Krev 300 millionar til rehabilitering

UiO krev at regjeringa løyver 100 millionar kroner i året til rehabilitering av bygningar frå 2013 til og med 2015. Det første året skal pengane brukast på Zoologisk museum og Geologisk museum på Tøyen.

OPPRUSTING: Universitetsstyret bed om pengar til rehabilitering av mellom anna Zoologisk museum på Tøyen.

Foto: Ola Sæther

Dette kjem fram i budsjettinnspelet for 2013, som Universitetsstyret vedtok i dag. Der blir kravet om rehabilitering av dei to museumsbygningane på Tøyen grunngjeve med at UiO ikkje sjølv lenger har høve til å forsera framdrifta når det gjeld finansieringa av desse prosjekta. Byggjekostnadene vil koma på 250 millionar kroner for Zoologisk museum og 200 millionar kroner for Geologisk museum.

Universitetsstyret meiner at det er behov for dette for å kunna få til ei naudsynt nytenking om nye utstillingar og tidsmessig drift av Naturhistorisk museum. Museet har dessutan behov for fleire magasin, men det blir i første omgang løyst ved å utvida leigeprosjektet for magasin på Økern, går det fram av innspelet frå UiO.

Universitetsstyret viser til at andre bygningar på UiO er blitt rehabiliterte for i alt  over 500 millionar kroner dei fire siste åra. Frå 2012 til 2014 skal fleire etasjar i høgblokkene på Blindern også byggjast om og rustast opp. Dette trengst det endå meir pengar til.

Vil ha startløyving til veksthus på Tøyen

Når det gjeld heilt nye byggjeprosjekt, så krev Universitetsstyret at regjeringa legg inn 30 millionar i revidert budsjett for 2012 i startløyving for nytt veksthus på Tøyen. Ei anna bøn som Universitetsstyret håpar regjeringa høyrer på, er at det blir sett av pengar til prosjektering av eit nytt anlegg for livsvitskap, farmasi og kjemi i Gaustadbekkdalen i 2013. Frå før er planlegginga av nytt kulturhistorisk museum godt i gang. Det same gjeld for det nye klinikkbygget til Det odontologiske fakultetet.

Regjeringa blir dessutan beden om å styrkja lærarutdanninga ved UiO. Det meiner Universitetsstyret kan gjerast om universitetet får tildelt 10,4 millionar til SV-masteren, universitetsskulane og PUPILS-modellen. Det sistnemnde prosjektet koplar opplæring på Universitetet i Oslo med opplæring på spesielt utvalde skular.

Gode forskingsresultat skal lønna seg

For heile universitets- og høgskulesektoren bed UiO om at regjeringa løyver 100 millionar kroner i året frå 2013 til 2015 til styrking av ordninga med frie forskingsmidlar. Desse pengane skal gå gjennom Forskingsrådet.

Universitetsstyret er overtydd om at potten som no er øyremerkt til ordninga med resultatbasert omfordeling (RBO), må aukast med 200 millionar kroner. I innspelet til regjeringa peikar UiO på at dette vil gi god effekt fordi desse pengane blir kanaliserte til dei institusjonane som leverer gode forskingsresultat.

Regjeringa sin lovnad om å løyva 100 millionar til fri grunnforsking mot at universiteta og høgskulane til saman løyver den same summen, vil gi ein samla sum på 200 millionar kroner ekstra til dette området det neste året.

Heller ikkje UiO har gitt opp kampen om å få regjeringa til å gjera om vedtaket om å leggja ned gåveforsterkingsordninga. Regjeringa blir difor oppmoda til å innføra ordninga på nytt frå 2012, med ein samla sum på 60 millionar kroner for heile universitets- og høgskulesektoren.

 

Emneord: Naturhistorisk museum, Museene, Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2011 15:54 - Sist endra 6. des. 2011 16:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere