Avduka Observatoriets arkitekt

Arkitekten bak den første universitetsbygningen, Christian H. Grosch (1801–1865) har fått ei eiga byste i inngangspartiet i Observatoriet.

KVINNA BAK GROSCH: Skulptør Merete Sejerstedt Bødtker i Observatoriet rett etter avdukinga av bysta ho har laga av Christian H. Grosch.

Foto: Ola Sæther

Bysta er laga av skulptør Merete Sejerstedt Bødtker, og den blei avduka av prorektor Inga Bostad fredag ettermiddag.

Sejersted Bødtker er også kjend for å ha laga ei byste av Halldis Moren Vesaas, som står i foajeen i Det Norske Teatret.

Arkitekt Christian H. Grosch står også bak dei tre universitetsbygningane på Karl Johan, men Observatoriet var den aller første universitetsbygningen han hadde hand om, då den stod ferdig i 1834. Den første bygningen han teikna i Oslo, var Børsen, som var ferdig i 1828.  

Bysten skal etter kvart få ei permanent plassering i Universitetshagen bak universitetsbygningane i sentrum.

 

 

Emneord: Observatoriet, Universitetshistorie, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2011 12:47 - Sist endra 21. nov. 2011 12:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere