Forskingssamarbeidet med EU må halda fram som i dag

Noreg bør halda fram med dagens tilknyting til det europeiske forskingsområdet innanfor EU, konkluderer ein rapport som i går blei overrekt kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

FRAMTIDAS FORSKINGSSAMARBEID: – Denne rapporten gir oss eit godt grunnlag for å diskutera korleis Noreg skal knyta seg til EUs forskingsprogram i framtida, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Foto: Martin Toft

Ei vidareføring av dagens tilknytingsform til det europeiske forskingsområdet (ERA) innanfor EU, vil både vera enklare å handtera og gjera det langt lettare for Noreg å bli med i EUs kommande rammeprogram for forsking, Horizon 2020. Det einaste som trengst for å få det til er eit stortingsvedtak. Det er konklusjonen i ein rapport som Technopolis Group har laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Fire alternative modellar

I rapporten er det skissert fire alternative tilknytingsformer til EUs forskingspolitikk. Det første alternativet er å lata all deltaking i EUs forskingsprogram bli inkludert i den forpliktande delen av EØS-avtalen.

Det andre alternativet inneber inga endring. Forskingssamarbeidet inngår i den frivillige delen av EØS-avtalen.

Det tredje alternativet er ein bilateral avtale med EU, lik den som Sveits og Israel har i dag.

Det fjerde og siste alternativet er å inngå ein avtale som eit tredjeland, på lik linje med USA. Då vil Noregs rolle berre bli prosjekt til prosjekt-deltaking. Det var slik situasjonen var før 1994.

– Godt grunnlag

– Denne rapporten gir oss eit godt grunnlag for å diskutera korleis Noreg skal knyta seg til EUs forskingsprogram i framtida. Gjennom EUs rammeprogram for forsking får me tilgang til forskingsaktivitetar som er mange gonger større enn Noregs forsking åleine. Samarbeidet gir også norske forskarar høve til å jobba tett med leiande forskarar i Europa, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen då ho tok imot rapporten frå Patries Boekholt i Technopolis Group.

Noreg får 70 prosent av bidraget tilbake

Rapporten er altså svært klar på å rå til at Noreg held fram med same tilknytingsform som før til EUs forskingsprogram. Fram til no har det ført til at landet vårt har fått meir igjen for dei pengane det har investert i rammeprogramma enn gjennomsnittet av EU-landa. Analysen viser at Noreg får 70 prosent av bidraget sitt til EUs forskingsprogram tilbake til norske forskingsprosjekt i akademia eller i næringslivet.

Ved å føra vidare dagens modell for forskingssamarbeidet med EU, kan Noreg halda fram med å delta i fleire strategiske forskingsplattformer, vera observatør i programkomiteane, vera observatør på møta i rådet til det europeiske forskingsområdet (ERAC) og i andre uformelle rådsmøte. Noreg kan delta på lik linje med EU-landa i viktige strategiske komitear som the European Strategy Forum on Research Infrastructures (ESFRI) og Strategic Forum for International S&T Cooperation (SFIC).

Samtidig kan norske selskap, forskingsinstitutt og universitet halda fram med å dra fordelar av dei europeiske forskingsprogramma som prosjektdeltakarar, prosjektkoordinatorar og som framifrå forskarar. Noreg kan dessutan halda fram som partnar i forskings- og innovasjonsmiljø i andre europeiske medlemsland og tilknytte land. Rapporten konkluderer med at med dagens tilknytingsform vil Noreg også ha høve til å påverka EUs forskingspolitikk og val av satsingsområde.

1,2 milliardar i årleg kontingent

I 2014 vil EU setja i verk det nye rammeprogrammet for forsking, Horizon 2020. Forskingssamarbeidet med EU er ein del av den frivillige delen av EØS-avtalen, og Noreg må bestemma seg for i kor stor grad landet skal delta i det nye rammeprogrammet som skal vara fram til 2020. I dag betalar Noreg om lag 1,2 milliardar kroner årleg for å delta i EUs forskingsprogram, og den årlege kontingenten er venta å auka dei neste åra sidan kontingenten blir bestemt ut ifrå bruttonasjonalproduktet til Noreg.

Tilrådinga får støtte

Då rapporten blei presentert på Litteraturhuset i Oslo i går, uttrykte både seniorrådgjevar i Næringslivets hovudorganisasjon, Tore Lie, professor og leiar for forskingssenteret ARENA ved UiO, Erik Oddvar Eriksen og administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet støtte til rådet til regjeringa om å halda fram med dagens tilknytingsform til EUs forskingsprogram.

– Innhaldet i rapporten gir oss eit naudsynt grunnlag for å ta ei avgjerd om norsk deltaking i EUs neste rammeprogram for forsking, Horizon 2020, slo kunnskapsminister Kristin Halvorsen fast. Truleg vil Stortinget få det siste ordet i det spørsmålet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Forskingspolitikk, EU Av Martin Toft
Publisert 27. mars 2012 13:38 - Sist endra 27. mars 2012 13:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere