Fekk ikkje stemma over telefon - Uniforum skadelidande

Ei dobbeltbooking kosta Uniforum 100 000 kroner på tysdagens møte i Universitetsstyret. Kristian Mollestad ville ha røysta for ei løyving for 2012 på 346 000 kroner, men kunne ikkje vere til stades ved avrøystinga. Dermed fall framlegget.

FORSTÅR IKKJE: – Når vi først gjev ei ekstraordinær løyving, forstår eg ikkje kvifor vi ikkje like godt kan løyve heile summen som trengst, seier medlem i Universitetsstyret, Kristian Mollestad.

Foto: Ola Sæther

– Eg var med på å arrangere eit seminar utanbys same dag som styremøtet, og kunne difor berre vere til stades fram til lunsj. Eg ba om at saka om løyvinga til Uniforum måtte kome opp før lunsj, og la fram for rektor og universitetsdirektøren at eg var innstilt på å løyve den summen som Uniforum treng for å få papiravisa tilbake. Likevel valde dei å la saka vente til etter lunsj. Ein kan jo lure på om leiinga innsåg at det ville bli fleirtal i styret for å løyve 346 000, i staden for universitetsdirektøren sitt framlegg om 250 000, dersom saka vart handsama tidlegare, seier styrerepresentant for dei teknisk-administrative tilsette, Kristian Mollestad.

Mollestad er hovudtillitsvald i Forskarforbundet og fortel at medlemmane i forbundet ønskjer Uniforum tilbake i papirutgåve. Sidan sommaren i år har Uniforum berre kome ut i nettutgåve, grunna manglande ressursar.

Ba om telefonrøysting

– Det viktige for meg i denne saka var at Uniforum fekk den summen dei treng til å gje ut papiravisa. Når vi først gjev ei ekstraordinær løyving, forstår eg ikkje kvifor vi ikkje like godt kan løyve heile summen som trengst. Då rektor spurde meg om mi meining, gav eg uttrykk for dette, og sa at eg ønskte å røyste over telefon om det var mogleg. Eg fekk ikkje noko løfte om det, men eg tykkjer det er beklageleg at ein ikkje tok omsyn til dette, og at rektor nytta si dobbeltrøyst til å sette universitetsdirektøren sitt framlegg igjennom. Eg forstår argumentet om at ein vil unngå presedens, men budsjettet til Uniforum er i utgangspunktet lite, og midlane vil kome inn under vanleg budsjettprosess for framtida.

Mollestad fortel at Forskarforbundet no arbeider med ulike idear til korleis ein kan skaffe dei midlane som trengst for at Uniforum kan kome tilbake i papirutgåve som før.

– Vi har ingen konkrete framlegg så langt, men medlemmane våre vil ha Uniforum tilbake på papir. NTL har også vore tydelege på det. Vi vil diskutere ulike moglegheiter oss imellom, og med dei andre fagforeiningane. Siste ord er ikkje sagt i denne saka, seier han.

Rektor Ole Petter Ottersen tykkjer det er synd at Mollestad ikkje ga beskjed tidlegare om at han skulle reisa bort, for då kunne vararepresentanten vorte innkalla.

– Det er vanleg kutyme for styrearbeid at dersom ein medlem ikkje kan vere til stades, skal vara innkallast. Vi har ikkje prosedyrar for å røyste via telefon eller på annan måte enn ved å vere til stades. Dei einskilde medlemmane har sjølvstendig ansvar for å sørgje for å gje beskjed slik at vara møter ved fråver. Slik er systemet. Det er klart at vi alltid ønskjer at vedtak blir fatta av eit fulltalig styre, seier han.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Uniforum nett no Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 19. okt. 2011 16:40 - Sist endra 20. okt. 2011 09:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere