Vil gi meir pengar til dei nye universiteta
Opposisjonspartia på Stortinget vil gi meir pengar til dei nye universiteta i Stavanger, Agder og Bodø. – Det skal vera ei drahjelp for å få dei til å auka den vitskaplege publiseringa, seier stortingsrepresentant Svein Harberg frå Høgre.
ULIK HANDSAMING: – I dag blir på mange måtar dei tradisjonelle universiteta og dei nye universiteta handsama forskjellig, sjølv om alle er universitet, meiner stortingsrepresentant Svein Harberg frå Høgre. Partiet hans og dei andre opposisjonspartia ynskjer å gi meir pengar til dei nye universiteta.
Det er i ein merknad til regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2012 det går fram at opposisjonspartia samla står bak eit forslag om å betra rammevilkåra for dei nyaste universiteta: Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Nordland. Dei viser til at dei ikkje lenger er statlege høgskular, og at forholda difor bør leggjast betre til rette for at dei kan konkurrera om forskingspengar på likare vilkår med dei gamle universiteta.
1,2 milliardar meir til forsking og utdanning
I merknaden viser Høgre til at dei i sitt alternative budsjett foreslår 105 millionar meir i grunnløyvingar til sektoren og 50 millionar kroner ekstra til stipendiatar og postdoktor-stillingar, medan Kristeleg Folkeparti foreslår både å auka løyvinga til dei nye universiteta i Stavanger, Agder og Nordland med 15 millionar kroner og den samla grunnløyvinga til sektoren med 200 millionar. Venstre går endå lenger og foreslår å auka den samla basisløyvinga til universitets- og høgskulesektoren med 300 millionar kroner. Til saman foreslår Høgre 1,2 milliardar meir til forsking og utdanning frå grunnskule til universitet enn det regjeringa gjer.
– Universiteta blir handsama ulikt
Svein Harberg er Høgres representant i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Han ser store fordelar for dei nye universiteta om opposisjonspartia sitt forslag blir realisert i ei framtidig borgarleg regjering etter stortingsvalet i 2013.
– I dag blir på mange måtar dei tradisjonelle universiteta og dei nye universiteta handsama forskjellig, sjølv om alle er universitet. Medan forskarane ved dei tradisjonelle universiteta får forska i 50 prosent av arbeidstida si, får forskarane ved dei nye universiteta berre forska i 25 prosent av arbeidstida si.
– Dei nye universiteta har med sine spesialitetar store rom for å styrkja forskinga i profesjonsfaga. Med vårt forslag ynskjer me å gjera det lettare for forskarar frå dei nye universiteta å få frigjort tid til å skriva vitskaplege artiklar, slik at også universiteta deira kan få meir pengar enn i dag frå potten med resultatbasert omfordeling, som i stor grad er basert på publikasjonar i velrenommerte, vitskaplege tidsskrifter, seier Harberg.
Han er sikker på at dersom dei klarer å få auka talet på stipendiatstillingar, vil det også vera til fordel for dei nye universiteta.

KAN FÅ MEIR: Noregs nyaste universitet, Universitetet i Nordland bør saman med universiteta i Agder og Stavanger få meir pengar, meiner opposisjonspartia på Stortinget. (Foto: Universitetet i Nordland).
– Kan utjamna skilnader
– Då vil dei nye universiteta få tildelt prosentvis fleire stipendiatstillingar enn dei har fått til no. Det kan vera med på å utjamna dei skilnadene som i dag finst mellom dei gamle og dei nye universiteta. Kort fortalt ynskjer me å gi dei nye universiteta betre rammevilkår enn det dei har i dag, sjølv om dei er fullstendig klare over at det alltid vil vera ein skilnad mellom dei og dei gamle universiteta både når det gjeld storleik og rammevilkår, presiserer han.
– Skal de då ta dei ekstra pengane frå dei statlege høgskulane eller frå dei tradisjonelle universiteta?
– Det felles målet vårt er at me skal styrkja heile universitets- og høgskulesektoren, slik at den får auka handlingsrommet sitt. Sjølvsagt vil me seia klart ifrå om at kvar institusjon må vurdera nøye kva dei brukar pengane sine på og kva dei får igjen for dei. Me har registrert at mange universitet kuttar ut evalueringar av enkeltfag og enkeltstudentar, og det vil utan tvil gå ut over kvaliteten. Me meiner at universiteta må vera nøye på kvalitetssikringa, og der det er naudsynt, må dei også betra kvaliteten. For å få dette til må det skaffast meir ressursar til heile sektoren, seier Harberg til Uniforum.
– Må ikkje gå ut over forskingsuniversiteta
Rektor Sigmund Grønmo ved Universitetet i Bergen protesterer ikkje imot at dei nye universiteta får meir pengar.
– Eg har ingenting imot at dei nye universiteta får betre vilkår, men meiner det vil vera svært uheldig om dette fører til mindre pengar til dei store forskingsuniversiteta. Også dei har store behov for auka ressursar, og Noreg har høve til å gi betre vilkår for alle universiteta, meiner Grønmo.
– Ikkje klok politikk
Rektor Torbjørn Digernes ved NTNU i Trondheim synest ikkje forslaget til opposisjonspartia er særleg klokt.
– Det er ikkje ein klok politikk å skulla finansiera fleire breiddeuniversitet enn dei me allereie har. I høve til folketalet, har me alt no fleire universitet enn dei landa me brukar å samanlikna oss med. Der går utviklinga i motsett retning, med konsentrasjon og fusjonar, ikkje minst av omsyn til ein stadig sterkare, internasjonal konkurranse om forskingsmidlar og talent, konstaterer Digernes, før han legg til:
– Det har dessutan vore ein politisk premiss i utviklinga av sektoren, at det ikkje skal vera ein økonomisk motivasjon å vera universitet. Ei slik utvikling som den føreslegne, bør difor ha eit tydelegare politisk grunnlag i ei vurdering av kor mange universitet Noreg har rom for, og under kva premissar dei skal utvikla seg.
– Dersom dette blir gjort tydeleg, og det blir tilført friske midlar for å utvikla ein eigenart for desse institusjonane som kompletterer dagens struktur, så kan det vera ein politikk for ei positiv utvikling av norsk, høgare utdanning. Det som ikkje må skje, er at dei eksisterande midlane i sektoren blir spreidde tynnare ut over fleire institusjonar. Det vil svekkja norsk, høgare utdanning, er NTNU-rektoren overtydd om.
Må avgrensa talet på universitet
UiO-rektor Ole Petter Ottersen meiner Noreg må setja eit tak på talet på universitet.
– Styresmaktene må bestemma seg for kor mange universitet dei meiner det skal vera her i landet. I land me samanliknar oss med, skjer det no fusjonar av universitet, til dømes i Finland, og konsentrasjon av ressursar rundt eit avgrensa tal på universitet, som til dømes i Danmark og i Tyskland. Her i landet er det førebels ikkje lagt noko politisk tak på kor mange universitet me skal ha, konstaterer Ole Petter Ottersen.
Han stiller også fleire krav til styresmaktene.
– Skal det setjast inn fleire ressursar i nye universitet, må dette skje ved at totalramma for det norske FoU-budsjettet blir auka. Dersom universitetsstatus automatisk utløyser fleire ressursar, vil det skapa ei endå sterkare drift i retning av universitetsstatus og gjera det endå meir presserande å setja eit politisk tak, meiner han.
Ottersen viser til utviklinga av sektoren i andre land.
– Ein av grunnane til at det i andre land skjer ei konsentrasjon rundt eit avgrensa tal på universitet, er at den internasjonale konkurransen blir stadig hardare - både når det gjeld talent og tilgang til internasjonale forskingsmidlar og forskingsnettverk.
For å kommentere på dette dokumentet må du logge inn.
Om du ikkje har UiO- eller Feide-brukarnamn, kan du opprette ein WebID-brukar.