Bioteknologi skal skapa verdiar

Bioteknologi skal brukast for å styrkja nasjonal verdiskaping, helse og ta vare på miljøet. Frå 2012 skal regjeringa investera 175 millionar kroner årleg på prosjekt innanfor bioteknologi, opplyste statsråd Tora Aasland før helga.

SAMSPEL: – Me skal framleis byggja kunnskap, men det må i større grad skje i eit samspel mellom forskingsmiljøa og næringslivet. På den måten kan bioteknologi bli meir brukt i heile landet, sa statsråd Tora Aasland.

Foto: Ola Sæther

Regjeringa sin plan for bioteknologi blei presentert av forskingsminister Tora Aasland fredag 9. desember.

– I framtida vil me satsa på bioteknologi som er retta inn mot helse, hav, landbruk og miljø. Nyskaping blir langt viktigare i denne målretta planen enn i tidlegare prioriteringar, sa statsråden.  

Vil bruka 175 millionar årleg

Og ein del av pengane er allereie løyvde. I statsbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa ei løyving på rundt 90 millionar kroner i ei strategisk satsing på bioteknologi, Biotek21-programmet gjennom Noregs forskingsråd. Det kjem også 35 millionar kroner til marin bioprospektering og delar av styrkinga av den opne konkurransearenaen for framifrå forsking som siktar inn mot bioteknologi, rundt 50 millionar kroner. Det blir til saman 175 millionar kroner.

Satsar på humane biobankar

Regjeringa vil også bruka 110 millionar i perioden 2012-2016 på humane biobankar og helsedata. Formålet er å støtta bioteknologisk forsking og utviklingsarbeid for betre helse og helsetenester.

På pressekonferansen understreka Tora Aasland svært sterkt at bioteknologi har potensial til å gi betre og meir treffsikre metodar både for førebygging og behandling for menneske og dyr. Ho såg dessutan føre seg at det kunna gi ein meir effektiv plante- og matproduksjon, men også meir miljø- og klimavennlege industri- og energiprosessar. Aasland tok utgangspunkt i at Noreg dei siste åra har satsa milliardar på bioteknologi gjennom det no avvikla FUGE-programmet.

Skal byggja kunnskap i samarbeid med næringslivet

– Me skal framleis byggja kunnskap, men det må i større grad skje i eit samspel mellom forskingsmiljøa og næringslivet. På den måten kan bioteknologi bli meir brukt i heile landet, sa Aasland.

Bioteknologi kan løysa store problem

Den store auken i folketal over heile verda frå sju til ni milliardar i løpet av 20-30 år, vil skapa ekstra stor etterspurnad etter vatn og mat, energi og helsetenester. Samtidig ventar ein at dei skal ha høgare levestandard enn det som dei fattige i verda har i dag.  

– Dette må løysast på ein berekraftig og miljøvennleg måte. Bioteknologien opnar mange nye utvegar for å møta desse utfordringane, og Noreg må delta og hjelpa til i den internasjonale kunnskapsutviklinga, synest Aasland.

Prioriterer hav, miljø, helse og landbruk

Saman med statsrådane for helse og omsorg, landbruk og mat, næring og handel, utvikling og miljøvern og fiskeri og kyst, har forskingsminister Tora Aasland blinka ut fire innsatsområde der bioteknologien kan bidra til å møte samfunnsutfordringar og der Noreg har nasjonale fortrinn:

  • Havbruk, sjømat og forvalting av det marine miljøet
  • Landbruksbasert mat og biomasseproduksjon
  • Miljøvennlege industrielle prosessar og produkt
  • Helse helsetenester og helserelaterte næringar

Mange fryktar at den raske utviklinga av bioteknologi skal få negative fylgjer. Aasland roar dei ned: – Me skal ikkje ta i bruk ny teknologi før me veit noko om konsekvensane, garanterer statsråden. Ho oppfordra også forskarane til å halda fram med den gode kontakten med fagfeller i andre land. – Det blir satsa mykje på dette teknologiområdet internasjonalt, og det er heilt sentralt for Noreg at me skaper internasjonale nettverk og hentar impulsar utanfrå, understrekar ho.

Universiteta i Oslo og Tromsø satsar mest

I den nasjonale strategien for bioteknologi går det fram at det er Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø som i dag satsar mest på dette fagfeltet. Også Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås og Veterinærinstituttet  blir nemnde mellom dei institusjonane som planlegg infrastruktur med tanke på utviklinga av bioteknologien. Samtidig blir det vist til at behova for infrastruktur for livsvitskapar på Universitetet i Oslo no også er til vurdering.

– Ikkje heilt gryteklart enno

Utgreiinga av alternative konsept er ferdig og skal no til ekstern kvalitetssikring.

– Senteret for livsvitskap, farmasi og kjemi i Gaustadbekkdalen er nok ikkje heilt gryteklart enno. Det må nok fleire rundar med utgreiingar til før me kan gi klarsignal, slo ho fast på direkte spørsmål frå Uniforum. Aasland ville også at universiteta og høgskulane skulle vera opne overfor næringslivet på dette fagområdet.

USA leier kappløpet

Internasjonalt er det USA som leier i kappløpet om å få mest mogleg ut av bioteknologisk forsking. I 2009 hadde USA 315 børsnoterte bioteknologiselskap med 112 000 tilsette. Selskapa omsette for til saman 62 milliardar dollar. I Europa var det på same tid 172 børsnoterte selskap med 49 000 tilsette.

Noreg har i dag åtte bioteknologiselskap på børs. Desse selskapa omsette for totalt 73 mill. euro. Dei ti danske selskapa hadde ei omsetning på 1,5 milliardar euro. I 2009 blei det i Noreg utført bioteknologisk forsking og utvikling for 2,9 milliardar kroner. Av alle dei 200 bioteknologiske selskapa i Noreg, er det berre ti prosent som har fleire enn 50 tilsette.

Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og SIVA samarbeider

Strategien for satsinga på bioteknologi skal gjennomførast  i eit nært samarbeid mellom Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og SIVA (Selskapet for industrivekst) . Det trur regjeringa er viktig for å sikra verkemiddel som treffer heile verdikjeda. Universiteta og høgskulane får ansvaret for å utdanna kompetent og etterspurt arbeidskraft innanfor bioteknologi.

– Etter fem år skal den nasjonale strategien for bioteknologi evaluerast. Først skal me byggja den nasjonale satsinga på bioteknologi stein for stein, sa Tora Aasland.

 

Emneord: Bioteknologi, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2011 00:01 - Sist endra 12. des. 2011 09:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere