Hard lunsj med Black Debbath

Black metal-bandet Black Debbath fekk heile Georg Sverdrups hus til å rista, då dei fyrte opp el.gitarane sine og fekk demonstrert black metal for første gong på lunsj med kultur.

Heile foajeen i Georg Sverdrups hus såg ut som eit fuglefjell med folk, då Black Debbath stilte opp for å syngja black metal med norske tekstar i formiddag. Berre pianisten Leif Ove Andsnes og fiolinisten Arve Tellefsen har klart å trekkja like fullt hus til Lunsj med kultur tidlegare.

Repertoaret spente frå ei åtvaring mot skulpturpark i Ekebergskogen til ei nidvise om FAFO. Også bandmedlemane Lars Lønning, Egil Hegelberg, Ole Petter Andreassen og Aslag Guttormsgaard såg ut til å ha det gøy under showet.Og det kan bli meir black metal, lova koordinator for Lunsj med kultur, Gjøril Songvoll.

- Om nokre av dykk veit om liknande band som kan tenkja seg å stilla opp på Lunsj med kultur, må de berre ta kontakt med meg.

Emneord: Kultur Av Martin Toft
Publisert 9. nov. 2012 14:29 - Sist endret 9. nov. 2012 14:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere