Blindernbilete gav førstepris

Asbjørn Gabrielsen gjekk ein søndagstur til arbeidsplassen Blindern og blei inspirert til å ta biletet «Blindern i rødt, litt hvitt og blått».Biletet gav han førsteplassen i konkurransen "Mitt Blindern". Premien blei delt ut av Oslo-ordførar Fabian Stang før helga.

PREMIEBILETE:: Asbjørn Gabrielsen fekk førstepremien i konkurransen Mitt Blindern for  dette biletet: «Blindern i rødt, litt hvitt og blått». Uniforum publiserer biletet med løyve frå fotografen.

Foto: Asbjørn Gabrielsen (copyright)

Torsdag 12. januar tok fotografiet til Asbjørn 

Gabrielsen førsteplassen i konkurransen om forholdet mellom arkitektur og menneske i universitetsmiljøa i Oslo.

Konkurransen blei arrangert av Nasjonalmuseet og Universitetet i Oslo i samband med utstillinga Byen og Blindern i Arkitekturmuseet.

Koret Vox Humana, Anette Andersen og  Kristian Lødemel Sandberg fekk heiderleg omtale for sine bidrag.

Prisane blei delte ut av ordførar Fabian Stang og avdelinglingsdirektør Nina Berre ved Nasjonalmuseet.

 

Emneord: Utstillinger, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft
Publisert 16. jan. 2012 16:56 - Sist endra 17. jan. 2012 12:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere