Asker videregående: Stas å vera universitetsskule

Rett før jul blei det klart at Asker videregående skole var ein av dei 13 skulane i Oslo og Akershus som kunne kalla seg universitetsskule. – Det er me svært stolte av, seier rektor Wenche Engen Hanevik.

UNIVERSITETSSKULE: Asker videregående skole er blitt universitetsskule. Det synest elevane er svært gildt.

Foto: Ola Sæther

38 ungdomsskular og vidaregåande skular i Oslo og Akershus konkurrerte om å bli peika ut som «Universitetsskole». Asker videregående skole var ein av dei 13 som kunne smykka seg med den tittelen.

Skulen har 622 elevar og 96 tilsette, og alle er klare over at den er blitt universitetsskule, og dei er krye av det. Asker videregående skole skal samarbeida med Fysisk institutt og Institutt for geofag og gir praksis til studentar på Lektorprogrammet.

– Likeverdig partnar

– Ein av dei positive tinga med dette prosjektet er at Asker videregåande skule og dei andre skulane blir sett på som ein likeverdig partnar overfor Universitetet i Oslo. Me har kompetanse på praktisk undervisning, medan UiO har kompetanse på fag, fortel rektor Wenche Engen Hanevik.   

LIKEVERDIG: – Ein av dei positive tinga med dette prosjektet er at Asker videregåande skule og dei andre skulane blir sette på som ein likeverdig partnar overfor Universitetet i Oslo, seier rektor Wenche Engen Hanevik.

Dei ser også at samarbeidet kan føra til ei betre samordning av universitetsinstitutta.

– Me har lenge samarbeidd med Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS) om å ta imot studentar som skal ha lærarpraksis. Det har gitt oss verdifulle røynsler og vore eit godt bidrag til at me har utvikla oss. Me har dyktige lærarar som heile tida får gode tilbakemeldingar frå studentane som er i praksis hos oss. Dette var ei viktig inspirasjonskjelde for at me blei med på dette prosjektet. Samtidig gir status som universitetsskule høve til å betra praksisopplæringa på skulen, seier Rolf Haugstvedt, som er koordinator for universitetsskuleprosjektet ved Asker videregående skole.

Han viser til at i dag er det ei utfordring for både studentar og skule at studentane går glipp av forelesingar på faginstitutta medan dei er ute i praksis.

– I universitetsskuleprosjektet vil eit mål vera å gi studentar på Lektorprogrammet ein praksis som er integrert i fagutdanninga. Prosjektet skal arbeida med å utvikla nye praksisformar slik at studentane kan få endå betre kjennskap til livet i skulen. Det kan føra til at studentane får høve til å fylgja skulen sin årsrytme i større grad, synest Rolf Haugstvedt.

Godt motiverte elevar

Realfagslærarane Elisabeth Tonheim, Bent Alkan og Hans Lie Helseth støttar òg fullt og heilt opp om prosjektet og ser at ein svært god skule kan bli endå betre gjennom dette opplegget.

– Personleg opplevde eg ein student frå Lektorprogrammet ved UiO som var svært usikker på om det var lærar ho eigentleg ville bli. Etter at ho hadde hatt praksis i ein av klassane våre, var ho ikkje lenger i tvil. Ho ville bli lærar, seier Elisabeth Tonheim.

Desse skulane er blitt universitetsskular:

Oslo:

Bjerke videregående skole

Lamberseter videregående skole

Stovner videregående skole

Ullern videregående skole

Ris ungdomsskole

Akershus:

Nesodden videregående skole

Ingieråsen ungdomsskole

Flåtestad ungdomsskole

Asker videregående skole

Lillestrøm videregående skole

Jessheim videregående skole

Rosenvilde videregående skole

Ringstadbekk ungdomsskole

 

Alle er einige om at dei elevane som går på Asker videregående skole, er svært godt motiverte og heile tida ynskjer å læra nye ting.

– Det set store krav til oss som lærarar fordi me må førebu oss godt, og vera godt oppdaterte på det som skjer innanfor faget vårt. Dei er også flinke til å gjera oss og lærarpraktikantane gode, synest Tonheim. Alle nikkar.  

Får påfyll av kunnskap på UiO

Avtalen gir også lærarane høve til å oppdatera seg fagleg ved Universitetet i Oslo.

– Ja, me får dra på seminar på Institutt for geofag og Fysisk institutt, for å få vita meir om det siste innanfor forskinga på desse fagområda. Samtidig kan me vera med og laga eit opplegg for korleis me på ein mest mogleg forståeleg måte kan formidla dette vidare til elevane våre, seier Bent Alkan.

Prosjektet skal i første omgang vara i tre år. Dei røynslene som blir gjorde av skulane og universitetet i løpet av dei åra, skal brukast til å fornya Lektorprogrammet og gjera det endå betre.  Asker-rektoren meiner at dette er eit godt teikn på at skulen endeleg har kome på forskingsagendaen.

– Utdanning og undervisning har vore eit nedprioritert tema innanfor forskinga. No blir me både praktikarar og rettleiarar for masterstudentar. I fellesskap med Universitetet i Oslo kan me prøva ut nye undervisningsmetodar og finna ut om dei er gode eller dårlege. Dei er ekspertar på forsking, medan me er ekspertar på praktisk undervisning, meiner Hanevik.

Prosjekt universitetsskole:

Modellen er henta frå universitetsklinikkane

Lektorstudentar og andre får praksis på ein skule medan dei studerer

Sterkare samarbeid mellom skulane og universitetsforskinga

Felles utveksling av kunnskap og praksis

Skal halda på i tre år, før det blir evaluert.

Koordinert av Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, UiO

 

Også elevane deira er klare over at Asker videregående skole er blitt universitetsskule.

– Ja, og dei synest det er stor stas. Elevane våre er også flinke til å gi tilbakemeldingar til både oss og til lærarpraktikantane om kva dei meiner om undervisninga. Lærarpraktikantane stiller i tillegg spørsmål til oss om kvifor me gjer det me gjer og kvifor me ikkje gjer det på ein annan måte, seier Elisabeth Tonheim.

Statusen som universitetsskule fører også til utveksling den andre vegen.

– Faglærarane våre får høve til å ta etterutdanning i rettleiing på Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved UiO i arbeidstida, slik at dei oppfyller kravet om minst 30 studiepoeng i det faget dei rettleier i. Elevane våre får også sjansen til å delta på førelesingar i realfag på Universitetet i Oslo, poengterer Rolf Haugstvedt.  

Akershus fylkeskommune betaler

Alle er klar over at dette vil kosta pengar.

– Det er ein kostnad som skuleeigaren Akershus fylkeskommune har sagt seg villig til å ta. Då tar me dei på ordet og brukar ressursar på dette prosjektet. Både lærarkollegiet og elevane støttar opp om dette, og det fører til at me gjer alt me kan for å skapa ein endå betre skule,  seier rektor Wenche Engen Hanevik. 

  Me er overtydde om at dei studentane som får praksis på ein universitetsskule, vil bli endå betre lærarar og treng kortare tid på å koma inn i lærarrolla når dei begynner som våre kollegaer, legg ho til.

MATEMATIKK: Desse elevane møtte me i matematikktimen på Asker videregående.

 

Etter at møtet med lærarane er over, får me vera observatørar i matematikk-klassen til Hans Lie Helseth. I klassen er det 11 gutar og 8 jenter. Alle sit som tende lys og svarar på vanskelege matematiske spørsmål frå læraren. Etter kvart som dei kjem nærare det rette svaret, skriv han opp likningane på den elektroniske tavla. Elevane noterer ivrig ned i notisboka med blyant. Dei studentlærarane som får denne klassen dette semesteret, vil truleg synast at det er ein draumejobb å vera lærar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Undervisning, Studentforhold, Det utdanningsvitenskapelige fakultet Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 20. feb. 2012 13:51 - Sist endra 20. feb. 2012 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere