print logo

Kunstmuseum jaktar på ungdomskoden

Kan bruk av sosiale medium og høgteknologi gjera Edvard Munch kul blant tenåringar? Svaret håpar Nasjonalmuseet og forskarar frå InterMedia ved UiO å få gjennom eit nytt prosjekt.

KUULT! – Kuult! utbryt Katarina Friis-Olsen spontant då ho får sett eit bilete av seg sjølv der ho poserer på same måte som Edvard Munch i «Selvportrett».

Photo: Ola Sæther

17 år gamle Katarina Friis-Olsen frå Elvebakken videregående skole er den første tenåringen som får prøva ut det nye aktivitetsrommet «I Munchs verden» i Nasjonalgalleriet. Rommet har fire stasjonar med ulike inngangar for formidling, både digitale og analoge, til Munchs kunst og liv.

Stikkorda er: meg sjølv, min stad, mine uttrykk og mine venner. I rommet står det eit stort bord med berøringsskjerm og ei elektronisk ramme som viser eit sjølvportrett av kunstmålaren Edvard Munch.

Munch-portrett blir sjølvportrett

Forskar Palmyre Peyrroux, som er prosjektleiar for InterMedia, spør henne kva ho ynskjer å prøva først. – Det! seier Katarina Friis-Olsen medan ho peikar på den elektroniske ramma.

– Då må du stilla deg rett framfor ramma og fylgja instruksjonane, seier Peyrroux.

Så trykkjer tenåringen på berøringsskjermen og får instruks om å velja eitt av dei måleria til Edvard Munch som står i ein boks ved sida av, og hengja eitt av dei opp på ein krok på veggen. Ho vel eit sjølvportrett, og når det er hengt opp på veggen, kjem biletet opp på skjermen. 

Så kjem det ein kunstekspert som forklarar historia bak biletet og fortel kvar i museet ho kan finna sjølvportrett av andre kunstnarar.

Til sist blir ho beden om å stilla seg slik som Edvard Munch har stilt seg på sjølvportrettet, og knipsa av eit sjølvportrett av seg sjølv. Og brått er Edvard Munchs sjølvportrett skifta ut med eit portrett av henne.

– Kuult, utbryt Katarina Friis-Olsen spontant, før ho blir oppfordra til senda ei twitter-melding til vennene sine om dette.

– Morosamt!

Ho flyttar seg bort til bordet med berøringsskjerm. Der får ho beskjed om å plassera rekkjefylgja på forskjellige utkast av «Skrik». Stort sett løyser ho oppgåvene korrekt, og får skryt for det, både frå den innebygde datamaskina og av forskaren.  

– Dette var morosamt, seier Katarina Friis-Olsen, og lovar å koma tilbake. Helst saman med vennene sine.

– Eg skal i alle fall prøva, seier ho.

Observerer ungdom i galleriet

Det er altså Palmyre Peyrroux som leier forskingsprosjektet og er rettleiar for doktorstipendiat Rolf Steier som skal bruka prosjektet som grunnlag for doktoravhandlinga si.  

– Me inviterer til saman 60 skuleelevar hit inn i aktivitetsrommet. Dei får briller med innebygde kamera og mikrofon, og så gjer me opptak av kva dei legg merke til i måleria og korleis dei samtalar om måleria. Samtidig får me eit inntrykk av korleis teknologien kan gjera eit besøk i eit kunstmuseum meir interessant for unge personar, slik at dei kan invitera med seg venner utanom organiserte kunstbesøk i regi av skulen, seier Rolf Steier til Uniforum.

I åtte veker skal han gjera lyd- og filmopptak av dei unge gallerigjestene, før han skal analysera alt materialet og bruka det som grunnlag for doktoravhandlinga si.

– Vil formidla kunst til nye grupper

Palmyre Peyrroux er svært nøgd med at Nasjonalmuseet for kunst og arkitektur vil samarbeida med forskarane på InterMedia i det Forskingsrådsfinansierte prosjektet «CONTACT».

– Det er svært viktig for forskinga vår om læring og bruk av formidlingsteknologiar i museum. Samtidig kan begge partar læra noko om kva sosial samhandling har å seia i gallerirom, og utvikla nye måtar å formidla kunst til nye grupper på. Dette er eit viktig bidrag til museet si forskingsbaserte formidling, seier ho til Uniforum.

– Ynskjer å bruka digitale verktøy meir

Også prosjektleiar Anne Qvale i Nasjonalmuseet er glad for samarbeidet.

– For ungdommane blir dette ein heilt ny måte å læra om Edvard Munch på. No håpar me at dei blir så engasjerte at dei sender twitter- og epostmeldingar til vennene sine og ber dei om å koma hit også. Dette prosjektet blir svært viktig i formidlinga av dei utstillingane me skal ha i det framtidige museet som skal byggjast ved Vestbanen. Der ynskjer me å ta i bruk digitale verktøy i langt større grad enn det me kan i dag, og det kan me utvikla vidare gjennom dette prosjektet, trur Anne Qvale.

Både Palmyre Peyrroux og Anne Qvale trur andre kunstnarar også kan bli trendy hos ungdommar gjennom nye formidlingsformer.

– Heilt sikkert. Det er me ikkje i tvil om.

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Kunst, Det utdanningsvitenskapelige fakultet Av Martin Toft
Publisert 22. nov. 2011 09:37 - Sist endra 22. nov. 2011 10:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere