Forskingsminister Tora Aasland la ikkje skjul på at ho var imponert over det nye informatikktempelet i Gaustadbekkdalen.
– Ole-Johan Dahls hus opnar store framtidsutsikter for både studentar og forskarar. Det ligg sentralt plassert mellom Kristen Nygaards hus og SINTEF MinLab. For meg er det fint å sjå resultatet av den endelege avgjerda frå 2005 om å setja i gang bygging av Ole Johan Dahls hus. Eg fekk aldri gleda av å møta Noregs første informatikkprofessor, Ole-Johan Dahl, men professorkollegaen hans, Kristen Nygaard, helsa eg på i fleire andre samanhengar. Han var jo svært samfunnsengasjert i viktige spørsmål, slo Aasland fast.
Så overrekte ho nøkkelen til Ole-Johan Dahls hus til rektor Ole Petter Ottersen, som heller ikkje var smålåten når det galdt å lovprisa Universitetet i Oslo sin nyaste bygning.
– UiO kunne hatt to ekstra Nobel-prisar
– Mange av oss er svært leie oss fordi det er så lenge sidan Alfred Nobel levde. Eg er viss på at om han hadde levd i dag, ville han også ha oppretta ein nobelpris i informatikk, og då ville UiO hatt to fleire nobelprisvinnarar enn me har i dag, nemleg til Ole-Johan Dahl og Kristen Nygaard. Og for dei som er opptatt av slikt, ville UiO då ha kome endå høgare opp på dei internasjonale rangeringslistene, sa Ottersen, halvt i spøk og halvt i alvor.
– Stort og framtidsretta
NØKKELSEREMONI: Statsråd Tora Aasland gir nøkkelen til Ole-Johan Dahls hus til rektor Ole Petter Ottersen. (Foto: Martin Toft)
Han viste til korleis forskingsmiljøet i informatikk var eit godt døme på korleis tverrfagleg forskingssamarbeid fungerer i praksis.
– Informatikkmiljøet samarbeider med medisin, musikkvitskap, matematikk og biologi og språkvitskap. I Bangladesh har informatikkmiljøet vårt eit forskingsprosjekt som nyttar høgteknologi, men som også syter for at dei lokale innbyggjarane får elektrisk straum. Dette viser korleis forsking kan hjelpa til med å gjera livet lettare for folk som bur i land i ein fattigare del av verda enn vår. Når de no har kome inn i eige hus, kan eg i alle falle seia ein ting.: Dette er stort og framtidsretta, meinte Ottersen.
Huset skal vera den viktigaste studiestaden for over 2000 informatikkstudentar. Men det blir også drive viktig forsking i bygningen. Ifylgje instituttleiar Morten Dæhlen vil det bli forska på alt som har å gjera med digitaliseringa av samfunnet.
– I kjøleskåp finst det data, i lomma di har du data, i bilen din og i huset ditt har du data, ja til og med i kroppen din har du data. Det hender jo at dette ikkje fungerer. Då er det vår oppgåve å finna ut kvifor, peika han på.
Etter talane tok han med seg forskingsminister Tora Aasland og andre gjester og viste dei rundt i den største og nyaste bygningen til Universitetet i Oslo.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere