– Engasjerte studentar er eit gode for UiO

– Det er viktig for studentane å sjå at utdanninga UiO gir dei, kan vera vegen til gode og viktige jobbar i samfunnet. Møtet med sentralbanksjef Øystein Olsen og rådgjevarane hans var eit godt døme på det, meiner rektor Ole Petter Ottersen, prorektor Inga Bostad og viserektor Ragnhild Hennum.

ENGASJEMENT: Både rektor Ole Petter Ottersen og prorektor Inga Bostad synest det er svært viktig med engasjement hos studentane. – Det såg me ikkje minst under besøket til sentralbanksjef Øystein Olsen, konstaterer dei.  

Foto: Ola Sæther

I 2011 markerte Universitetet i Oslo 200-årsjubileet sitt. Det fekk mange både på og utanfor UiO med seg. At Universitetet i Oslo også peika ut 2011 som Studiekvalitetsåret, var det færre som la merke til. 2012 har fått merkelappen Internasjonaliseringsåret, og rektoratet vil kopla det saman med studiekvalitet og få større merksemd om det.

– Studentane stiller dei naudsynte spørsmåla

– Studentane våre er endå meir globalt engasjerte enn oss og stiller dei naudsynte og relevante spørsmåla lenge før me har tenkt på dei. Det såg me ikkje minst under besøket til sentralbanksjef Øystein Olsen førre veke, der dei lurte på kva som ville skje med økonomien i Afrika, midt opp i all diskusjonen om eurokrisa i Europa, fortel rektor Ole Petter Ottersen og prorektor Inga Bostad.

Ottersen peikar også på det store engasjementet studentane har vist etter lanseringa av den globale kommisjonen for betre politisk styring av helse.

– No har me også etablert ei eiga gruppe for studentar. Det er me glade for, seier Ottersen.

Vil senda fleire studentar ut

Rektoratet ynskjer å kombinera det internasjonale engasjementet med eitt av dei andre måla i Internasjonaliseringsåret.

– Me ser at det framleis er utfordringar knytte til studentmobilitet, men håpar det blir lettare å senda ut UiO-studentar til universitet i andre delar av verda og samtidig ta imot studentar frå andre land. På den måten kan me kombinera studiekvalitetsåret med internasjonaliseringsåret, håpar Ottersen. Heile rektoratet gir masse skryt til Studentparlamentet for deira initiativ til «Internasjonaliseringsveka» for kort tid sidan, og er også glad for at UiO dei siste åra har tatt imot dei internasjonale studentane på nye måtar.

– Me organiserte faddergrupper, og fadrane fekk studentorganisasjonane til å presentera seg for så å overtala dei internasjonale studentane til å melda seg inn i studentorganisasjonar.

Skal verna om studentverva

– Men om studentar skal kunna engasjera seg i internasjonale studentorganisasjonar og andre studentorganisasjonar ved sida av studia, vil dei ikkje risikera å mista studieplassen sin på grunn av at dei ikkje klarer å oppnå nok studiepoeng? ¨

– Nei, så strenge med gjennomstrøyminga ynskjer me ikkje å bli, seier viserektor Ragnhild Hennum.

– Det må vera mogleg å finna fram til ei ordning der nokre studentverv gir høve til å søkja om å få utsett studia med eit halvt eller eit heilt år. Målet vårt med å innføra strengare krav til gjennomstrøyming, er ikkje å kvela det sosiale og politiske engasjementet til studentane, presiserer Inga Bostad.

– For dette engasjementet er svært viktig, legg Bostad til.

Både ho, rektor Ole Petter Ottersen og viserektor Ragnhild Hennum viser til at uteksaminerte UiO-studentar gjer det godt.

– Arbeidsgjevarane har stort sett berre gitt ros til nytilsette frå Universitetet i Oslo. Men dei peikar på at studentar ikkje er medvitne om korleis kompetansen deira er tilpassa arbeidslivet. Det samfunnsvitskaplege fakultetet har i samarbeid med Studieavdelinga etablert pilotprogrammet PILAR for å ta opp med studentane korleis det dei lærer, kan brukast i det praktiske livet i samfunnet utanfor universitetet, understrekar Hennum.

Undervisninga er alfa og omega

Alle tre peikar på at det er undervisninga som er alfa og omega og heilt avgjerande for om studentane likar seg eller ikkje. Dei er difor glade for at UiO saman med Universitetet i Tromsø har fått eit senter for framifrå utdanning.

– Det som er bra, er at Universitetet i Tromsø utdannar lærarar som skal undervisa barn frå 1. til 10. klasse, medan UiO utdannar lærarar for 8. til 13. trinn. Saman femner me heile skuleløpet, trekkjer prorektor Bostad fram.

Dei samarbeider nært med mellom anna det tverrfaglege forskingsprosjektet Kunnskap i skolen (KiS) Ho og dei andre i rektoratet synest det er viktig å halda fast på prinsippet om at dei som underviser, er dei same som forskar.

– Berre slik kan studentane raskt bli kjende med forskarane og forskingsbasert undervisning. Det er viktig at dei som underviser, også er engasjerte, og vel inne i aktuelle, akademiske debattar, slik at studentane straks får nærkontakt med forskinga, presiserer Inga Bostad.

Dei viser til at Universitetet i Oslo har sett i verk tiltak som er gode prov på at UiO meiner alvor når det snakkar varmt om kor viktig det er med god undervisning.

Lovar betre oppfylging

– Alle fakulteta har fått tildelt 300 timar med universitetspedagogikk, og dei kan velja om dei vil tilby desse timane til seniorforskarane sine eller til nye forskartalent, slår Ragnhild Hennum og Inga Bostad fast. Alle lovar også at Universitetet i Oslo skal bli flinkare til å driva oppfylging av kvar einaste student.

– Ja, på sikt må det bli slik at studierettleiaren masar på studenten om han eller ho ikkje møter i staden for at det er studenten som etterlyser avtale med rettleiaren sin, synest Ottersen.

For et er studentane som er dei alle viktigaste ambassadørane for Universitetet i Oslo.

– Nøgde studentar er nok dei aller flinkaste rekrutteringsagentane våre. Studentane er vår viktigaste ressurs og vårt viktigaste produkt, meiner Ottersen. Alt er likevel ikkje rosenraudt på Universitetet i Oslo.

– God og engasjerande undervisning

– UiO kan bli endå flinkare til å leggja utearealet og ein del av innearealet betre til rette for studentar med spesielle behov. Sjølvsagt er ikkje det alltid like lett i dei gamle bygningane i sentrum der Riksantikvaren stiller strenge krav til kva som kan endrast i slike gamle og freda bygningar, seier Bostad og Hennum.

Dei tre er heilt visse på kva som er den beste oppskrifta på å få studentane til å bli verande ved Universitetet i Oslo.

– Målet må vera at me alltid skal kunna tilby god og engasjerande undervisning frå dyktige forskarar.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Studentforhold, Undervisning, Rekruttering Av Martin Toft
Publisert 27. feb. 2012 17:17 - Sist endra 28. feb. 2012 14:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere