– Oljestaten Noreg må satsa meir på forsking

– Oljestaten Noreg har råd til å satsa endå meir både på forsking og på utdanning enn den gjer. Ein god idé er å etablera fleire forskingssenter ved prestisjeuniversitet i utlandet, foreslår UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

EKSPERTISE: – Ein studie frå NIFU har vist at dei internasjonale nettverka som er etablerte gjennom forskingspengar frå EU, kan tilføra Noreg om lag like mykje ekspertise som dei nasjonale nettverka, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Foto: Ola Sæther

Det er i eit innspel til framlegget til statsbudsjettet for 2013 Universitetet i Oslo og rektor Ole Petter Ottersen kjem med fleire kreative idear om korleis regjeringa kan satsa endå meir på forsking og utdanning. Eitt av tiltaka som blir foreslått, er å styrkja internasjonaliseringa.

Berkeley og Minnesota blir føredøme

– Me vil byggja opp fleire norske forskingssenter ved prestisjeuniversitet i utlandet. I dag har me slike senter ved Berkeley-universitetet og Minnesota-universitetet i USA, viser UiO--rektoren til.

Den 25. oktober i  år blei The Peder Sather Centre etablert ved Berkeley-universitetet. Ni norske forskingsinstitusjonar har gått saman om å finansiera senteret, som skal leggja forholda til rette for samarbeid med det amerikanske toppuniversitetet. Senteret skal mellom anna jobba for auka forskar- og studentutveksling, både på master- og doktorgradsnivå, opplyser Forskingsrådet.

Ein liknande samarbeidsavtale blei underskriven mellom University of  Minnesota, Universitetet i Oslo og Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) i fjor haust. Den ber namnet «The Norwegian Centennial Chair». Det finst også eit nordisk senter ved Fudan-universitet i Kina. 

 I dag har UiO hundrevis av tosidige avtalar med universitet over heile verda.

– Me ser for oss at me mellom desse universiteta etablerer bruhovud, som me konsentrerer oss spesielt om, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen. 

 – Danmark byggjer universitet i Kina

Han meiner at dei nyleg etablerte sentra i Berkeley og  i Minnesota kan brukast som modellar for liknande ordningar andre stader. 

– Danmark er i faktisk i ferd med å byggja eit heilt nytt danskeigd universitetssenter i Kina. Det er interessant, men det er ikkje sikkert at me i Noreg bør gå så langt, seier han.

Etter planen skal det danske universitetssenteret i Beijing stå ferdig i 2013, og det vil få 100 forskarar, 75 ph.d-studentar og 300 masterstudentar.  Halvparten av studentane vil koma frå Kina, og den andre halvparten frå Danmark.

Ottersen vil også få fleire norske forskarar til å dra ut på lengre forskingsopphald og seinare koma tilbake gjennom å tilby dei gunstige startpakker etter repatrieringa. 

– Ein studie frå NIFU har vist at dei internasjonale nettverka som er etablerte gjennom forskingspengar frå EU, kan tilføre Noreg om lag like mye ekspertise som dei nasjonale nettverka. Difor er det viktig å leggja  forholda til rette for at det blir oppretta fleire slike internasjonale forskarnettverk. For når forskarane kjem tilbake, tar dei også med seg det internasjonale nettverket sitt, understrekar han. 

 – Kan kun konkurrera på kvalitet

UiO-rektoren synest det er viktig å koma med desse innspela, slik at regjeringa har dei på bordet i Internasjonaliseringsåret 2012. 

– Me håpar sjølvsagt at Tora Aasland fylgjer opp ideane våre. Noreg med sine høge kostnader kan kun konkurrera på kvalitet. Men høg kvalitet i næringslivet krev høg kvalitet på forsking og utdanning. Gevinsten vil bli stor, er han overtydd om.

Vil også satsa på nybygg og lærarutdanning

Innanlands ber UiO-rektor Ole Petter Ottersen regjeringa om å auka pengepotten som den legg i ordninga med resultatbasert omfordeling (RBO). Denne ordninga er mellom anna basert på kor stor del av forskinga frå ein institusjon som blir publisert i internasjonale, prestisjetunge vitskapstidsskrift.

UiO ber også om å få meir pengar til vedlikehald av bygningar, til startløyving til bygging av nytt veksthus på Tøyen, midlar til nytt kulturhistorisk museum og pengar til vidare planlegging  av senter for livsvitskap, farmasi og kjemi i Gaustadbekkdalen.

 – Me ynskjer meir pengar til oppgradering av lærarutdanninga. Det synest me er svært viktig. Dette har oljestaten Noreg ikkje råd til å lata vera å satsa på, meiner Ole Petter Ottersen.

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2011 23:51 - Sist endra 6. des. 2011 00:22

Det kan virke som om universitetsledelsen mener studentene får nok studiestøtte, studentboliger og  massevis av utdanningskvalitet ved UiO utifra disse kravene. 

torkilve@uio.no - 6. des. 2011 01:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere