– Må bli meir positive til nynorsk

– Bokmålsbrukande nordmenn må bli meir tolerante overfor nynorsk. For det er ikkje vanskeleg. Det trengst berre ei haldningsendring, meiner russiske Elena Tkachenko som i vår tok eksamen i eit kurs i nynorsk og dialektar ved UiO.

ETTERLYSER HALDNINGSENDRING: Førstelektor Elena Tkachenko (t.v.) og universitetslektor Toril K. Sjo etterlyser begge ei haldningsendring til nynorsk hos bokmålsbrukarar.

Foto: Ola Sæther

Sju studentar frå forskjellige land tok eksamen i kurset i nynorsk og norske dialektar ved Universitetet i Oslo i vår. Kurset blei avslutta med at tre av studentane og faglærar Toril K. Sjo drog til Dei nynorske festspela i Ørsta/Volda i juni. 

– Det var kjempeflott, og der var det ingen negative haldningar til nynorsk, fortel Elena Tkachenko. Ho kom til Noreg frå Russland i 2004, etter at ho hadde fått eit stipend for å ta ein doktorgrad om nordmenn som lærte russisk, russarar som lærte norsk og om tospråklege norskrussiske barn.

– Har bruk for nynorsk på jobb

No arbeider ho som førstelektor på førskulelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– For meg var det viktig å ta kurset i nynorsk og dialektar fordi eg har behov for å kunna det i jobben min. Og som statstilsett må eg kunna begge målformene, både bokmål og nynorsk. Med dette kurset i handa treng eg ikkje lenger be kollegaene mine om å retta tekstar på nynorsk. No kan eg gjera det sjølv, seier Tkachenko.  

Den russiske kvinna er ei ivrig talskvinne for at fleire med utanlandsk bakgrunn må læra seg nynorsk og dialektar. 

– På alle norskkurs for utlendingar lærer dei bokmål. Når dei kjem ut på gata igjen og opplever det verkelege livet, snakkar dei aller fleste ei eller anna form for dialekt. På den måten er dette kurset ein fin inngangsport til både å læra nynorsk og meir om norske dialektar, understrekar ho.

– Sjølv er eg blitt så opptatt av dette, at når eg snakkar med nordmenn gløymer eg kva dei snakkar om og berre prøver å finna ut kvar dialekten deira kjem frå, ler ho.

– Dialekt gir respekt

 Ifrå Russland er ho ikkje vand med at dialektar er så viktige som i Noreg.

– I Russland har dialektar låg status, og det er heilt umogleg for ein fjernsynskanal å lata medarbeidarane bruka ein russisk dialekt. I Noreg har derimot dialektane svært høg status og me høyrer dei overalt. Eg synest det er fint, og difor bør også folk med utanlandsk opphav som bur i Noreg læra meir om desse dialektane. Dei med utanlandsk opphav som brukar dialekt, set seg ofte lettare i respekt enn dei som ikkje gjer det, meiner ho.  

Elena Tkachenko svarar sjølv på nynorsk på e-postar og brukar nynorsk når ho kommenterer nynorskoppgåver på førskulelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Nokre nynorskbrukarar er puristar og skal retta den minste feil i det eg skriv. Det er ikkje bra, for eg meiner sjølv at det viktigaste ikkje er at det er heilt korrekt, men at ein brukar det. Det kommunikative må vera viktigare enn at det skal vera grammatikalsk rett. Viss ikkje, er det lett for mange å gi det opp, trur ho.

Elena Tkachenko skryter masse over faglærar Toril K. Sjo.

– Ho er ein fantastisk flink lærar som gløder for både nynorsk og dialektar. Dessutan gir ho oss meiningsfulle og viktige oppgåver, fortel Tkachenko. 

– Brukte dialekt på forelesingane

Toril K. Sjo seier at også ho har sleppt seg litt laus etter at ho starta dette kurset.

– Det er første gong eg har kunna brukt min eigen Halsnøy-dialekt i forelesingane på Universitetet i Oslo. Eg synest det er eit stort privilegium å kunna undervisa så godt motiverte og flinke studentar. Og me vil tilby eit nytt kurs i nynorsk og dialektar for alle interesserte i vårsemesteret 2012, opplyser ho.

– Men tykkjer du ikkje at nynorske tekstar i lærebøker kan vera vanskelege, Elena Tkachenko?

– Nei, eg synest ikkje det. For meg er ikkje tekstane på nynorsk vanskelegare enn dei som er på bokmål. Eit barn som les ei barnebok, vil forstå like godt den boka som er på nynorsk som den som er på bokmål. Det er mange av studentane på førskulelærarutdanninga som trur at barna vil forstå bokmål betre, og difor vil dei som ferdig utdanna førskulelærarar nedprioritera innkjøp av nynorske barnebøker. Det var ein student hos oss som skreiv ei oppgåve om akkurat dette, fortel Tkachenko.

Treng opplæring i nynorsk og dialektar

Faglærar Toril K. Sjo er overtydd om at mange overdriv kor dårleg dei forstår nynorsk.

– Eg er viss på at om den jamne bokmålsbrukaren får ein engelsk tekst og ein nynorsk tekst om det same temaet, vil han eller ho forstå den nynorske teksten betre.

Neste år vil Toril K. Sjo rekruttera andre utanlandske studentar til kurset i nynorsk og dialektar.

– Dialektkunnskap og nynorsk må vera ein del av opplæringa hos alle med utanlandsk bakgrunn som bur i Noreg, meiner både Toril K. Sjo og Elena Tkachenko. 

Dei som er interesserte kan lesa meir om kurset på nettsidene til Universitetet i Oslo.

 

 

 

Emneord: Språk, Nynorsk, Internasjonalisering, Undervisning, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2011 16:01 - Sist endra 21. des. 2011 13:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere