– Studieavgiftene kosta Liberaldemokratane dyrt!

– Før parlamentsvalet i 2010 garanterte Liberaldemokratane at dei ikkje ville auka studieavgiftene i England og Wales. Etter at dei kom i koalisjonsregjering med Det konservative partiet gjorde dei nettopp det. Då tapte dei ein stor del av truverdet sitt, sa den tidlegare leiaren for Liberaldemokratane, Charles Kennedy på Universitetet i Oslo i dag.

IKKJE RÅD: – Om eg skulle ha blitt student i England og Wales i dag, ville ikkje familien min hatt råd til det, konstaterte Charles Kennedy på UiO i dag. Han var partileiar for Liberaldemokratane frå 1999 til 2006.

Foto: Ola Sæther

Charles Kennedy var partileiar for Liberaldemokratane i Storbritannia frå 1999 og til han måtte gå av i 2006 etter at han hadde vedgått at han hadde gått til behandling på grunn av alkoholproblema sine. Då han blei vald inn i det britiske parlamentet frå ein valkrins i Skottland i 1983, var han 23 år, og den aller yngste parlamentsmedlemen i britisk historie. Han representerte det sosialdemokratiske partiet SDP fram til samanslåinga med det dei liberale i 1988.

Charles Kennedy er framleis parlamentsmedlem, og er også president for the European Movement i Storbritannia og honorær rektor for the University of Glasgow.  

– Ville ikkje gå imot eigen statsråd

I talen sin til eit fullsett auditorium i Eilert Sundts hus, var Charles Kennedy svært opptatt av å visa korleis Liberaldemokratane i Storbritannia hadde tapt andlet på å auka studieavgiftene i England og Wales etter valet  i 2010, medan dei i valkampen gjekk imot dette.

–Då Liberaldemokratane fekk regjeringsmakta i koalisjon med Det konservative partiet, var det  liberaldemokraten  John Vincent "Vince" Cable  som blei utnemnt til ny statsråd for høgare utdanning og forsking. Og når han støtta forslaget frå regjeringa om å auka studieavgiftene for å få sydd i hop utdannings- og forskingsbudsjettet, hjelpte det ikkje at alle representantane stod fritt til å stemma det dei ville. Dei ynskte ikkje å gå imot ein statsråd frå deira eige parti. Difor blei det fleirtal for å auka studieavgiftene, sjølv om eg personleg stemte imot forslaget heile vegen, understreka han.

–Samtidig er det viktig å hugsa på at Labour-regjeringa til Gordon Brown allereie hadde kome med forslag om å auka studieavgiftene og kutta i budsjetta for utdanning og forsking, før Liberaldemokratane og Det konservative partiet overtok regjeringsmakta, la Charles Kennedy til.

– Kunne ikkje vore student i dag

Han sa seg svært lei for at det no blir langt dyrare å studera i England og Wales enn det var før.

– Om eg skulle ha blitt student i England og Wales i dag, ville ikkje familien min hatt råd til det, konstaterte han.

Kennedy viste til at i Skottland får alle skotske studentar gratis utdanning.

– Men studentar frå andre delar av Storbritannia og frå andre land må betala dyrt for å ta høgare utdanning i Skottland.  

– Får kompromissløysingar

Dommen hans over den britiske koalisjonsregjeringa er likevel ikkje berre negativ.

– Rett nok får juniorpartnaren Liberaldemokratane skulda for alt som går gale, medan seniorpartnaren Det konservative partiet får æra for alt som går bra. Fordelen med ei koalisjonsregjering er at representantar for to forskjellige parti må setja seg ned og diskutera forskjellige politiske løysingar. Dei må lytta til kvarandre og til slutt koma fram til eit kompromiss. Og det er nettopp det som skjer i livet elles, både i familien og på universitetsinstitutta. I sin tur fører dette til ein open-dør-politikk.

 – Difor trur eg at det britiske folket ser at det faktisk er mogleg å ha koalisjonsregjeringar i Storbritannia, konstaterte han.

– Nick Clegg blir sitjande!

Charles Kennedy hadde ingen tru på at Nick Clegg må gå av som partileiar, sjølv om partiet hans no møter motbør på grunn av ein del av avgjerdene som regjeringa har tatt.

– Ingen kastar kapteinen på skipet over bord midt i ein storm, slo han fast.  

Sjølv om han er skotte, er han ein varm forsvarar av at Skottland skal halda fram med å vera ein del av Storbritannia og ikkje bli heilt uavhengig, slik Det skotske nasjonalistpartiet ynskjer.

– Meiningsmålingane viser at fleirtalet av skottane vil halda fram som ein del av Storbritannia. Derimot kan det henda at Skottland får meir indre sjølvstyre enn i dag, om lag som Noreg under unionen med Sverige, trudde han.

Det var Institutt for statsvitskap og British Politics Society, Norway som hadde invitert Charles Kennedy til å dra på sin første Noregstur for å halda seminar på Universitetet i Oslo.

 

Emneord: Storbritannia, Statsvitenskap, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 9. jan. 2012 16:46 - Sist endra 10. jan. 2012 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere