Eksamenspengesluket skal bli mindre

Digitale eksamenar og mindre bruk av papir kan spara både tid og pengar for UiO. Det meiner Ingar Pettersen som leier prosjektet Internt handlingsrom.

EKSAMEN PÅ PC: – Digitale eksamenar vil spara både tid og pengar ved UiO, trur Ingar Pettersen som leier prosjektet Internt handlingsrom (IHR).

Foto: Ola Sæther

Kvart år tar 32 000 studentar til saman rundt 100 000 eksamenar ved Universitetet i Oslo. Kvar student tar i gjennomsnitt mellom 18 og 20 eksamenar før han eller ho får bachelorgraden. I den gamle cand.mag.-graden, som var eitt år lenger, ville ein student som tok graden på normert tid, vera oppe til eksamen frå seks til åtte gonger.

60 administrative årsverk

Prosjektet Internt handlingsrom har rekna ut at rundt 60 administrative årsverk går med til eksamensarbeidet, i tillegg til at ein stor del av arbeidstida til dei vitskaplege tilsette går med til førebuing av eksamen og retting av eksamensoppgåver. Det finst også store arbeidsbører knytte til å skaffa rom og eksamensvakter, går det fram i eit skriv frå prosjektet til Universitetsstyret. Styret handsama denne veka forslaget frå prosjektet Internt handlingsrom om å innføra eit pilotprosjekt med digitale eksamenar.

– Vil forenkla rutinane

Prosjektleiar Ingar Pettersen trur at det er mogleg å gjera avviklinga av eksamen både betre og enklare i framtida.

– Me trur det er mykje å henta gjennom å auka graden av digitalisering av eksamen, det vil seia at det vil bli gitt høve til bruk av PC under eksamen. Ei kartlegging av logistikken rundt skuleeksamen skal også setjast i gang, slik at me kan forenkla rutinane og redusera ressursbruken, fortel Pettersen.

I første omgang skal prosjektet innføra pilotprosjekt for dette ved Det utdanningsvitskaplege, Det samfunnsvitskaplege, Det medisinske og Det juridiske fakultetet. Dei skal i nært samarbeid med Studieavdelinga og USIT ha eit felles prosjekt for å finna ut korleis dette kan gjerast på ein best mogleg måte.

– Viktig å prøva seg fram

– For oss er det viktig at me prøver oss fram før me bestemmer at dette skal innførast over heile universitetet. Førebels er det vanskeleg å innføra digital eksamen på enkelte fag ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet fordi nokre formlar berre kan skrivast for hand. Me er likevel overtydde om at ein digital eksamen vil gi både nøgde studentar og nøgde tilsette, seier Pettersen.

– Framskunda styrehandsaminga

Arbeidsgruppa som fram til no har arbeidd med dei høgast prioriterte områda på studiesida: studentopptak og studentmobilitet, blei ferdig med oppgåvene sine før tida. Difor har dei kunna setja i gang arbeidet med å planleggja forenkling av eksamensformene ved årsskiftet 2011/2012

– Me måtte ha det opp i Universitetsstyret denne veka, slik at dei som skal delta i pilotprosjektet har høve til å leggja det inn i planane sine for neste år, opplyser Pettersen til Uniforum.

I sakspapira går det fram at det i dag finst mange forskjellige eksamensformer ved UiO, alt frå kliniske prøvar til heimeoppgåver og skriftlege skuleeksamenar. Det er mykje tid og ressursar å spara inn på sensurprosessen, inkludert grunngjevingar og klager, konstaterer dei som står bak prosjektet. Store mengder papir blir sende i sirkulasjon med vedlagde protokollar for signatur, kontroll og arkivering. Mange stader er dette svært omstendeleg og gir eit svært dårleg oversyn over kvar i løypa eksamensarbeidet ligg.

Skal arbeida nært med USIT

Dei fire fakulteta som skal delta i pilotprosjektet, vil innføra digital eksamen frå og med 2012.

– Me er også kome langt i arbeidet med å strukturera informasjonssystema ved UiO på ein betre måte. Dessutan ser me nærare på kven som skal ha systemeigarskapen til dei administrative IT-systema.

– Korleis er du nøgd med responsen frå Universitetsstyret?

– Eg synest dei viser stort engasjement og interesse for prosjektet Internt handlingsrom (IHR). Dei tar oppgåva si som styringsgruppe svært alvorleg, meiner Pettersen.  

– Vil vera opne

Han har registrert at det finst forskjellige oppfatningar om prosjektet på universitetet. Prosjektgruppa vil halda fram med å arrangera informasjonsmøte om IHR til alle som ber om det.

– For oss er det viktigaste å vera heilt opne om det me driv med. Og me vil svara på alle spørsmål me kan svara på og som me veit noko om. Det er viktig for at me skal kunna lykkast med dette prosjektet, trur Ingar Pettersen.

 I neste veke skal universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og han informera dei 50 kontorsjefane på UiO om arbeidet dei held på med.

Studentane krev PC på eksamen

Dermed ser det altså ut som om Universitetet i Oslo no vil koma studentane i møte ved å gå inn for å prøva ut digital eksamen.

Studentparlamentet i Oslo har tidlegare gått sterkt inn for å få bruka PC under eksamen. Leiaren for Studentparlamentet, Stian Skaalbones argumenterte i bloggen sin den 15. november for at det viktigaste var at dette ville koma studentane til gode. Han viser til at frå og med hausten 2012 vil det bli innført digital eksamen som norm for alle eksamenar i grunnskulen og den vidaregåande skulen i Noreg.

Difor meiner han at universiteta ikkje kan vera dårlegare. Skaalbones viser til at 70 000 studentar ved dei fire største universiteta i Noreg krev PC på eksamen.  

 

 

 

 

 

 

Emneord: IHR, Personalbehandling/politikk, Universitetspolitikk, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 8. des. 2011 15:50 - Sist endra 22. mars 2013 12:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere