– Bruk UiOs eigne fotografar!

– UiO må bruka sine eigne fotografar i publikasjonane og på nettsidene sine. Me må ikkje risikera at alle universiteta til slutt brukar dei same byråbileta. Denne oppfordringa kom fotograf Jan Unneberg med under opninga av utstillinga «UiO – en uke» i Galleri Sverdrup i går.

VARIASJON: Utstillinga viser fotografi både frå uteareal og inneareal og frå fest og kvardagsliv på UiO.  Fotografane Jan Unneberg, Ulla Schildt og Ellen C. Holte står og diskuterer utstillinga.

Foto: Martin Toft

UiO-tilsette frå både sentrum, Tøyen, Blindern, Gaustad og Geitmyrsveien var samla då Universitetet i Oslo sine eigne fotografar kunne ynskja folk velkomne til utstillinga «UiO – en uke» i Galleri Sverdrup på Blindern i går.

Prorektor Inga Bostad opna utstillinga og slo fast at bileta vil stå lenge som dokumentasjon på kva som skjedde på Universitetet i Oslo i jubileumsveka i september.

 – Fotografia fortel historier om menneske og bygningar, om engasjement, om parkar og om folk som pakkar ut av kontoret sitt. Det er flott å sjå korleis dei 12 fotografane har klart å dokumentera dagleglivet på UiO i jubileumsveka, sa Inga Bostad i opningstalen sin. Deretter delte ho ut blomar til alle fotografane og alle dei andre som har vore involverte i utstillinga. Så overtok ein av fotografane mikrofonen.

– Kjempegod respons

Fotograf Jan Unneberg ved Det odontologiske fakultetet var svært nøgd med den raske responsen han fekk frå prosjektdirektør Inger Stray Lien då han lanserte ideen om å ha eiga utstilling der UiOs eigne fotografar dokumenterer livet på arbeidsplassen sin.

– Eg trur det gjekk ni minuttar frå eg sende e-posten til eg fekk svar. Takk for kjempegod respons. Eg er stolt over at me for første gong kan visa bileta til UiO sine fotografar i ei felles utstilling. No oppmodar eg dei ansvarlege på universitetet til å bruka fotografane sine endå meir. Det er me som har kunnskap om universitetet, og det er me som er glade i universitetet. Bruk oss og få originale og eineståande bilete, sa Jan Unneberg.

– TIl glede for heile universitetet

Prosjektdirektør for UiO:200, Inger Stray Lien slo fast at det ikkje var noko vanskeleg å støtta ei slik fotoutstilling.

– Det var lett å gi god respons på dette, for det er til glede for heile universitetet, understreka ho. Som takk for den positive reaksjonen på det første initiativet fekk ho overrekt tre eksemplar av jubileumskatalogen frå fotograf Jan Unneberg.

Utstillinga vil stå i Galleri Sverdrup i Georg Sverdrups hus fram til 27. april. Arrangørar av utstillinga er UiOs fotografar og UiO:200.

BLOMAR: Prorektor Inga Bostad gir blomar til fotograf Ann Christine Eek ved Kulturhistorisk museum.(Foto: Martin Toft)

 

 

 

 

Emneord: Galleri Sverdrup, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft
Publisert 28. feb. 2012 13:24 - Sist endra 28. feb. 2012 13:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere