– Lovendring vil gi færre mellombelse stillingar

– Det er naudsynt med ei endring av både Tenestemannslova og Universitets- og høgskulelova for å få ned talet på mellombelse vitskaplege stillingar, seier Tekna-president Marianne Harg til Uniforum.

UEINIGE: – Me er ueinige med statsråden i at institusjonane vil klara å rydda opp i bruken av mellombelse stillingar utan ei lovendring, seier Tekna-president Marianne Harg

Foto: Ola Sæther

Den 24. november avviste forskingsminister Tora Aasland i På Høyden og i Uniforum at det skulle vera naudsynt å endra lovverket for å få redusert bruken av mellombelse stillingar ved universiteta og høgskulane. Ho meinte at det måtte institusjonane klara på eiga hand.

– Det viktige er at den store bruken av mellombelse stillingar i sektoren må reduserast, og det er dei som sit tettast på situasjonen, som må ta ansvar for at dette skal skje, understreka Aasland.

– Trist

Tekna meiner statsråden med dette parkerer kampen mot å tilsetja forskarar og andre i mellombelse stillingar på meir enn fire år. 

– Det er trist at statsråden ikkje vil innføra dei forslaga som både Handlingsromsutvalet og Rindalutvalet meinte var naudsynt for å redusera dette problemet. På den måten vil universiteta og høgskulane kunna halda fram som verstingar i arbeidslivet fram til valet i 2013, seier Tekna-president Marianne Harg

Vil ha bort fortrinnsretten

Ho leidde sjølv Handlingsromsutvalet og Tekna hadde også ein representant i Rindalutvalet. 

– Rindalutvalet meinte det var behov for å fjerna fortrinnsrettsparagrafen i Tenestemannslova. Det vil hindra at universiteta og høgskulane vegrar seg for å tilsetja fleire enn i dag i faste stillingar, trur Harg.

Tekna er overtydd om at det er den paragrafen som er hovudgrunnen til at folk heile tida blir tilsette i mellombelse stillingar i periodar, for at ikkje universiteta og høgskulane skal måtta tilsetja dei fast automatisk etter fire år.

Som sanningsvitne viser fagforeininga til eit brev frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Kunnskapsdepartementet frå 8. august i år. Der viser universitetsdirektøren til at UiO ikkje kan setja i verk tiltak for å få ned bruken av mellombelse stillingar før det har fått ei avklaring på om regjeringa vil gå inn for Rindalutvalets forslag om at den gjeldande ordninga med fortrinnsrett skal falla bort.

I brevet viser Bjørneboe til at «med mindre ordningen med fortrinnsrett bortfaller, ser UiO risiko for at mer fast tilsetting kan undergrave vår ambisjon om økt kvalitet i kunnskapsutvikling, idet ordning med fortrinnsrett setter kvalifikasjonsprinsippet ut av kraft.» 

NTL og LO imot

Tekna er villig til å likestilla fortrinnsretten i Tenestemannslova i forhold til Arbeidsmiljølova mot høvet til å få fleire faste tilsette, medan Norsk tenestemannslag går sterk imot dette.

– NTL og LO vil ikkje gi slepp på prinsippet om fortrinnsrett. Tekna meiner at det er viktig med ei opprydding i lovverket når det gjeld forholdet mellom Tenestemannslova og Arbeidsmiljølova. I Arbeidsmiljølova skal det svært gode grunnar til for at ein person kan vera mellombels tilsett i meir enn eitt år i same stilling. Me er ueinige med statsråden i at institusjonane vil klara å rydda opp i dette utan ei lovendring, seier Harg. 

Skader rekrutteringa

Etter Tekna-presidenten si meining går dette utover rekrutteringa til dei vitskaplege stillingane ved universiteta. 

– Mange av dei beste forskarane som arbeider der, vil forsvinna til andre arbeidsgjevarar fordi institusjonen ikkje kan gi dei eit klart svar på kor lenge dei vil ha jobb der, trur Harg. 

– I dag er situasjonen slik at ein forskar i gjennomsnitt er godt over 40 år når han eller ho får ei fast stilling. På den måten blir ikkje utdannings- og forskingsinstitusjonane attraktive arbeidsplassar, slår ho fast.

– På ville vegar

Ikkje uventa har NTL-leiar Ellen Dalen ved UiO liten sans for utspelet til Tekna-president Marianne Harg.

– Viss det dei her er opptatt av, er å støtta UiOs innspel til Kunnskapsdepartementet om at fireårsregelen er i strid med kvalifikasjonsprinsippet, meiner eg dei er på ville vegar, seier ho til Uniforum og kjem med eit varmt forsvar for denne paragrafen i Tenestemannslova.

– Poenget med Tenestemannslova er at faste oppgåver skal løysast med faste tilsette. Fireårsregelen sikrar dei som har jobba i fire år, like oppseiingsrettar som fast

tilsette. Det er med på å sikra ein fast plan over ein lenger periode for den enkelte tilsette, seier Dalen. Difor meiner ho det er ingen grunn til å fjerna denne regelen. 

– Logikken i fireårsregelen er at dersom ei verksemd har sett seg tent med å bruka ein tilsett og kompetansen til denne personen i fire heile år, er det rimeleg å tru at det framleis er bruk for personen. Arbeidsgjevaren har altså hatt fire år på seg til å vurdera om vedkomande er kompetent til å gjera dei oppgåvene dei har fått ansvaret for. Til samanlikning er ei vanleg prøvetid på 6 månader, viser ho til.

FASTE OPPGÅVER:– Poenget med Tenestemannslova er at faste oppgåver skal løysast med faste tilsette, understrekar NTL-leiar Ellen Dalen. (Arkivfoto: Ola Sæther)

 

– Garanterer ein ryddig prosess

NTL-leiaren meiner at arbeidsgjevar også i dag har høve til å seia opp tilsette dersom arbeidet fell bort.

– Men fireårsregelen garanterer ein ryddig prosess med ei sakleg grunngjeving. Me håpar det ikkje er denne retten Tekna vil fjerna, seier ho.

NTL-leiar Ellen Dalen ber statsråden om å slå ring rundt Tenestemannslova.

 – Me håpar ikkje Tora Aasland let arbeidsgjevaren sin manglande vilje til å fylgja Tenestemannslova, pressa henne til ei reforhandling og mogleg svekking av denne lova.

 

 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Forskningspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2011 15:25 - Sist endra 5. des. 2011 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere