Statsministerens hovudoppgåve på UB-utstilling

Jens Stoltenbergs hovudoppgåve i sosialøkonomi frå 1984 og ein kopi av den originale grunnlova frå Eidsvoll er to av dei tinga som blir viste fram når Universitetsbiblioteket i Oslo i dag markerer 200-årsjubileet med ei utstilling i Georg Sverdrups hus på Blindern.

I GODT SELSKAP; Jens Stoltenbergs hovudoppgåve i sosialøkonomi frå 1984 ligg i ein monter i godt selskap med Eilert Sundts verk.

Foto: Ola Sæther

”Kunnskapsbanken. Universitetsbiblioteket og forskningen 200 år” er tittelen på utstillinga som blir opna av prorektor Inga Bostad i Galleri Sverdrup klokka 13.00 i dag, fredag 11. november.  Akkurat samtidig blir det lansering av jubileumsboka ”Kunnskap- Samlinger-Mennesker: Universitetsbiblioteket og forskningen gjennom 200 år” . Redaktørane av boka, Signe Brandsæter og Svein Engelstad er også ansvarlege for jubileumsutstillinga saman med Museum for universitets- og vitskapshistorie.

Dei som gav bygningane namn

– Det er vanskeleg å få med heile den 200 år gamle historia til Universitetsbiblioteket gjennom ei slik utstilling. – Utan hjelpa frå Museum for universitets- og vitskapshistorie hadde me risikert at me hadde overkjørt dei besøkjande med informasjon. I fellesskap fann me til slutt ut at me kunne ta utgangspunkt i dei professorane som hadde fått bygningar kalla opp etter seg på Blindern og Ullevål. Då klarte me å dekkja alle fakulteta ved UiO, fortel seksjonssjef for Humsam-biblioteket, Svein Engelstad og fagreferent Signe Brandsæter.

Dei viser til at Georg Sverdrup representerer både Universitetsbiblioteket og dei humanistiske faga, sidan han var professor i klassisk filologi. – For å markera kor viktig han var i samtida, har me også tatt med ein kopi av den originale grunnlova med Georg Sverdrups underskrift. Han sat dessutan fleire år på Stortinget, minner dei oss om.

Dei trekkjer fram samfunnsforskaren Eilert Sundt som ein føregangsmann for fattigdomsforskinga innanfor dei samfunnsvitskaplege faga, samtidig som han avslutta yrkeskarrieren sin som prest, for det var cand.theol. han eigentleg var.  

– Fredrik Holst var den aller første som tok doktoravhandlinga si i Christiania, og han er ein god representant for medisin. Det interessante er at både Eilert Sundt og Fredrik Holst var generalistar. Eilert Sundt var opptatt av fattigdomen, måten folk levde på og dei reisande. Han dreiv mellom anna med demografiske studiar, antropologiske studiar, folkeminne og kulturhistorie. Fredrik Holst dreiv med kirurgi, farmakologi, kriminalomsorg og psykiatri, berre for å nemna nokre av fagfelta han. Slik var dei fleste av pionerane, seier Signe Brandsæter.  

– Vilhelm Bjerknes symboliserer dei matematisk-naturvitskaplege faga, fordi det nye Realfagsbiblioteket skal opna i bygningen som er kalla opp etter han rett etter nyttår. Det var grunnen til at me ikkje plukka ut Kristine Bonnevie, som lenge låg i finaleheatet, legg Brandsæther til. Dei har likevel funne plass til to andre kvinnelege professorane som har gitt namn til bygningar på Blindern.

– Det er jussprofessor og tidlegare rektor Lucy Smith og Helga Eng. Sistnemnde hadde ei doktoravhandling i psykologi, medan ho underviste i pedagogikk, så difor tilhøyrer ho begge desse faga, fortel Engelstad.  Alle signalbøkene til desse forskarane blir stilte ut på utstillinga. Derimot har dei gjort eit litt anna grep når det gjeld Lucy Smith.

Kjendisprofessoren

– Lucy Smith var på 1980-talet også ein del av populærkulturen fordi ho var dommar i NRK-programmet ”Kvitt eller dobbelt.” Difor var ho berømt mellom folk som ikkje hadde noka aning om at ho var jussprofessor ved Universitetet i Oslo. Dei som kjem hit, kan difor få sjå eit opptak av Lucy Smith i 1980-talsdrakt, som dommar i ”Kvitt eller dobbelt”. Det er eit bilete på korleis nokre forskarar også har markert seg utanfor akademia, fortel Brandsæther.

Signalbygningane til UB

Midt i utstillinga er det slått opp fire bøker med bilete av fire ulike bygningar.  

– Dette er signalbygningane våre. Den første bygningen er Hornemanngaarden i Kvadraturen, som var det aller første lokalet til Universitetsbiblioteket, den andre er Domus Bibliotheca på Karl Johan, den tredje er Universitetsbiblioteket på Solli plass, medan den fjerde er Georg Sverdrups hus, bygningen me står i no. Georg Sverdrups hus er den einaste som er planlagt og bygd med tanke på berre å gi plass til boksamlingane til humaniora og samfunnsfaga. No blir det kompensert gjennom at dei matematisk-naturvitskaplege samlingane kan flytta inn i Realfagsbiblioteket i Vilhelm Bjerknes’ hus i 2012, seier Engelstad.

I eit hjørne har dei også plassert dei fem nobelprisvinnarane frå Universitetet i Oslo, Fridtjof Nansen, Ragnar Frisch, Odd Hassel, Trygve Haavelmo, og Ivar Giæver.

– Ragnar Frisch er den einaste av dei som har gitt namn til eit av lokala til UiO, Ragnar Frischs auditorium på John Peter Collets plass, trekkjer han fram.

SIGNALBYGNINGAR; Seksjonssjef Svein Engelstad ved HumSam-biblioteket viser fram fire bøker med bilete av dei fire bygningane som Universitetsbiblioteket har halde til i gjennom dei 200 åra det har eksistert, 

Jens Stoltenbergs hovudoppgåve

Ein liten kuriositet som for første gong no er på utstilling, er altså Jens Stoltenbergs hovudoppgåve i sosialøkonomi frå 1984.

– Den er framleis rekna som den aller beste hovudoppgåva i sosialøkonomi, nemner Engelstad.  På utstillinga ligg den i ein glasmonter, så det blir ikkje mogleg å bla i den og lesa den. Det blir derimot mogleg med jubileumsboka.

– Den kan folk bla i og lesa i gjennom ein elektronisk berøringsskjerm, seier forfattarane Svein Engelstad og Signe Brandsæther.

Universitetsromanar

– Som ein liten del av utstillinga viser me også fram ein del bøker som tilhøyrer den vesle sjangeren Universitetsroman.  Der kan folk finna både Helene Uris ”De beste blant oss”, Henrik Langelands ”Francis Meyers lidenskap” og fleire romanar av Dag Solstad. Også UiO-forskaren Christian Refsum er på plass med romanen ”Ingen vitner for vitnet”,opplyser Brandsæther.

Den digitale revolusjonen

Begge ser det som svært vanskeleg å kunna fortelja ei 200 år lang historie gjennom ei utstilling og ei jubileumsboka. Svein Engelstad er trass i dette ikkje i tvil om kva som har vore den største endringa i historia til Universitetsbiblioteket.

– Det mest dramatiske som har skjedd er overgangen frå trykte bøker til digitale bøker. Arbeidet med å digitalisera gamle bøker er difor også svært viktig. For forskarane i humaniora treng heile tida tilgang til gamle bøker, sjølv om dei skriv nye ting. Dei må ha tilgang til dei gamle samlingane, og når dei er blitt digitaliserte, har UiO-forskarane tilgang til dei, uansett kvar dei er i verda.

– Så det er bruk for Universitetsbiblioteket også i internettalderen?

– Ja, absolutt. Framleis blir det gitt ut masse skrifteleg materiale. Og me tilbyd også kurs for masterstudentar- og ph-d.-kandidatar i søking i samlingane og kjeldeleiting på nettet. Og forskarane vil alltid ha bruk for både romanar og andre bøker på originalspråket. Dei har me, garanterer  Engelstad.

 

 

 

Emneord: UiOs 200-årsjubileum, Universitetsbiblioteket Av Martin Toft
Publisert 11. nov. 2011 00:09 - Sist endra 11. nov. 2011 00:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere