Får Abelpris for diskret matematikk

Den ungarsk-amerikanske matematikaren Endre Szemerédi er tildelt Abelprisen for 2012.

OG ABELPRISVINNAREN 2012 ER..: Endre Szemerédi! Det blei kunngjort av preses i Vitskapsakademiet, Nils Christian Stenseth klokka 12.00 i formiddag.

Foto: Ola Sæther

Det er forskinga Endre Szemerédi har gjort i diskret matematikk som har fått Abelpriskomiteen til å velja han ut som årets vinnar av Abelprisen.

Diskret matematikk er studiet av strukturar som grafar, sekvensar, geometriske konfigurasjonar og å byte om einingar i ei talrekkje (permutasjonar).  Ifylgje ei pressemelding frå Vitskapsakademiet dannar matematikken i slike strukturar grunnlaget for teoretisk informatikk og informasjonsteori. Abelprisvinnaren har også gitt viktige bidrag til andre greiner av matematikken, og han har publisert over 200 vitskaplege artiklar.

Lykkeleg prisvinnar

Endre Szemerédi er knytt til Alfréd Rényi Institute of Mathematics i Budapest og Rutgers University i New Jersey i USA.

– Eg er svært lykkeleg over å få prisen, men eg meiner at det er mange andre matematikarar som fortener prisen minst like mykje som meg, sa ein beskjeden prisvinnar på ei elendig telefonlinje frå Budapest..

Det var klokka 12.00 i formiddag preses i Vitskapsakademiet, Nils Christian Stenseth kunngjorde namnet på prisvinnaren. Etter at Cambidge-professor Timothy Gowers hadde forklart kva forskinga til Szmerédi går ut på, kom  Endre Szemerédi, sjølv på lufta, men telefonsambandet var for dårleg til at publikum fekk med seg svara på spørsmåla frå matematikkprofessoren frå Cambridge.

Derimot blei prisvinnaren æra med ein varm applaus frå dei som deltok på kunngjeringa av namnet på Abelprisvinnaren for 2012 i Vitskapsakademiets lokale i Drammensveien.

Det er Abelkomiteen som kjem med ei tilråding om kven som bør får prisen. Komiteen er sett saman av fem matematikarar med godt ord på seg internasjonalt, og blir leidd av matematikkprofessor Ragni Piene ved Universitetet i Oslo.

Gratulasjonar frå forskingsministeren

Forskingsminister Tora Aasland var til stades under priskunngjeringa og nytta høvet til å gratulera Szemerédi med ein velfortent Abelpris.

Abelprisen er blitt delt ut sidan 2003, og regjeringa finansierer alle kostnader i samband med prisarbeidet og alle arrangementa som blir organiserte i tilknyting til prisen.

Endre Szemerédi vil ta imot prisen frå  kong Harald i Universitetsaulaen 22. mai. Då vil han få prispengane på seks millionar kroner.

Les meir om prisvinnaren Endre Szemerédi.

Emneord: Abelprisen, Matematikk, Realfag Av Martin Toft
Publisert 21. mars 2012 14:56 - Sist endra 22. mars 2012 10:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere