt meir avhengige av inntekter frå eksterne aktørar i regionen. Regionale dimensjonar kan hjelpa universiteta til å utvikla sin eigen vitskaps- og marknadsprofil etter kvart som den nasjonale og internasjonale konkurransen innanfor høgare utdanning blir viktigare, seier Rómulo Pinheiro. Han skal no halda fram med å forska på liknande spørsmål for Agderforsking, som er knytt til Universitetet i Agder.

Det står meir om dette temaet i boka "Universities and Regions: Tensions and Contradictions" (Routledge 2012). Rómulo Pinheiro har skrive ein av artiklane og er ein av redaktørane for boka.

 

 

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet Av Martin Toft
Publisert 15. mars 2012 12:03 - Sist endra 15. mars 2012 13:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere