Ny jobb gir ikkje rett til permisjon

Universitetsleiinga har bestemt at ingen lenger får automatisk permisjon om dei får seg ny jobb. Ordninga er allereie sett i verk. Dei hovudtillitsvalde meiner dette er å sabotera ein opparbeidd rett. Universitetsleiinga står fast på avgjerda.

OPPARBEIDD RETT: Dei hovudstillitsvalde rasar mot avgjerda om ikkje lenger å gi automatisk permisjon når ein arbeidstakar får ein ny jobb. - Det er ein opparbeidd rett, meiner Ole Martin Nodenes,Parat, Ellen Dalen, NTL, Christer Wiik Aram, Akademikarane og Kristian Mollestad, Forskarforbundet.

Foto: Martin Toft

Tiltaket er eitt av fleire for å få ned talet på mellombels tilsette ved UiO. I eit notat til alle einingar ved UiO grunngjev rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe dette med at om ein blir meir restriktiv med å gi permisjonar når tilsette skal over i ny jobb, vil det automatisk gi effekt i form av meir bruk av fast tilsetjing. 

Dei viser til at rundt 40 prosent av permisjonane som blir gjevne på UiO, ikkje har samanheng med lov- og avtalefesta rettar i samband med sjukdom og fødsel. Med andre ord har ikkje arbeidstakaren krav på desse andre typane permisjonar, heiter det. 

Dei har forståing for at ein arbeidstakar som får seg ny jobb, vil halda døra open for å koma tilbake, men dei meiner at det må leggjast større vekt på erstattaren sitt behov for eit stabilt tilsetjingsforhold. Universitetsleiinga ber også fagmiljøa om å løysa behovet for undervisningsvikarar knytt til fråvær på grunn av forskingstermin, gjennom å bruka fast tilsetjing meir enn i dag.

– Ein opparbeidd rett

Dei lokale tillitsvalde frå Norsk tenestemannslag, Forskarforbundet, Akademikarane og Parat reagerer alle svært negativt på sjefsavgjerda om å bli meir restriktiv med å gi permisjon til ein medarbeidar som får seg ny jobb.

– Dette er korrekt nok ikkje ein lovfesta rett, men det er ein opparbeidd rett som har vore praksis ved UiO i mange år, og som gjer det attraktiv å vera tilsett på UiO, seier hovudtillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet, NTL-leiar Ellen Dalen, Parat-leiar Ole Martin Nodenes og tillitsvald for Akademikarane, Christer Wiik Aram i eit felles intervju med Uniforum. Alle synest det er synd at denne ordninga forsvinn gjennom eit pennestrøk. 

– For UiO har det vore tradisjon for å handsama slike søknader på ein fleksibel måte. Då vil også gode medarbeidarar koma tilbake og vera endå meir motiverte og betre kvalifiserte enn tidlegare, meiner Wiik Aram.

– Betre å tilby fast stilling

Dei synest det er ei misforståing å tru at dette vil løysa problemet med mellombelse stillingar.

– Det er langt betre å tilby faste stillingar til dei tilsette som har vore i mellombelse stillingar i opp til 14 år. For dei ville det ha vore langt lettare å planleggja framtida om dei fekk tilbod om fast tilsetjing, seier Mollestad.   

NTL-leiar Ellen Dalen fryktar at den innskrenka retten til å gi permisjonar berre vil gjelda for dei som står lengst nede på karrierestigen.

– Det blir heilt sikkert framleis mogleg for direktørsjiktet å få permisjon om ein av dei får tilbod om ein ny jobb, trur Ellen Dalen. Ho er heller ikkje nøgd med den kartlegginga som er gjort av bruken av mellombelse stillingar ved UiO. – Så vidt me veit, har dei ikkje gjort noko skilje mellom dei som har kome utanfrå og fått ei mellombels stilling, og dei som sit i mellombelse stillingar fordi dei har søkt eit vikariat internt på UiO, men til vanleg har ein fast stilling ein annan stad på universitetet. Før dei har gjort det, veit me ikkje kor mange som eigentleg er mellombels tilsette ved UiO, konstaterer ho.

– Det er heller ikkje gjort undersøkingar som viser om dagens mellombels tilsette ved UiO er tilsette på lovleg vis. Me har massevis av døme på feil bruk av Tenestemannslova og hadde venta at UiO skulle rydda opp i dette etter pålegget frå Kunnskapsdepartementet, legg Dalen til.

 Dei trur at dette tiltaket er sett i verk for at UiO skal få oppfylt sine ynskje om meir fleksibel arbeidskraft både i eksternt finansierte stillingar og i andre vitskaplege og administrative stillingar ved UiO.

– Kuttar ut arbeidstakaren sine rettar

Parat-leiar Ole Martin Nodenes er ikkje nådig mot UiO-leiinga:

– No kuttar dei ut arbeidstakaren sine rettar og held fast på sine eigne behov. UiO bør gjera det som eigaren seier det skal gjera, altså få ned talet på mellombels tilsette og tilsetja fleire fast. Då er ikkje løysinga å innskrenka rettane til dei som er tilsette ved UiO, gjennom å innskrenka permisjonsrettane deira, seier Ole Martin Nodenes.

Christer Wiik Aram peikar på at dette også har andre sider.

 – Om det skal hentast inn ein vikar kvar gong nokon sluttar, vil det kosta 100 000 kroner å læra ein ny medarbeidar opp i dei faste rutinane og arbeidsoppgåvene, har NAV rekna ut. Det er eit argument for å tilsetja fleire av dei som sit i mellombelse stillingar for å gjera faste oppgåver, i faste stillingar, seier Wiik Aram. 

Ber mellombels tilsette om å ta kontakt

Rapportar har kome om folk som har vore tilsette i mellombelse stillingar i opptil 14 år. Etter deira meining gjer ikkje Organisasjons- og personalavdelinga nok for å rydda opp i dette. 

– Derimot blir desse arbeidstakarane oppfordra til å ta kontakt med fagforeininga si, om dei vil nå fram med argumenta sine for å få ei fast stilling. Me vil gjerne fylgja det opp med å be alle som jobbar i mellombelse stillingar og meiner dei har krav på fast stilling, om å ta kontakt med oss, seier dei fire tillitsvalde, som i denne saka står heilt på linje.

Alle dei tillitsvalde viser til at dei har vore til stades på drøftingsmøte med universitetsleiinga for å finna ut korleis dei i fellesskap kunne løysa problemet med bruken av mellombelse stillingar ved UiO.

– Brot på hovudavtalen

– Ingen av argumenta våre finn me igjen i dette notatet om tiltak for å redusera bruken av mellombelse stillingar. Det einaste me finn igjen, er enkelte skrivefeil. Ingenting av det me peika på, er tatt omsyn til, konstaterer Mollestad. 

– Dette er brot på hovudavtalen, og me kjem truleg til å melda saka inn for hovudpartane i arbeidslivet, er dei fire tillitsvalde einige om.

– Ikkje hatt krav på permisjon

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe forsvarar avgjerda om ikkje lenger å gi automatisk permisjon til arbeidstakarar som får ny jobb.

– UiO har hatt ein liberal permisjonspolitikk. Det er ca 40 prosent av dei permisjonane som er registrerte som ikkje har samanheng med lov- og avtalefesta rettar. Universitetet har derfor i stor grad gitt permisjonar som arbeidstakar ikkje har krav på, seier Bjørneboe til Uniforum. Ho viser til at det det er mange som har fått permisjon ved overgang til ein annan stilling.

 –Me forstår arbeidstakaren sitt ynske om å ha høve til å koma tilbake, men me meiner at det er viktigare at me ved rekruttering sikrar arbeidstakarar eit stabilt tilsetjingsforhold. Me meiner også at kunngjering av ledige, faste stillingar tiltrekkjer seg fleire kompetente søkjarar. Det er me svært opptekne av, understrekar universitetsdirektøren.

Bjørneboe presiserer at UiO ikkje inkluderer dei som har mellombelse stillingar internt ved UiO, samtidig som dei har fast stilling ein annan stad på UiO i denne statistikken. – Derfor ligg ikkje desse inne i det talgrunnlaget som viser at ca. 40 prosent av permisjonane er gjevne utan at arbeidstakar har krav på det. Intern rotasjon er noko me ynskjer å leggja til rette for, lovar ho.

 – Tiltaka er blitt drøfta med fagforeiningane

Bjørneboe avviser kritikken frå fagforeiningane om at deira argument ikkje er blitt tatt nok omsyn til i notatet som er send til alle einingane ved UiO.

 – Tiltaka er drøfta to gonger med fagforeiningane. Det har også vore ein intern høyringsrunde på UiO, der tiltaka fekk brei støtte. Me kan konstatera at arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida her legg vekt på ulike forhold, men meiner at fagforeiningane har fått gode sjansar til å fremja synspunkta sine. Desse er nøye vurderte, slår Bjørneboe fast.

 

 

 

 

Emneord: Rekruttering, Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2011 11:49 - Sist endra 16. des. 2011 12:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere