Eit UiO-jubileum i 200

9000 deltok på lokale vorspiel under 200-årsdagen til UiO 2. september i fjor. Det tykkjer jubileumsdirektør Inger Stray Lien er imponerande.

TETT I TETT: Det var trongt om plassen på Frederikkeplassen under konserten til Big Bang jubileumsdagen 2. september 2011.

Foto: Ola Sæther

– Opninga av den nyrestaurerte Universitetsaulaen var den aller største opplevinga for meg under UiOs 200-årsjubileum, seier prosjektdirektør for jubileet, Inger Stray Lien. Ho er også svært nøgd med oppslutninga på dei fire festivalane på Blindern.

– Det som me er aller mest glade for, er at jubileet engasjerte så mange tilsette og studentar på Universitetet i Oslo. Og utan lokale entusiastar rundt omkring på alle einingane, hadde me ikkje klart å få det til, seier ho.

9000 på vorspiel

Stray Lien trekkjer spesielt fram alle dei lokale tilstellingane som enda opp i svære fellesarrangement på jubileumsdagen 2. september. 

– Då var det over 9000 personar som deltok på lokale vorspiel, medan mellom 5000 og 6000 personar høyrde på utandørskonserten med Big Bang på Frederikkeplassen. Etter konserten var over 3000 innanfor dørene i Ole-Johan Dahls hus, medan det meir klassiske arrangementet i Georg Sverdrups hus samtidig trekte fullt hus.

– Sjølv var eg på regjeringsmiddagen i Akershus slott, så eg fekk ikkje med meg hovudarrangementet på Blindern. Derimot var eg ein av dei som måtte stå i ein kø som rakk frå Chateau Neuf og heilt til Politihøgskulen for å koma inn på nachspielet etterpå. Eg synest det var fint å stå i den køen, vedgår ho med eit smil. 

– Imponerande oppmøte

Inger Stray Lien er svært tilfreds med at mange tusen personar dukka opp på dei fire forskingsfestivalane som blei organiserte i jubileumsåret.

– Klimafestivalen og festivalen om menneskekroppen fekk besøk av rundt 5000 personar kvar, medan Mangfaldsfestivalen og Digitaliseringsfestivalen hadde eit publikum på i underkant av 3000. Me tykkjer det er imponerande at så mange folk kjem til Blindern ein laurdag for å få påfyll av ny kunnskap. Og fleire av dei deltok også på semifinalane i Forskar-Grand Prix seinare på kvelden.  

– Historie med sjølvrefleksjon

 – Kina-forskar Harald Bøckmann gjekk i fjor vår ut i Uniforum og etterlyste meir sjølvrefleksjon om universitetet si rolle i samfunnet i dag. Klarte de å fylgja opp ynsket hans?

– Me lova det, men det blei litt annleis enn me tenkte tidleg på året. Både gåva frå Universitetet i Bergen - Danningskonferansen i november - og den siste konferansen i Vitskapsåret i Aulaen i oktober, handla mellom anna om universiteta si rolle i samfunnet i dag. Og i det store historieverket om Universitetet i Oslo, som Forum for universitetshistorie lanserte seint på hausten, er det mykje sjølvrefleksjon. Me planla ein diskusjon om UiO si framtid med desse bøkene som grunnlag, men tida strakk ikkje til sist haust. Eg håpar at andre inviterer til ein slik diskusjon i 2012 - det er ikkje for seint. Dessutan kan eg rå folk til å lesa det ni band store verket om UiOs historie. Sjølv er eg allereie godt i gang med det første bandet, som hovudredaktør John Peter Collett har skrive.

– Var det nokon gong snakk om å avlysa jubileumsarrangementa etter terroraksjonane i Oslo og på Utøya 22. juli?

 – Me vurderte det nøye, men kom til slutt fram til at det var viktig å samla folk rundt jubileet til ein viktig kunnskapsinstitusjon som Universitetet i Oslo 2. september. Talane til rektor Ole-Petter Ottersen fekk nok likevel eit litt anna innhald enn dei elles ville fått. Når det er sagt, vil eg gjerne nemna at Mangfaldsfestivalen i juni tok opp mange av dei debattane rundt inkludering og mangfald som blei brennaktuelle etter 22. juli.

Jubileumsgeneralen vil også takka både Apollon og Teknisk avdeling for deira bidrag til jubileet.

– Apollon-redaksjonen hadde fleire møte med oss, slik at dei kunne leggja opp utgjevingane etter jubileumsprogrammet, i tillegg til at dei fekk ut eit eige jubileumsnummer med Aftenposten. Og Teknisk avdeling sytte for at logistikken fungerte under alle arrangementa i jubileumsåret. Ikkje minst set me kjempestor pris på alle dei hyggelege tilbakemeldingane me har fått på jubileet frå studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo, seier Inger Stray Lien.

 

 

Emneord: UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft
Publisert 24. jan. 2012 16:44 - Sist endra 24. jan. 2012 16:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere